Politisk idéhistorie
Tese 21
Kvinnekampen vann fram gjennom den patriarkalske formyndarstaten.
«Kvinneregjeringa» til statsminister Gro Harlem Brundtland med nokre mannlege statsrådar i bakgrunnen.
Foto: Erik Thorberg / NTB
Gro Harlem Brundtland kom inn på den offentlege arenaen i 1974 gjennom kampen for sjølvvald abort. Standpunktet hennar i den saka hadde ei djup, prinsipiell forankring: «I slik saker kan ikke kortsiktige valgkamptaktiske vurderinger være avgjørende.»
Og ho la til: «Kvinnene har vært utrolig utålmodige utrolig lenge i vårt land.»
Brundtland var på dette tidspunktet miljøvernminister i Bratteli-regjeringa, men vart i røynda hovudagitator for regjeringa i abortsaka. Legeutvala, med mannleg dominans, provoserte mange av dei som ønskte sjølvvald abort, også dr. Brundtland: «Troen på legens allvitenhet og allmakt synes uten grenser.»
Det vart likevel ikkje ny abortlov i 1974, men fyrst i 1978 – med éi røyst i overvekt – etter ny abortvalkamp i 1977.
Brundtlands politiske makt auka parallelt med at kvinnene gjorde inntog i det offentlege livet. Ho vart den fyrste kvinnelege leiaren i det patriarkalske Arbeidarpartiet (1981–1992), og ho vart som den fyrste norske kvinna statsminister – i tre rundar: fyrste gong i 1981, deretter i 1986–1989 og 1990–1996.
Suksessen for den nye kvinnerørsla låg i alliansen med den patriarkalske staten ho hadde gjort opprør mot. Veksten i kvinnemakt gjekk gjennom auka statleg styringsmakt – det òg. Det mest synlege resultatet av det radikale kvinneopprøret var det Helga Hernes, ein av 70-talsfeministane, har kalla «statsfeminismen». Gro Harlem Brundtland vart som statsminister i det statsberande partiet det fremste politiske symbolet på statsfeminismen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.