Politisk idéhistorie
Tese 17:
Elster er Schweigaards fråfalne son
Teikning: May Linn Clement
«Gitt en interesse i analytisk, det vil si anglo-amerikansk, filosofi, kan det synes rart at jeg dro tilbake til Paris i 1966 for å skrive magistergradsavhandling på fransk om en tysk filosof», uttalte Jon Elster ved eit høve. I avhandlinga åtvara Elster franskmennene mot Hegel og hans filosofiske krumspring.
Året etter, i 1967, sende Elster ut nok ein bannbulle mot grumset i fransk-tysk åndsliv, denne gongen mot psykoanalytikaren Jacques Lacan. Han hadde gått eit steg lenger enn Hegel i filosofisk tåketale. Sidan den gong har Elster jamt åtvara mot tendensane til «sjarlatanisme» og «obskurantisme» i den akademiske kulturen, både her og der.
Alt i 1830-åra hadde Elster ein føregangsmann i Anton Martin Schweigaard. Etter samtalar med Heinrich Heine i Paris hadde Schweigaard i Heines tidsskrift etterlate seg det som var ein nordmanns åtvaring til franskmennene om farane ved den tyske filosofien. Artikkelen var utforma som eit nyttefilosofisk oppgjer med tysk idealisme frå Kant til Hegel.
Schweigaard gav nyttetenkinga, «utilitarismen», ein karakteristisk formel: Den lova var den rette som gav flest «Atomer af Nytte». Vel heime i Christiania vart Schweigaard tildelt eit professorat i «lovkyndighet, statsøkonomi og statistikk», oppretta etter ei utgreiing han sjølv hadde ført i pennen. Schweigaard forma med si nyttetenking norsk styringsideologi gjennom skiftande regime, med ein kulminasjon i arbeidarpartistaten med Torstein Eckhoff som hegemonisk styringsjurist.
Spelteorien, den nyaste varianten av utilitarismen, er ein matematisk forankra teori om avgjerdssituasjonar der utfallet er avhengig av kva val alle spelarane gjer, og der ingen har full kontroll over kva dei andre spelarane vel. Teorien fekk stort gjennomslag i dei nye samfunnsvitskapane, ikkje minst mellom sosialøkonomane. Leif Johansen – den fremste av elevane til nobelprisvinnarane i økonomi Ragnar Frisch og Trygve Haavelmo – trudde i 1974 at spelteorien «i overmorgen» ville verte «den samlende felles ramme for alle samfunnsvitenskapene».
Hit høyrer Jon Elster. I mange år var han ein av dei fremste teoretikarane innanfor utilitarismen, også internasjonalt. Elster byrja, til liks med Johansen, som heilfrelst tilhengar av utilitarismen, men vart med åra ein utilitaristisk revisjonist og må no reknast som fråfallen. I somme variantar tok teorien ifølgje Elster karakter av rein «science fiction».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.