JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Underleg eksaltert

Ferruccio Busoni avsluttar klaver­konserten sin med ei hylling av Allah.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den italiensk-tyske komponisten og klavervirtuosen Ferruccio Busoni (1866–1924).

Foto: Library of Congress

2943
20240516
2943
20240516

CD

Ferruccio Busoni:

Konzert für Klavier und Orchester

David Lively, klaver; SWR Sinfonieorchester Baden-Baden; dir.: Michael Gielen. SWR 1990/2024

Det er brei semje om at Ferruccio Busoni var ein av dei største konsertpianistane i musikkhistoria. Om han òg var ein stor komponist, er meir omdiskutert. Som person var han det engelskmennene kallar larger-than-life, for han var òg dirigent, diktar, musikkteoretikar og forlagsmann.

Sju år gamal debuterte han som komponist og pianist i Trieste, og som niåring byrja han på konservatoriet i Wien. I slutten av tenåra blei han konservatoriumslærar i Helsingfors. Seinare hadde han tilsvarande stillingar i Moskva og Boston før han slo seg ned for godt i Berlin.

Det hektiske livet gjekk på helsa laus. Det gjorde også appetitten hans på gode vinar og sigarar. Fullstendig utmødd døydde han berre 58 år gamal – for nøyaktig 100 år sidan.

Mest uspeleleg

I 1904 komponerte han ein av dei lengste og pianistisk mest krevjande klaverkonsertane i musikksoga: Konsert for klaver, orkester og seksstemmig mannskor i C-dur, opus 39, som har fem satsar og varer i godt over éin time. I samband med 100-årsmarkeringa gjev det sørvesttyske kringkastingsorkesteret no ut eit opptak frå 1990 med den amerikansk-franske pianisten David Lively som solist.

Livelys tolking er eit imponerande krafttak. Klaverstemma har ry på seg for å vera mest uspeleleg, for med feite akkordar og kaskadar av snøgge notar gjennom heile registeret må solisten hevda seg mot det fulltonande symfoniorkesteret. Men sjølv i fortissimo-partia – og dei er der mange av – er Livelys klang nyansert, og artikulasjonen klår.

Livskraft

Meir problematisk er sjølve verket. Ein ting er lengda, ein annan ting forma, som er ei uformeleg blanding av solokonsert, symfoni og korverk. Tilhøvet mellom klaver og orkester er òg underleg, for dei talar støtt i munnen på kvarandre, tilsynelatande utan å lytta eller ta omsyn til kva motparten har å seia.

Fascinerande er den veldige livskrafta og fridomskjensla som verket utstrålar. Det heile verkar likevel snart for eksaltert; energiutladinga kjem for tidleg, og etter kvart misser musikken sin indre motstand. Fjerdesatsen («All’italiana. Tarantella») er isolert sett mest vellukka. Komponisten leikar seg her med musikalske sitat frå Mendelssohns «Italienske symfoni», noko som er typisk for den eklektiske stilen hans.

Koret kjem ikkje før i finalesatsen «Cantico», som har tekst frå versedramaet Aladdin av den danske nasjonaldiktaren Adam Oehlenschläger (i tysk omsetjing). Me kan slå fast at Busoni her har gjeve oss den einaste klassiske klaverkonserten som endar med ei lovprising av profeten til muslimane: «Lyft dykkar hjarto opp til den evige makt/ føl dykk Allah nær, sjå hans bragd!»

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikk­meldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Ei kvinne får hpv-vaksine.

Foto: Heiko Junge / NTB

Kommentar

Skam i eit sprøytestikk

Dersom regjeringa verkeleg bryr seg om kvinnehelse, kan dei starte med å gje norske barn den beste HPV-vaksinen.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

Ord om språkKunnskap
Kristin Fridtun

«Rørslene me skildrar som vipping, er gjerne større og kjem mindre tett enn dei me omtalar som vibrering.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Det blei teater av Brynjulf Jung Tjønns sterke og prislønte diktsamling.

Foto: Den Nationale Scene

Meldingar

Sterkt og poetisk om etnisk utanforskap

Ei enkel, framifrå framsyning om vondskapen som synest å ha bite seg fast i oss.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis