Utanriks

Monarkia ved Persiabukta stod for stabilitet, velstand og framtidsdraumar.

No er det krig i Midtausten, og dei har det vanskelegare enn nokosinne.

  

Emiren av Qatar, sjeik Tamim bin Hamad Al Thani, møter den saudiske kronprinsen Mohammed bin Salman i Jeddah i Saudi-Arabia, 30. mars 2026.
Publisert Sist oppdatert

Utsyn

Kvar veke omset vi ein artikkel frå ei utanlandsk avis, denne veka frå Weekendavisen. 

Omsett av Signe Bergvoll

For millionar av menneske i det globale sør er Dubai sjølve biletet på ein draum. Ein veg ut av håpløysa og eit løfte om eit anna liv, der skyskraparane reiser seg mot horisonten. Dei sameinte arabiske emirata og dei andre golfstatane har på få tiår blitt symbol på kor raskt eit samfunn kan forandre seg. Der ein før levde eit enkelt liv i ørkenen, har det vakse fram effektive moderne nasjonalstatar med velstand, stabilitet og global tilknyting som handgripeleg røynd.

«Vi vil framleis byggje eit land som er ope mot verda og tett knytt til verdsøkonomiane», er mantraet til han som i praksis leier landet, kronprins Mohamed bin Zayed.

Men no har denne røynda byrja å slå sprekkar.

Krigen i Midtausten – og Irans bølgjer av dronar og missil – har punktert førestillinga om Persiabukta som eit trygt globalt knutepunkt. Mykje tyder på at regimet i Iran vil overleve krigen og kanskje bli endå meir aggressivt, endå meir uføreseieleg og vanskelegare å halde i sjakk.

Revolusjonsgarden i Iran har no styrkt kontrollen sin over Hormuzsundet, ei av verdas viktigaste maritime ferdselsårer. Ingenting tyder på at sundet kan opnast utan at det blir sett inn bakkestyrkar på iransk jord, eller utan ei diplomatisk løysing, noko som for tida verkar lite sannsynleg, sjølv om Donald Trump hevdar at han forhandlar med iranarane.

Sjølv om Donald Trump skulle erklære siger og trekkje seg, vil golfstatane neppe få det lettare.

Sjølv om Donald Trump skulle erklære siger og trekkje seg, vil golfstatane neppe få det lettare. Jim Mattis, den tidlegare forsvarsministeren, kom førre tysdag med ei åtvaring: Ei amerikansk tilbaketrekking vil i praksis overlate kontrollen over Hormuzsundet til Iran, noko som kan føre til avgifter på global skipsfart og ei ny geopolitisk røynd.

«Kvart einaste skip som passerer, kan måtte betale ei avgift. Eg ser ingen gode utvegar her. Vi er i ein svært vanskeleg situasjon, mine damer og herrar», lydde vurderinga frå Mattis.

Golfstatane sitt verste mareritt

Det spesielle ved stoda til golfstatane er ikkje minst at dei brått har så mykje å miste. Dei siste åra har dei sett i verk ein historisk moderniseringsprosess. Målet er å leggje om økonomien. Frå å vere einsidige oljeeksportørar skal dei bli meir allsidige og berekraftige samfunn. Dersom krigen held fram og Hormuzsundet er stengt, kan denne omstillinga bli kraftig forseinka eller i verste fall avlyst.

34 prosent av verdas råolje og ein tredel av alt heliumet, all metanolen og all gjødsla passerer nemleg gjennom Hormuzsundet. Dersom golfstatane mistar tilgangen til denne ruta, vil det økonomiske fundamentet og forretningsmodellen deira byrje å krakelere.

«Stenginga av Hormuzsundet er meir enn ein katastrofe», sa sjeik Nawaf al-Sabah på sundag. Han er direktør for det statlege oljeselskapet i Kuwait.

I golfstatane er det mange som er sinte. Saudi-Arabia, Dei sameinte arabiske emirata og Qatar prøvde aktivt å overtale Donald Trump til å la vere å gå til åtak på Iran. Dei visste at ei opptrapping kunne setje dei i ei vanskeleg stode. Risikoen var stor for at dei sjølve blei mål for iranske hemnåtak, ikkje minst fordi dei huser amerikanske basar.

Denne frustrasjonen kom tydeleg til uttrykk då emiratmilliardæren Khalaf Al Habtoor retta skarp kritikk mot Trump på X i midten av mars:

«Kven har gjeve deg mandat til å trekkje regionen vår inn i ein krig med Iran? Og på kva grunnlag tok du eigentleg denne farlege avgjerda? Tenkte du over følgjene før du trykte på avtrekkjaren? Og var du medviten om at det først og fremst er landa i regionen som må betale prisen for denne eskaleringa?»

Denne harmen blir ofte kopla til ein stadig større vreide mot Israel og statsminister Benjamin Netanyahu, som mange i Persiabukta meiner har villeidd USA.

Men motviljen er òg retta mot prestestyret i Iran, som har gjort Persiabukta til ei skyteskive. Sidan krigen byrja, har Dei sameinte arabiske emirata skote ned hundrevis av iranske missil og tusenvis av dronar. Saudi-Arabia er òg råka, mellom anna ved oljeterminalen i Yanbu ved Raudehavet.

Motviljen er òg retta mot prestestyret i Iran, som har gjort Persiabukta til ei skyteskive.

