Politisk idéhistorie
Tese 20
Mímir er ein postmaoistisk venstrepopulist med lengt etter Gerhardsen.

Mímir Kristjánsson er ein storveges, frekk opposisjonspolitikar. Ikkje sidan Finn Gustavsen har venstrepopulistane hatt ein politikar av tilsvarande retorisk format. Som Gustavsen er Mímir journalisten som har vorte politikaren som skriv like raskt som han snakkar.
I oppgjeret med det nyliberale i sommarpamfletten Gjør Norge greit igjen legg ikkje Mímir skjul på den populistiske Trump-inspirasjonen sin. Men Trump og Musks variant, «et fordekt milliardæropprør», må møtast med «en virkelig populisme». «Den gode nyheten er at vi har gjort det før»: Arbeidarpartistaten heiter det populistiske fyrtårnet.
Mímir, den glade revisjonisten, vende ryggen til Mao som leiar av Raud Ungdom i 2006; no er tida inne for «en sosialdemokratisk kontrarevolusjon»: inn med Tranmæl og Gerhardsen. Men den politiske fornufta skal framleis vere samla på éin stad – rett nok ikkje lenger hos Lenins fortropp, men i stortingssalen: «All makt skal ligge i stortingssalen, vi skal ikke tilbake til embetsmannsstaten», heiter det i den avsluttande tese 10 i pamfletten.
Mímir vil atterreise «det sosialdemokratiske styringssystemet», som vi veit hadde eit sterkt teknokratisk innslag frå embetsverket; Erik Brofoss og Karl Evang kan nemnast. Finansminister Brofoss, som ifølgje Gerhardsen «drev verket» også som sentralbanksjef, doserte om det nye sosialøkonomiske pensumet i Stortinget som var det ein slags folkehøgskule. Om helsedirektør Evang, velferdsstatens strategiske embetsmann, heitte det i Aps stortingsgruppe: «Helsepolitikken tar Karl seg av.»
«Teknokrati» er berre nemnt eit par stader i pamfletten – som det motsette av demokrati. Stortinget var ikkje akkurat sentrum i arbeidarpartistaten. For å seie det med Jens Arup Seip, Mímirs historiske føringsoffiser: «Stortinget har vært i politisk eksil mellom Elverum og Kings Bay.»
Den ideologiske tradisjonen som Mímir har vakse ut av, har hatt sviktande forståing for at retten skal kunne leggje band på maktutøvinga. På dette punktet syner postmaoistane ein forunderleg, vedvarande læringsresistens. «Maktfordeling», kjernen i det rettsliberale demokratiet, er for populistar som Trump og Orbán ein uting. Heller ikkje i Mímirs sommarpamflett finst ordet «maktfordeling».
Også fyrtårnet arbeidarpartistaten sleit med det rettsliberale. Det høyrer med, også det, om ein vil forstå den nyliberale vendinga på 1980-talet, då Mímir kom til verda.
Les meir:
-
Populistiske variasjonar
Venstrepopulismen har lukka augo for at det har vakse fram ein ny kunnskapselite. Den tradisjonelle arbeidarklassa, og politikarar utan universitetsgrad, har vorte marginaliserte.
-
Tese 23
Hannah Arendt var ein skarp kritikar av Trumps undergraving av demokratiet.
-
Tese 22
Netanyahu er ein av Carl Schmitts disiplar.
-
Mímirs halverte nyliberalisme
-
Mottese til Slagstad
Det er eit brot med den norske parlamentariske tradisjonen når Stortinget vert tappa for makt og myndigheit, skriv Mímir Kristjánsson.
-
Tese 21
Kvinnekampen vann fram gjennom den patriarkalske formyndarstaten.
-
Tese 19
Norsk utdanningspolitikk er styrt av OECD.
-
Tese 18
Døropnaren til det norske fjellandskapet var dansk.
-
Tese 17
Elster er Schweigaards fråfalne son.
-
Tese 16
Jotunheimen er ein sakralisert nasjonalheilagdom.