Kommentar

Bensinkrise tatt på sparket

Utsikter til nokre hundrelappar i ekstra bensinutgifter kvar månad. Det er definisjonen på «krise» i Noreg.

  

Oslo 20260323. Bensinstasjonen St1 Bjølsen med dieselpriser på 28,94 kroner og bensin på 26,08.Foto: Terje Pedersen / NTB
Publisert Sist oppdatert

Er du skeptisk til billegare bensin, seier du? Skjønar du ikkje at det er «krise» for folk flest og næringslivet i landet vårt? Og det skjer akkurat no? Staten har 20.000 milliardar kroner i Oljefondet, og du vil ikkje bruka nokre få av dei i avgiftslette? Skam deg!

Argumenta mot billegare bensin her og no er lange, abstrakte og tekniske. Den som vågar seg på slikt, vil fort verta stempla som kjenslelaus og motstandar av næringslivet, arbeidsplassane og folk flest. Det synest meir hjartelag å argumentera for billegare drivstoff.

Feiar bort Ap

Stortinget vil i alle fall ikkje stå på feil side i møtet med folket. Krigen i Iran har ført til at prisane på drivstoff har stige. Dei la seg på rundt 30 kroner per liter på det høgaste. 

Stortinget reagerte momentant. I rekordfart vart regjeringspartiet feia av banen. Fleirtalet vedtok 4,41 kroner per liter i avgiftslette for bensin og 2,85 kroner per liter for diesel, inkludert moms, og gyldig i fem månader frå 1. april. 

CO2-avgifta på fiske og fangst i fjerne og nære farvatn vert kutta til null like lenge. Ifylgje finansministeren blir dei samla inntektene til staten reduserte med 6,7 milliardar kroner

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement