Det Norske Blåseensemble blir dirigert av Eivind Aadland.
Foto: Veronica van Groningen
Mest berre blås
Ein Beethoven-konsert og ein Haydn-symfoni omarbeidde for blåseensemble? Eg var spent på korleis dette læt. Men trompetisten Stian Aareskjold har lukkast med arrangementet av desse opphaveleg strykarbaserte verka, som har klår og luftig instrumentering. Det er driv over spelet til Det Norske Blåseensemble, og dirigenten Eivind Aadland handsamar kvar frase med grannsemd og finesse.
Den engelske barokkensemblet Ceruleo.
Foto: Jamie Wright
Blodfattig
Fransk musikk kom på moten i England etter «restaurasjonen», som gjeninnføringa av monarkiet i 1660 blir kalla, då Stuart-kongen Karl II vende heim frå eksil i Frankrike. Monarken hadde fått smaken på det franske, og ein av musikarane han hadde med seg heim over Kanalen, var gitaristen Francisque Corbette (1615–1681) – eller Francesco Corbetta, som norditalienaren eigentleg heitte før han kom til Paris og skapte seg eit namn som si tids fremste gitarvirtuos.
Den tsjekkiske komponisten Antonín Dvorák (1841–1904).
Innfallsrikt
«De vil vita kva eg gjer? Eg har hovudet fullt av idéar. Om ein berre kunne skriva ned alt på ein gong! Men kva skal ein gjera? Eg kan ikkje skriva snøggare enn handa tillèt. Det går raskare enn eg hadde venta, og melodiane kjem som flygande til meg.» Dette skreiv Antonín Dvořák i eit brev sommaren 1889, medan han arbeidde med Symfoni nr. 8 i G-dur, op. 88, på landstaden sin sør for Praha.
Franz Schubert (1797–1828). Utsnitt av eit måleri av Gábor Melegh frå 1827.
Jobbsøknaden
Det var få verk wienaren Franz Schubert bala lenger med enn Messe i Ass-dur, D 978. Han tok til med komponeringa i 1819, og i 1822 avslutta han arbeidet og fekk verket framført. Men han var openbert ikkje nøgd, for i 1825 fann han atter fram partituret og endra alt frå små detaljar til heile satsar.
Komponisten Johan Kvandal (1919–1999) fotografert i Hamburg i 1974.
Foto: Privat
Ny polyfoni
«Det kan i dag ikkje herska tvil om at framtida til musikken ligg i ein ny polyfoni, der ein freistar å ta vare på dei moglegheitene som fortida har avla.» Dette skreiv den 26 år gamle komponisten Johan Kvandal i artikkelen «Zukunftswege norwegischer Musik» – «Framtidsvegar til norsk musikk». Teksten, som sto på prent på tysk i Deutsche Monatshefte in Norwegen i mars 1945, tek opp nye tendensar i europeisk kunstmusikk og drøftar korleis norske komponistar skal reagera på dei. Framtida ligg, slik forfattaren ser det, i ein ny og strengare stil tufta på klassiske former og kontrapunkt, altså stykke der fleire sjølvstendige, lineært førte melodistemmer blir fletta saman til ein kompositorisk einskap. Estetikken Kvandal her skisserer, er neoklassisk. Han etterlyser ny objektivitet og klåre i kunstmusikken.
Utsnitt av «Dauden og jenta» (1517) av Hans Baldung Grien (ca. 1485–1545).
Dødsdans
Det er like redslefullt som det er erotisk: «Dauden og jenta», der den friske og fertile ungmøya (livet) blir forført av den personifiserte dauden, har sidan renessansen vore eit motiv i biletkunsten, litteraturen og musikken. Eit norsk døme er Edvard Munchs «Døden og livet». Austerrikaren Franz Schubert (1797–1828) freista seg på sujettet i 1817 med kunstsongen «Der Tod und das Mädchen», D. 531, der han toneset eit dikt av Matthias Claudius med same namn. Songmelodien tok han opp att sju år seinare, i andresatsen til Strykekvartett nr. 14 i d-moll, D. 810.
Domkyrkja i Salzburg, der Mozarts «kroningsmesse» blei urframført.
Foto: Martin Toedtling
Triller og tiradar
Chor des Bayerischen Rundfunks; Akademie für Alte Musik Berlin; dir.: Howard Arman. BR Klassisk 2023
Mezzosopranen Eva Zaïcik syng Vivaldis Nisi Dominus.
Foto: Victor Toussaint
Intens affekt
Spor 18 frå Le Poème Harmoniques album vil somme dra kjensel på, sidan musikken er brukt i spelefilmar og dokumentarseriar: fjerdesatsen «Cum dederit» frå Nisi Dominus av Antonio Vivaldi (1678–1741). Denne motteten over Bibelens 127. salme byrjar med setninga: «Dersom Herren ikkje byggjer huset, arbeider bygningsmennene til fånyttes.» I Tyskland har eg ofte sett salmen som portalinnskrift på gamle hus, skriven på alderdommeleg Luther-tysk, og i si latinske form er han mellom dei oftast tonesette salmane. Vivaldis versjon, komponert i Venezia i 1716, er mest kjend. Teknisk og musikalsk er dette hans mest ambisiøse solomotett.
Den tyske kontratenoren Franz Witzthum.
Foto: Maria Davidoff
Til rett tid
Omgrepet ars moriendi tyder «kunsten å døy». Det går attende til ei seinmellomaldersk form for oppbyggingslitteratur, som tematiserer den kristelege førebuinga til den «gode» måten å døy på, altså den «gode døden» til rett tid. Omgrepet får meg til å tenkja på ein tekststad i Andre Kongebok som fleire barokkomponistar har tonesett, nemleg der Jesaja vitjar kong Hiskia på sottesenga og uttalar: «Så seier Herren: Få orden på ditt hus, for du skal døy og ikkje leva lenger.»
Galileo Galilei (1564–1642). Utsnitt frå måleri av Justus Sustermans frå 1636.
Galileos lutt
Pisanaren Galileo Galilei levde i ei brytingstid, i eit akademisk og kunstnarleg miljø som resulterte i det vitskaplege paradigmeskiftet som framleis pregar verdssynet vårt. Som fysikar ytte han viktige tilskot til rørslelæra, og han var ein pioner i bruken av teleskop i astronomien. Han propaganderte Nicolaus Copernicus’ lære om sola som sentrum for jordrørsla. Dette likte inkvisisjonen dårleg – seremoniell avsverjing av det kopernikanske verdsbiletet og livsvarig fengsel blei resultatet.