Samfunn

Stridbar demokratisk samtalepartnar

Filosofen Jürgen Habermas er død. Ein epoke er over.   

Jürgen Habermas
Publisert Sist oppdatert

Jürgen Habermas’ bortgang i ein alder av 96 år har gjeve gjenklang over heile Europa. Ikkje berre er kommentatorane samde om at Habermas var ein av dei mest gåverike og tonegjevande filosofane i Forbundsrepublikken Tyskland etter krigen. No veks det òg fram ei kjensle av at Habermas bør ha ein framskoten plass i heile den vestlege filosofihistoria like frå antikken.

Fyrst og fremst gav han den demokratiske nybyrjinga i Tyskland etter 1945 eit overtydande intellektuelt forsvar. Forsvaret omfatta særleg den tyske skulda etter holocaust – utan omskrivingar eller kvitvasking.

Grunngjevinga hans av menneskerettstanken gjer Jürgen Habermas til ein av dei fremste demokratitenkjarane i hans generasjon.

Ettervekst

Habermas etterlèt seg eit verk som berre få kan overskoda. I minneutgåva til den tyske vekeavisa Die Zeit kjem det fram at han har gjeve notata sine og dei ufullførte verka til universitetsbiblioteket i Frankfurt, ikkje til det tyske nasjonale litteraturbiblioteket i Marbach. Der kunne papira lettare ha enda opp i ein slags nedfrosen hermetisk tilstand.

Men i Frankfurt vil no nye generasjonar av forskarar føra tenkinga hans vidare.

Eit universitetsbibliotek er nemleg ein tenkjarverkstad og ingen minnestad. No ventar difor ei framstilling av det samarbeidet Habermas hadde med mellom anna Mario Draghi om framtida til Europa. Dette utfyller den rolla Habermas hadde som ein av dei klaraste og mest prinsippfaste forsvararane av fredsarbeidet mellom dei europeiske statane i EU.

I minneordet sitt nemner den tyske presidenten Frank-Walter Steinmeier nettopp «die postnationale Konstellation» som lagnaden til Tyskland og EU, og bruker eit habermasiansk omgrep. Habermas åtvara mot å knyte tysk nasjonal identitet til nasjonalisme. Det var umogeleg etter Auschwitz. I staden måtte det koma ein «forfatningspatriotisme» basert på grunnlova frå etterkrigstida – eit universelt menneskerettsdokument som slo fast at «menneskeverdet er ukrenkjeleg». 

Habermas skreiv støtt om korleis aksen Paris–Berlin kunne reaktivisera unionen. Friedrich Merz høyrde dårleg etter.

Noreg tidleg ute

Ikkje mange i Noreg skjøna profilen til den tidlege Habermas. Det kjem nok ikkje minst av den innfløkte skrivestilen hans. Ein av dei var den 22 år gamle filosofen Helge Høibraaten. I 1968 var han ein pådrivar for å få utgjeve habitilasjonsarbeidet til Habermas, Strukturwandel der Öffentligkeit (på norsk Borgerlig offentlighet). Dette var han òg med på å omsetje.

Høibraaten og Habermas vart livslange vener og diskusjonspartnarar. Avdøde Ragnvald Kalleberg tok Habermas inn som pensum i sosiologien, og filosofen Arne Johan Vetlesen vart studenten hans. Slik har Habermas vore med på å forma norsk idédebatt. Borgerlig offentlighet slo an tema som skulle bli sentrale i det Habermas meinte var den frie samtalens kunst som utgangspunkt for diskurs-etikken, ein av hovudposisjonane i moralfilosofien: gjennom drøfting til sanningserkjenning. Eller i alle fall til kompromiss ein kan leva med.

Jürgen Habermas (t.h.) og Ragnvald Kalleberg. Sistnemnde tok Habermas inn som pensum i sosiologien.

Boka tar opp korleis Europa på 1700-talet utvikla arenaer for offentlege samtalar om «res publica», ålmenne spørsmål innan politikk, vitskap og kultur – utan kontroll frå trone, altar og adel. Vi kan til dømes sjå føre oss markisa av Rambouillet: På 1600-talet samla ho dei store åndene på den tida til litterær salong i paléet sitt i Paris. Der kunne dei snakka fritt. 

Så kom kaffihusa og akademia, lesesirklane, frimurarlosjane, pubane, avisene, magasina, dei politiske organisasjonane og den friare forskinga – alt dette var føresetnader for demokratiutviklinga på 1800-talet. Kort sagt: den ålmenne borgarlege ålmenta. Storbritannia gjekk i bresjen for dette (Royal Society). Det Norske Selskab i København er eit norsk døme.

Habermas levde så lenge at han i rekapitulasjonen sin av denne boka for nokre år sidan måtte slå fast følgjande: Nye strukturelle endringar – mellom anna klikk-mentalitet i redaksjonane, internettets framandgjering, eigedomskonsentrasjon i mediebransjen og korporativ kapitalisme – har allereie svekt ålmenta som arena for debatt og «rasjonell usemje», noko som er kjernen i demokratiet. Denne føydaliseringa førte til at Habermas gjekk inn for statleg finansiering av høgkvalitetsmedia av omsyn til kvaliteten i samfunnsdebatten.

Frå Tocqueville til Habermas

Framveksten av den borgarlege ålmenta er det som Alexis de Tocqueville på 1830-talet i Amerika kallar «den nye likskapen» (og som Frankrike ikkje fekk til). Tocqueville meinte ikkje sosioøkonomisk likskap i moderne tyding. 250 år før Habermas greip Tocqueville fatt i demokratiet i Amerika som ein arena der ingen på førehand hadde automatisk forrang i samtalen eller kunne dominera han, verken i kraft av status, fødsel, sosioøkonomisk plassering eller liknande. Her ligg det eit tidleg, om enn ufullstendig utkast til det Habermas seinare kalla «den herredømefrie dialogen og den ideelle samtalesituasjonen der det beste argumentet vinn fram».

I moderne tid har norskætta Robert A. Dahl frå Yale fanga inn noko av det same i demokratiteorien sin. Han snakkar om «den medfødde moralske likskapsverdien til individet» (moral intrinsic worth) i demokratiet: Ingen kan i debatten krevja å ha rett i utgangspunktet (a priori), før argumenta er framførte. Dette er kjernen i grunngjevinga av det menneskerettsbundne demokratiet (popular sovereignty – folkeleg sjølvstyre).

Dei som talar rett til makta

Habermas var den klassiske offentlege intellektuelle, ein som bryr seg. Denne rolleoppfatninga stammar frå Dreyfus-saka i byrjinga av sekelet (1894–1906). Georges Clemenceau («Tigeren») forma omgrepet i avisa si L’Aurore etter Émile Zolas opprop «J’accuse» for Dreyfus 13. januar 1898.

Offentleg intellektuelle har vore eit særkjenne ved den ålmenne meiningsdanninga i det 20. hundreåret. Tenk berre på dei mange oppropa i USA under Vietnamkrigen og under EEC-kampane i Noreg. Habermas sjølv representerte nettopp den frie intellektuelle som tala rett til makta. Om han kunne ein seia at han stod for ein stridskultur – strid er som oksygen i demokratiet. Utan strid – eit dødt folkestyre.

Habermas stod for eit systematisk forsvar av det moderne «ufullenda», som han kalla arven frå opplysingstida.

Nokre samanliknande merknader her kan kasta lys over livet til Jürgen Habermas og den politiske kulturen han levde i og gjennom.

Fleire namn melder seg her i same rolla som offentlege intellektuelle: Bertrand Russell og R.H. Tawney i Storbritannia, John Dewey, Noam Chomsky og Hannah Arendt i USA, Jean-Paul Sartre og Raymond Aron i Frankrike, Arne Næss og Ottar Brox i Noreg, Herbert Tingsten og Ingemar Hedenius i Sverige, Lezcek Kolakowski og Czeslaw Milosz i Polen, Andrej Sakharov og brørne Medvedev i Sovjet, Günter Grass og Karl Jaspers i Tyskland. 

Tysklands Bertrand Russell? 

Lat oss, for å setja Habermas i perspektiv, samanlikna han med Bertrand Russell.

Begge vart like gamle (nærmare hundre år). Dei stod for heilt ulike tanketradisjonar (marxisme/pragmatisme vs. logisk empirisme).

Bertrand Russell

Begge hadde store saker å stø: Habermas med re-reetableringa av demokratiet, Tysklands opning mot vest og motstanden mot all relativisering av det nazistiske massedrapet på jødane (slik han meinte Ernst Nolte freista under «historikarstriden» i 1986). Russell med kvinneleg likestilling (han tapte to parlamentsval på den saka før fyrste verdskrigen) og med kampen mot atomvåpena (han var hovudtalar ved demonstrasjonane på Trafalgar Square på 50- og 60-talet). Som ung journalist på 50-talet var også Habermas aktiv i anti-atomvåpenrørsla.

Men det er fleire skilnader. Saman med Sartre vart Russell ein av initiativtakarane i ei rettssak mot USA på grunn av Vietnam. Habermas var med i mange høyringar, men inga rettssak. Han åtvara mot valdstendensar i det nye venstre («venstrefascisme»), noko han fekk rett i då RAF-terroren slo til. Russell vart misbrukt av sekretæren sin i ulike radikale saker mot slutten av livet, men ikkje Habermas. Russell fekk eit eige institutt kalla opp etter seg, Habermas (enno) ikkje. Begge såg fagleg utover filosofien, Russell mot matematikken, Habermas mot sosiologien og historia. Russell hadde eit uryddig seksualliv og fleire ekteskap, Habermas var heile livet lukkeleg gift med si Ute (d. 2025) og fekk tre born. Russell frykta sinnssjukdom i familien og for seg sjølv. Det er ikkje slike rapportar frå Habermas sin familie.

Russell brukte mykje tid på å skriva ålmenn-kulturelle bøker (til dømes Marriage and Morals og The Conquest of Happiness, nett gjeven ut på norsk). Habermas gjorde ikkje det. Han laga ikkje ein eigen skule for fri pedagogikk; det gjorde Russell med ei av konene sine. Begge skreiv filosofihistorier (Habermas kalla si Auch eine Geschichte der Philosophie (Nok ei filosofihistorie), Russell si er aldri gått ut or prent. 

Både Russell og Habermas prega den offentlege meiningsdanninga i heimlanda sine. Men kor ulikt dei skreiv! Studer Russells engelsk og Habermas’ tysk og sjå kor forskjellige språk kan vera.

I høve til kristendomen er det òg interessante skilnader. Russell skreiv Why I am not a Christian og polemiserte mot jesuittpateren Frederick Copleston om Guds eksistens. Habermas var på slutten meir open vis-á-vis religionen, og meinte at religionen hadde eit språk som kunne minna oss om andre dimensjonar av livet enn filosofien. Han oppmuntra til toleranse begge vegar (jamfør debatten med Joseph Ratzinger, den seinare pave Benedikt XVI). Her skil dei verkeleg lag, sjølv om Russell sjølvsagt var for religiøs toleranse.

Begge stod for sentrale punkt i det politisk-kulturelle livet i heimlandet, sjølv om demokratiet i Storbritannia for Russell var fjellstøtt. Habermas vart også ein slags sosialist livet ut, men det kan ein vel neppe kalla Russell, som best stod for ein Stuart Mill-liberalisme. Begge kom langt i å forsvara sivil ulydnad som del av aksjonsformene i demokratiet; Habermas om utplasseringa av rakettvåpena SS 20 i Tyskland på 70-talet, Russell i høve atommarsjane i England.

