JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

MusikkMeldingar

Samkøyrd troika

Mischa Maisky hadde ikkje sin beste dag, men godt samspel redda konserten i Håkonshallen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Cellisten Mischa Maisky med borna Sasha og Lily i Håkonshallen.

Foto: Synne Sofi Bårdsdatter Bønes

2798
20240607
2798
20240607

Festspelkonsert

Rakhmaninov, Sjostakovitsj, Schumann, Brahms:

Kammermusikk

Maisky Trio

Håkonshallen, fredag 24. mai

Mischa Maisky er ein av vår tids mest kjende cellistar. Sceneoppsynet er flamboyant – og ganske utstudert, for med nedknept skjorte og glimande smykke likar han å kasta på den veldige manken i dei snøgge satsane. Han kallar seg verdsborgar, for «celloen min er italiensk, strengene tyske og bogen fransk».

Livet hans har då òg vore uvanleg internasjonalt og omskifteleg. Han blei fødd i Riga av ukrainske foreldre i 1948, og i Moskva studerte han lenge under 1900-talets største cellist, Mstislav Rostropovitsj. Kjøpet av ein kassettspelar på svartebørsen i 1970 resulterte i to år i sovjetisk arbeidsleir. Etterpå fekk han israelsk statsborgarskap, og i dag bur han, av alle stader, i Waterloo.

Familiekonsert

Det var altså ei legende publikum fekk oppleva i Håkonshallen, sjølv om dette ikkje var hans beste dag på podiet. Med sonen Sascha på fiolin og dottera Lily på klaver utgjer han Maisky Trio, eit samspelt ensemble som opna med Trio élégiaque nr. 1 i g-moll av Sergej Rakhmaninov (1873–1943). Dei svulmande melodiane og den tonerike klaverparten i dette ungdomsverket peikar fram mot dei meir kjende klaverkonsertane hans.

Mischa Maisky framførte også nokre songar av Robert Schumann (1810–1856), omarbeidde for cello og klaver. Desse fungerte berre delvis. Cellisten brydde seg ikkje om den naturlege fraseringa i songstemma, frasane blei difor uformelege og klangen for massiv i høve til klaveret. Meir stringens hadde tolkinga av Johannes Brahms’ (1833–1897) Klavertrio nr. 3 i c-moll, op 101.

Sure overtonar

Sjølv om Dmitrij Sjostakovitsjs (1906–1975) Klavertrio nr. 2 i e-moll, op. 67, var stykket der Mischa Maisky sleit mest teknisk, blei dette ståande som høgdepunktet under konserten musikalsk sett. Det grunnsolid komponerte og emosjonelt opprivande stykket frå 1944 byrjar ukonvensjonelt, med eit langt soloparti der celloen spelar flageolettar (lydsvake overtonar). Denne opninga blei ei absurd oppleving, for intonasjonen var heilt på viddene, og nokre flageolettar blei heilt kvelte. Men den gamle meisteren heldt maska og spelte i veg med vand gestus – noko anna kunne han jo ikkje gjera – fram til borna kom til med sine melodiar i ein trestemmig kanon.

Dei to presterte utmerkt, og farens spel friskna også snart til. Den burleske andresatsen «Allegro con brio» var ein samspelsmessig kraftprestasjon; ein merka at musikarane tenkte likt, anda likt og følte likt. Å vera vitne til denne type musikantisk vekselverknad var det som redda kvelden.

Sjur Haga Bringeland

Sjur Haga Bringeland er musikar, musikkvitar og fast musikkmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis