Politisk idéhistorie
Tese 18
Døropnaren til det norske fjellandskapet var dansk.
Johannes Flintoe: «Bjønnestigvarden, Aurland».
Nasjonalmuseet
Etter at romantikken vende seg frå sør mot nord, gjekk dei kunstnarlege danningsreisene ikkje lenger berre til antikkens klassiske heilagdomar i sør. Europeisk kultur hadde ifølgje den tyske romantikaren Johann Gottfried Herder også ein nordleg pol og peikte mot fjellkatedralane i nord.
I tråd med Herder hadde slottsarkitekten H.D.F. Linstow i 1820 lansert eit program for kunsten i Norden: Her ville kunsten «antage en anden Charakter end Italiens, men dog være sand Kunst, ja endog kun ved at bevare denne eiendommelige Charakter være ægte Kunst».
Paradoksalt nok var det ein danske, Johannes Flintoe, som opna dei kunstnarlege auga for det norske fjellandskapet. Flintoe var ein københavnar som kom til Noreg i 1810 «for at tilbagevinde Helbreden», som han skreiv i ei sjølvbiografisk skisse, då «jeg formedelst Gigt eller rheumatiske og nervøse Anfald ikke var Herre over enhver Deel af min Tid». Han hadde høyrt så mykje tale om Christianias «sunde Luft» (faren var fødd i Hurum). Flintoe hadde fått permisjon frå det kongelege «Livjægerkorps» for «at reise indenlands paa ubestemt Tid» – frå dansk synsstad var Noreg på den tida «indenlands».
Flintoe vart etter kort tid dregen inn i det kunstinteresserte miljøet rundt Krigsskulen i Christiania. Ei rekkje noregsreiser førte han på kryss og tvers i Sør-Noreg: til Hallingdal, Sogn, Telemark, Hardanger, Valdres og Trøndelag – også delvis inn i nye fjellandskap. Den fyrste reisa hans innover i landet sommaren 1819 gjekk vestover fjellet til Munthe-garden i Ytre Kroken i Sogn. Flintoes prospekt (i gouache) «Bjønnstigvarden, Aurland» (1820) er frå denne fyrste reisa og etablerte Flintoe som den norske naturens «første tolker» (Jens Thiis).
Før I.C. Dahl i 1826 la ut på den fyrste av dei fem noregsreisene sine – Dahl hadde sidan 1818 halde til i Dresden – var det Flintoe som gav han rettleiing om rutevalet. Flintoe vart for mange, også Hans Fredrik Gude, høgfjellets målar framfor nokon, ein inngangsport til fjella. Før dei gav seg ut i det norske landskapet, fekk dei gjerne ei innføring i norsk natur hos Flintoe, mellom anna gjennom dei landskapsprospekta han hadde hengande i atelieret sitt.
Johannes Flintoe vart verande i Christiania i 40 år, men utan nokon gong eigentleg «at tilbagevinde Helbreden». I 1851 vende Flintoe tilbake til København, bitter og skuffa over nordmennene, og der vart han verande til han døydde i 1870.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.