Heideggers fallitt og nazisympatiar

Med eit så mangfaldig oeuvre som det Habermas etterlèt seg, er det umogeleg å peika ut eitt emne som er mest karakteristisk for han. Men skulle eg gjera det likevel, så måtte det bli oppgjeret den då 24 år gamle Habermas hadde med den tidlegare Führer-Rektor Martin Heidegger i 1953. Kritikken av den ikkje-angrande Heidegger gav gjenlyd og markerte ein ny temperatur i oppgjeret med nazismen. Og introduserte den bråmodne Habermas i tysk idédebatt.

Tjue år etter dette oppgjeret såg Habermas attende på artikkelen sin og skreiv at når Heidegger i 1953 gav ut boka Innføring i Metafysikken frå 1935 på nytt, vart han sjølv sjokkert over kor «gjennomtrengjande fascistiske» desse førelesingane var. Dette gjorde Habermas enda meir overtydd om at han måtte «arbeida seg gjennom» «patologiane» i Tysklands fortid. Han såg no at desse utvekstane i Tyskland – «denne mest metafysiske av nasjonar» – hadde meir å gjera med fascisme enn «kva vi vanlegvis likar å tru».

Habermas bretta ut heile Heideggers filosofi om «være» og om jordnærleik, den brune heimstadlæra hans («Bodenständigkeit»), som såg nazismen som «ei hending» som «være» på mystisk vis hadde «erklært», avsondra frå menneskeleg vilje. For Habermas var dette tankesettet berre ein obskur måte å bortforklara ansvaret for det tredje riket på. Heideggers vekt på «værehistoria» var dobbelt problematisk, sidan alle spørsmål om historisk og politisk ansvar dermed smuldra bort og blei til metafysisk spel.

I ein sentral passasje skreiv Habermas i 1953: «Kan dei planlagde myrderia på millionar av menneske, som vi alle veit om no, forklarast med at ‘være’ gjekk seg vill?» Har vi ikkje no hatt åtte år til å konfrontera oss sjølve om kva som var, og kven vi var?»

At Heidegger var ihuga antisemitt, har lenge vore klart. I 1942, omtrent samstundes med at Reinhard Heydrich samordna holocaust under Wannsee-konferansen, uttala Heidegger at «verdsjødedomen» var hovudfienden. Heidegger stødde «Lebensraum» for Tyskland, for Tyskland var eit «Kultur- und Raumvolk», og folka i aust «Untermenschen». Heile livet stod han fast på det han sa allereie i 1935: Nazismen hadde ein «indre stordom og venleik». Og til Jaspers sa han at Jaspers ikkje måtte gløyma at Hitler hadde så «vene hender». 

Habermas var ein av dei fyrste til å avdekkja dette grunndraget ved Heidegger. Dei som vil følgja denne debatten, bør lesa Richard Wolins siste disseksjon, Heidegger in Ruins. Between Philosophy and Ideology (Yale 2022).

Ikkje naiv

Ved Habermas' død er vilkåra for at det beste argumentet sigrar, dårlegare enn på lenge. Habermas var tydeleg på kva som no står på spel: ei ny autoritær vending. Korleis, om i det heile, skal vi tala til slike frosne frontar?

Det nye høgre i Europa er ikkje konservativt, men revolusjonært. Dei vil ikkje utvida rammene for fridom. Dei vil eliminera fridomen. Dei drøymer om ein etnisk rein nasjonalstat. Om ein organisk stat á la dei reaksjonære revolusjonære i mellomkrigstida (Spengler) og om ein ny tysk Machtpolitik, lausriven frå alle rettsstatsprinsipp, utan noka forplikting om å arbeida seg gjennom dei tyske trauma, og utan EUs demokratiforsvar. Det nye høgre seier klart frå kva dei vil. Det ligg milevidt frå tenkinga og livet til Jürgen Habermas. Vi står i ei tid der vi i stadig større grad kjem til å sakna han.