Ida Hegazi Høyer debuterte med ein roman i 2012 og er omsett til mange språk.
Foto: Svein Finneide
Skjelve på hendene kan ein gjere på do
Det er kan hende ein trend i samtidslitteraturen å skildre menneske som hemningslaust tråkkar over sosiale og moralske grenser. Sjølv om også Ida Hegazi Høyer nyttar humor, er romanen hennar meir alvorstyngd enn for eksempel dei siste til Agnes Ravatn og Nina Lykke. Til gjengjeld rammar Kirurgen lesaren på eit meir eksistensielt plan og avslører fleire lag av både menneskesinnet og tidsånda.
Nina Lykke debuterte med ei novellesamling i 2010 og har hatt stor sukess med romanane ho har skrive etterpå.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Kosteleg lesing
Vi er ikke her for å ha det morsomt, heiter den mykje omtalte siste romanen til Nina Lykke, men her er det ikkje vanskeleg å more seg. Vi blir kasta ut i eit kalas av ein samfunnssatire, som er så presis og så overdriven at det er ein fryd å lese.
Agnes Ravatn har skrive fleire prislønte bøker etter debuten i 2007.
Foto: Agnete Brun
Løgnhalsar i sommarsol
Det er hevda at Noreg er landet der misunning og sjalusi er sterkare enn seksualdrifta. Desse brysame kjenslene er velkjende drivarar for dramatikk, både i røynda og i kunsten. Auka velstand gir nok stadig nye høve til svartsjuke. I Gjestene går det over styr for ein kommunalt tilsett rådgivar når ho og mannen låner ei luksushytte i skjergarden.
Romandebutanten Leander Djønne er biletkunstnar, lærar og gardbrukar frå Hardanger.
Foto: Baard Henriksen
Steinbra
Eg trur det er rett å seie at stein er hovudpersonen i denne debutromanen av Leander Djønne. Som i stein, berg, fjell, ur. I det første kapittelet blir fjellet personifisert, der det ikkje «bryr seg» om dei ofselege vindkasta, og der det heiter: «Steinen hadde aldri kjent seg framandgjord. Aldri tenkt på seg sjølv som noko anna.» Lesaren blir kasta med hovudet først inn i fjellveggen, på suggererande vis, i eit mytisk og dragande språk.
Matias Faldbakken er biletkunstnar i tillegg til forfattar.
Foto: Dan P. Neegaard
Brende barn søkjer eld
I ei innlandsbygd i Noreg ein gong på 1980-talet (kanskje, for tidsperioden er bevisst ikkje eksakt og heller flytande) møter vi to ungdomar. Det er ein gut og ei jente, av det slaget ein før i tida kalla «hittebarn», altså barn av ukjent og omsorgssviktande opphav som hamna nedst på den sosiale rangstigen. I ei blanding av godleik og nyttetenking blir dei tatt vare på av familien Blum, som eig og driv eit solid gardsbruk. Når det gjeld Oskar, var det vel helst nytteverdien som talde, han arbeider hardt som dreng på garden. Jenta – som ho etter kvart viser seg å vere – er av eit villare slag. Ho er eit «ulvebarn» eller «villbarn» utan språk eller sosialisering. Oskar finn henne i skogen.
Helga Flatland har skrive fleire bøker etter debuten i 2010 som gav henne Tarjei Vesaas’ debutantpris.
Foto: Agnete Brun
By og land
«Aa, kunde eg fara til Telemork, og liva ei Sumarstund! Der gror det Ryllik paa Stove-Tak, og Songar paa Folkemunn», skreiv Per Sivle. Mange fleire enn han har hatt nasjonalromantiske førestillingar om det tradisjonsrike området midt mellom austland og vestland. Etterklang er eit studium av kulturmøte mellom den urbane livsforma, der idealet er å kunne leve kor det skal vere så lenge det finst nettilgang, og miljø som er avgrensa av lange tradisjonar og djupe røter. Flatland har blikk også for dei svake sidene ved bygdelivet.
Bård Torgersen er musikar, forfattar og poet.
Foto: David B. Torch
Det indre og det ytre livet
I lengt etter noko fast og sikkert byrjar ein middelaldrande og namnlaus høgskulelærar å leita etter ein gud med liten g, og han meiner vegen dit går gjennom togn. Dette er ein del av grunnplottet i den nye romanen til Bård Torgersen, der lesaren ser hovudpersonen som eit menneske i ei eksistensiell, men uhandgripeleg krise. Han er litt som Bjørn Hansen hjå Dag Solstad, men også med element av Forrest Gump og Oskar Matzerath (Blikktrommen). Mest av alt er han likevel seg sjølv.
Øyvind Vågnes er forfattar, forskar, redaktør, omsetjar og musikkmeldar i Dag og Tid.
Foto: Helge Hansen (Montag)
Det menneskelege og det umenneskelege
Eg vert glad når eg finn ein norsk roman som tek meg ut i den vide verda. Ei reise flyttar oss ikkje berre til ein annan stad, men fjernar oss frå kvardagen og kan gje nyttige perspektiv på livet. I tillegg til reisa er samtalene sentrale i Ei verd utan hestar, og dei finn stad i Amerika, i Vietnam, i Paris, i Bergen og på Finse. Dei reisande er ofte på veg tilbake, dit det hende, og gjerne på leit etter identitet.
Kristian S. Hæggernes skriv innanfor mange sjangrar.
Foto: Eva Lene Gilje Østensen
Hytta og verda
Eit kriterium for eit godt liv er om ein har noko fint å sjå fram til. For ti år gamle Daniel i den nye romanen til Kristian S. Hæggernes er det turane ut til morfaren si hytte som representerer den største gleda, og særleg er det slik då romanen tek til, for endeleg er det sommarferie, og han kjem seg vekk frå skulen og dei sosiale prøvingane sameksistensen med andre har å by på. Dette vert ikkje sagt med reine ord, men går fram av tankane hans. For sjølv om Daniel i det meste er ein vanleg gut, er han nok eit par hakk gløggare og meir kjenslevar enn dei fleste.
Bøkene til Maja Lunde er omsette til 40 språk og har selt i meir enn fire millionar eksemplar.
Foto: Oda Berby
Det tapte paradiset
Med klima som overordna tema har Maja Lunde sidan 2015 levert fire omfangsrike romanar med handling frå ulike verdsdelar, dels historisk, dels i nær samtid, men også med liner fleire tiår fram i tid forbi neste hundreårsskifte. Romanane er bundne saman gjennom eit knippe sentrale personar som går igjen frå bok til bok. I den avsluttande Drømmen om et tre møter vi kinesiske Tao frå Bienes historie (2015) og fransk-norske Louise frå Blå (2017), mens Przewalskis hest (2019) blir observert på dei mongolske steppene når Tao i 2111 reiser heim til Kina etter ein mislukka ekspedisjon til Svalbard for å finne det globale frølageret frå 2008.