Qatar er dessutan hardt pressa etter Irans åtak på Ras Laffan, det største anlegget for produksjon av drivstoff basert på naturgass. Det kan ta opptil fem år å reparere øydeleggingane, som lammar 17 prosent av gassproduksjonen.

Også internt er det frustrasjon i golfstatane. Dei har måtta erkjenne at dei har avgrensa innverknad på Trump-regjeringa. Og dette trass i at dei har gjort massive investeringar i relasjonen til både han og til det amerikanske militærindustrielle komplekset.

Dei siste vekene har USA hatt vanskar med å fylle opp att dei lagera av Patriot- og THAAD-luftvernsystem som golfstatane har. Og dei amerikanske basane i regionen, som skulle fungere som ein tryggingsgaranti, verkar i stadig større grad snarare som ei belasting enn som eit vern.

Den største irritasjonen kjem kanskje av mangelen på ein felles, samanhengande strategi overfor Iran. I Dei sameinte arabiske emirata argumenterer somme prinsar – deriblant nokre av arkitektane bak normaliseringa med Israel i 2020 – for ei konfronterande linje, og kanskje endåtil direkte militær involvering mot Iran.

I Saudi-Arabia hallar ein derimot framleis mot ein diplomatisk framgangsmåte, sjølv om det internt finst dei som føretrekkjer at Trump går heile vegen og veltar regimet, i frykt for kva følgjer ein såra tiger kan ha.

«Dette er golfstatane sitt verste mareritt», konstaterer Sanam Vakil i The Guardian. Han er Midtausten-ekspert i tankesmia Chatham House.

Høg kapasitet, høg risiko

I Israel håpar ein no at golfstatane vil gå aktivt inn i konflikten. Det kan dei nemleg gjere: Dei har store militære ressursar, og erfaringane frå tidlegare operasjonar gjer dei i stand til å ta del i aktiv krigføring.

Det kongelege saudiske luftvåpenet rår over om lag 450 fly, deriblant nokre av verdas mest avanserte kampfly. Det dreier seg om oppgraderte amerikanske F-15-fly og Eurofighter Typhoon og Tornado – alle er utrusta med moderne missilsystem. Dei sameinte arabiske emirata har òg eit høgteknologisk og veltrena luftvåpen.

Dersom Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata vel å engasjere seg militært mot Iran, vil dei utan vanskar kunne inngå i ein USA-leidd koalisjon. Begge landa har allereie erfaring frå krigen i Jemen, og Emirata har dessutan delteke i internasjonale oppdrag i Afghanistan, Libya, Syria og Irak.

Kapasiteten er det altså ingen tvil om. Spørsmålet er snarare kva pris dei må betale. For risikoen er betydeleg.

Golfstatane er ikkje berre sårbare i nærleiken av oljefelt, flyplassar og datasenter, men òg ved dei livsviktige avsaltingsanlegga, der ein stor del av drikkevatnet i regionen blir produsert. Med relativt billege dronar vil Iran raskt kunne provosere fram ei alvorleg vasskrise. Dette scenarioet har iranarane allereie framheva som eit mogleg motsvar til åtak på iransk sivil infrastruktur.

Med relativt billege dronar vil Iran raskt kunne provosere fram ei alvorleg vasskrise.

Samtidig knyter det seg stor politisk uvisse til USAs rolle. Trump er uføreseieleg og kan når som helst velje å trekkje seg ut og erklære siger. Då vil Israel og golfstatane stå att åleine overfor eit Iran som neppe vil gløyme kven som stilte seg på motsett side.

Også internt i nokre av landa er det mange omsyn å ta. Avgjerda om å gå til krig er kompleks. Ein konflikt kan rett nok styrkje nasjonalkjensla, men land som Bahrain, Kuwait og Saudi-Arabia må samtidig ta høgd for sjiamuslimske grupper, som Iran potensielt kan aktivere og bruke til å skape uro.

Går saudiarane inn i konflikten, kan dette dessutan få houthi-rørsla i Jemen til å trappe opp krigen. Houthiane har dei siste åra allereie vist at dei kan truge skipsfarten gjennom Bab el-Mandeb-sundet. Blir denne strategiske vassvegen stengd, vil dette få vidtrekkjande konsekvensar for saudisk oljeeksport.

Kva dette ville symbolisere reint politisk, er likevel det mest ømtolige ved saka: Kjempar ein side om side med Israel, og dermed side om side med Benjamin Netanyahu, risikerer ein å undergrave legitimiteten til golfregima. Ikkje berre i eigen folkesetnad, men i heile den muslimske verda, som meiner at Netanyahu gjer seg skuldig i folkemord. Det er nettopp dette omsynet som til sjuande og sist kan bli avgjerande for til dømes det saudiske kongehuset.

Skal ein gå til krig, eller skal ein ikkje gå til krig? For golfstatane er dette eit dilemma som akkurat no ikkje rommar gode utfall.

Einerett: Weekendavisen / Dag og Tid

Omsett av Signe Bergvoll

Waleed Safi (f. 1984) er historikar frå Københavns Universitet. Han snakkar fire arabiske dialektar og har i fleire år budd i Kairo, Bagdad, Beirut, Istanbul og Ankara. I Weekendavisen skriv han om politikk og kultur i Midtausten. wale@weekendavisen.dk