Politisk idéhistorie

Tese 22

Netanyahu er ein av Carl Schmitts disiplar.

Carl Schmitt, høgrepopulismens kanskje fremste ideolog.

Eva Illouz er ein marokkansk-jødisk sosiolog ved det hebraiske universitetet i Jerusalem. Omdreiingspunktet i dei to siste bøkene hennar – Undemokratische Emotionen (2023) og Explosive Moderne (2024) – er kva plass kjensler har i demokratiet. Særleg den fyrste, som har undertittelen «Eksempelet Israel», grip rett inn i den aktuelle debatten om populisme.

Illouz følgjer i spora til den jødiske filosofen Theodor W. Adorno, som var ansvarleg for den banebrytande studien The Authoritarian Personality (1950). Adorno såg ikkje på fascismen som ei tilfeldig arbeidsulykke. Fascismen følgjer demokratiet som ein skugge; som makk i eplet får han demokratiet nærast umerkeleg til å ròtne opp innanfrå. For Illouz er Israel under statsminister Netanyahu eit aktuelt døme.

Ifølgje Illouz byggjer høgrepopulistisk politikk på ei blanding av fire ulike kjensler: frykt, avsky, forbitring og autoritær fedrelandskjærleik. Og med erfaringane frå holocaust er frykt den grunnleggjande kjensla som gjennomsyrar det israelske samfunnet.

Som det einaste formelt sett liberaldemokratiske landet i Midtausten, omkransa på alle kantar av fiendar som ønskjer det utsletta frå jordoverflata, kan vi kalle Israel eit tryggleiksdemokrati. Det illustrerer ifølgje Illouz det Carl Schmitt meiner er ei realistisk framstilling av politikkens vesen løyst frå rettsleg-normative band: ein eksistensiell kamp på liv og død mellom ven og fiende, med fysisk utsletting som mogleg utfall.

Frykta er ein høgrepopulistisk alliert ved at ho lèt borgarane leve i det Illouz og Schmitt kallar «unntakstilstanden»: «Eit lite kjent faktum er at Israel sidan etableringa har vore i permanent unntakstilstand.» I tråd med Schmitts lære gjer frykt det mogleg for staten å sjå bort frå dei rettsliberale ordningane av omsyn til rikstryggleiken.

Schmitt, som var ein av dei skarpaste statsrettslærde i det 20. hundreåret og høgrepopulismens kanskje fremste ideolog, vart i nokre år på 1930-talet rekna som «Hitlers kronjurist», før også han fall i unåde.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement