Idépolitikk
Mímirs halverte nyliberalisme
Som svar på Rune Slagstads tese «Mímir er ein postmaoistisk venstrepopulist med lengt etter Gerhardsen» lanserte Mímir Kristjánsson ein mottese).
Foto: Heiko Junge / NTB
Mímir Kristjánsson er ein mann med låge skuldrer, generøst imøtekomande overfor kritikarane, iallfall nokre av dei. Dei kritiske merknadene eg har til pamfletten Gjør Norge greit igjen («Mímir er ein postmaoistisk venstrepopulist med lengt etter Gerhardsen», Dag og Tid, 7. august), aksepterer han med nokre få presiseringar – knippet av «merkelappar lever eg godt med» (15. august).
Pamfletten vil vere leseverdig også for dei parlamentariske kollegaene til forfattaren. Om ikkje anna skulle han kunne gje nokon kvar ei aning av korleis ein politikar kan ordleggje seg utan kommunikasjonskommunikative støttekontaktar.
Mímir har valt saksområde han meiner tek for seg «overgangen frå ein sosialdemokratisk styringsmodell i etterkrigstida til det nyliberale samfunnet Noreg er på veg mot». Det inneber ikkje at andre saker i og for seg er uviktige, eller mindre viktige, men «bare at disse sakene er dem jeg anser som best egnet til å beskrive den samfunnsutviklingen denne boka handler om».
Det rettkomne og tidsmessige oppgjeret med den nyliberale vendinga har likevel ei interessant blindsone: Den nyliberale vendinga vert skildra einsidig som ei marknadsøkonomisk vending, illustrert ved åra 1979 og 1989. Det fyrste året viser til den konservative britiske statsministeren Margaret Thatcher som, som den fyrste i Europa, sette i verk eit nyliberalt dereguleringsprogram, straks etterfølgd av Ronald Reagan som amerikansk president. 1989 markerer Berlinmurens fall og det kommunistiske samanbrotet med ein grenselaus, marknadskapitalistisk ekspansjon.
«Den nyliberale revolusjonen jeg forsøker å skildre, har pågått i flere tiår, under skiftende regjeringer», skriv Mímir. Gro Harlem Brundtland heldt fram der Kåre Willoch slapp; ho var ein «avart av ham i form av den moderniserte sosialdemokraten»: «Plutselig var det markedsliberalismen som seiret, både i Norge og i verdensmålestokk.»
Her vert analysen eindimensjonal. Brundtland var ein sosialdemokratisert marknadskapitalist, men ikkje berre det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.