Fri som fuglen
Telemanns franske kantateårgang er fantasifullt instrumentert.
Georg Philipp Telemann (1681–1767). Utsnitt av koparstikk frå kring 1745.
CD
Georg Philipp Telemann:
Französischer Jahrgang 1714/1715 Vol. 2
Gutenberg Soloists; Neumeyer Consort; dir.: Felix Koch. CPO 2022
CD
Georg Philipp Telemann:
Französischer Jahrgang 1714/1715 Vol. 3
Gutenberg Soloists; Neumeyer Consort; dir.: Felix Koch. CPO 2024
Det er eit mammutprosjekt, det vokalensemblet Gutenberg Soloists og orkesteret Neumeyer Consort no er i gang med. Dei spelar inn alle dei 72 verka i Telemanns «franske kantateårgang», som er eit fullstendig sett kyrkjemusikk med stor besetning mynta på alle sundagane og helgedagane i kyrkjeåret 1714–1715 (kyrkjeåret byrjar fyrste sundagen i advent). Telemann komponerte heile 20 slike kantateårgangar. Kring 1400 kantatar er bevarte, men truleg laga han over 1700.
Mange av kantateårgangane har skildrande namn. Grunnen til at denne blir kalla fransk, er at Telemann i alle kantatane nyttar stiltrekk frå fransk musikk: franske ornament, franske danserytmar, franske blåseinstrument, songlege resitativ som nesten kling som ariar, og prektige, danseaktige korsatsar av typen hans samtidige kjende frå fransk opera. Orkesteret er også større enn vanleg, med éi ekstra bratsjstemme, slik skikken var i Frankrike. Dette gjev fyldigare strykarklang med større vekt på mellomstemmene.
Unge songsolistar
Alle albuma i serien er dobbeltalbum. Volum 2 kom i forfjor, og no i april blei volum 3 sleppt. Neumeyer Consort byr på framifrå orkesterspel og instrumentalsolistar; treblåsarane er spesielt dyktige. Karakteristisk for Gutenberg Soloists (koret har tolv songarar, som også syng ariane og resitativa) er at her er mest berre pur unge songarar.
Dirigenten Felix Koch har tydelegvis gjort eit poeng av at alle skal få prøva seg som songsolistar, og difor er det stor klangleg avveksling. Teknisk lyt det seiast at solistprestasjonane er noko varierande. Hjå somme merkar ein at dei er ferske i faget, men dei fleste gjer det godt, og alle har frisk og ungdommeleg røyst.
Fuglekvitter
Rik avveksling byr også komposisjonane på, som minner meir om J.S. Bachs kyrkjekantatar enn noko anna eg har høyrt av Telemann. Instrumenteringa er fantasifullt og intelligent tilpassa songtekstane, som er poetiske omdiktingar av bibeltekstar.
Spesielt bit eg meg merke i kantaten Weichet fort aus meiner Seele (Vik bort frå sjela mi), nærare bestemt satsen «Hier fliegen Vögel hin» (Hit flyr det fuglar, vol. 3, CD 1, spor 3). Sopranen syng her ein enkel og roleg melodi, med eit like enkelt bassakkompagnement. Det spesielle er dei to blokkfløytene som kvitrar vilt i høgste register – eit fuglekvitter som kling meir som natur enn kultur, for rytmane krasjar med kvarandre og melodiane er eigentleg ganske kaotiske. Med dette er det som om komponisten vil seia oss: Mennesket syng etter reglar. Men fuglande, dei treng ikkje halda seg til nokon menneskeskapt regel.
Sjur Haga Bringeland
Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.
Foto via Wikimedia Commons
Monumental pedal
Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.
Trålar utanfor Måløy sentrum.
Foto: Gorm Kallestad / NTB
Barents blues, også et flytende samfunn
Min tiårige til-og-fra-periode i den tøffe trålbobla har preget meg nokså sterkt.
Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.
Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB
Overgrep som skakar folkeretten
Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.
Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.
Foto: Erik Johansen / NTB
Meir om seinfølgjer
Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.
Salman Rushdie har skrive 15 romanar. Den siste boka handlar om knivåtaket på han i 2022.
Foto: Rachel Eliza Griffiths
Ein takk til livet
Salman Rushdie nyttar språket som terapi.