Utanriks
Ungarn – annleislandet i Europa
For fyrste gong på mange år ser det ut til å vere reelle sjansar for at opposisjonen kan vinne valet.
Ungarn er eit annleisland i Europa. Det er eit språkleg annleisland, der det ligg som ei finsk-ugrisk øy omgjeve av tysktalande, slavisktalande og rumensktalande på alle kantar. Sidan Viktor Orbán kom til makta i 2010, har det meir og meir vorte eit politisk annleisland som har gjort opprør mot den rådande politikken i EU, ikkje minst knytt til krigen i Ukraina.
Mange er uroa for Orbáns utholing av grunnleggande fridomar: ytringsfridomen, sjølvstende til domstolane og seksuelt mangfald.
Uvisse
Den 12. april er det val. For fyrste gong sidan 2010 ser det ut til å vere reelle sjansar for at opposisjonen skal vinne, om ein skal tru meiningsmålingane. Men det er stor uvisse knytt til resultatet. Og konflikt- og spenningsnivået er høgt. Skulle Orbán med regjeringspartiet sitt Fidesz gå sigrande ut etter dei dårlege meiningsmålingane dei har hatt, kan mistankar om valfusk drive folk ut i gatene. Og tapar Fidesz, vil venteleg ikkje Orbán-tilhengarane sitte stille og sjå på.
Ein politikar for sosialistpartiet som eg intervjua i samband med denne artikkelen – han har sete i både parlamentet og i EU-parlamentet, men har no gått ut av politikken og vil vere anonym av omsyn til den nye stillinga si – seier at han og kjærasten seriøst har diskutert å reise til mora hans på landet etter at dei har gjort borgarplikta si. Dei fryktar uro og i verste fall vald i gatene.
Andrew Ryder, professor i statsvitskap ved universitetet i Budapest, antydar at Orbán kan komme til å reise frå landet etter eit nederlag, for å unngå straffeforfølging.
Kva er Ungarn?
Dei to dimensjonane ved Ungarn som annleisland – den språkleg-kulturelle og den politiske – må sjåast i samanheng. Historisk har ungararane vore opptekne av kor dei kjem frå. «Kven er slektningane våre?» Då har dei ofte sett mot aust. Samstundes har dei i intellektuelle og litterære krinsar sett mot vest. Det viktigaste litterære tidsskriftet i Ungarn før og etter den fyrste verdskrigen heitte Nyugat – det ungarske ordet for vest. At ein valde det namnet, illustrerer godt denne trenden.
Men på same tid vaks det i mellomkrigstida fram ei anna retning blant litteratar og intellektuelle: populismen. Dei var langt mindre opptekne av vestorienteringa til krinsen rundt Nyugat. Mange av dei leiande populistane var venstreorienterte, andre meir til høgre. Samstundes var det i Ungarn sterke autoritære og antidemokratiske tradisjonar.
Ungarn i Horthy-perioden – Miklós Horthy styrte Ungarn frå 1920 til 1944 – har av historikarar vorte omtala som eit autoritært demokrati, slik dagens system av Orbán sjølv vert omtala som eit illiberalt demokrati. Ein understraum i ungarsk politikk har også vore opplevinga av at landet vart grunnleggande urettvist handsama etter å ha vore på taparsida i den fyrste verdskrigen. Det har skapt grobotn for høgreorienterte og nasjonalkonservative straumdrag fram til i dag.
Då ein opposisjon mot det sosialistiske systemet tok til å vekse fram på 70- og 80 talet, ikkje minst etter systemskiftet i 1989, kom denne konfliktlina mellom urbanistar og populistar opp til overflata igjen. Dei 40 åra med sosialisme var som viska ut. Dei nasjonalkonservative vann det fyrste valet i 1990.
Orbán, som har vore aktiv i politikken heilt sidan den gongen, høyrde opphavleg til mellom dei liberale og vestorienterte. Men då han vann valet for fyrste gong i 1998, hadde han gjort heilomvending og knytt seg til den nasjonalkonservative og autoritære tradisjonen.
Venstresida er viska ut
Meiningsmålingane peiker i retning av at det berre vil vere tre parti i parlamentet etter valet 12. april: Dei to hovudmotstandarane Fidesz og Tisza er begge høgreorienterte, og leiaren av Tisza, Péter Magyar, var i Fidesz heilt fram til Europavalet i 2024. I tillegg ser det ut til at det ekstreme høgrepartiet Mi Hazánk (Vårt heimland) òg kjem inn. Alle partia på venstresida er viska heilt ut. Korleis kom Ungarn dit?
Skal ein forstå det, må ein gå attende til den katastrofale politikken til sosialistpartiet i samband med finanskrisa i 2008. Partiet hadde vunne vala både i 2002 og 2006. Frå 2004 var Ferenc Gyurcsány statsminister og partileiar. Han hadde hatt sentrale posisjonar i den kommunistiske ungdomsrørsla på 1980-talet. Etter systemskiftet slo han seg opp som mangemillionær og vart ein av landets rikaste. Finanskrisa ramma Ungarn særs hardt. Dramatiske innsparingstiltak gjorde livet vanskeleg. Samstundes hadde Gyurcsány halde ein tale på eit internt partimøte. Der sa han at han og partiet hadde loge for ungararane om økonomien i landet «morgon, middag og kveld». Lydopptak frå denne talen vart gjort offentleg. Offentleggjeringa leidde til omfattande demonstrasjonar og til at Gyurcsány måtte trekke seg som statsminister i 2009.
Sosialdemokratane har aldri klart å reise seg etter dette. Eitt problem har vore at Gyurcsány og hans generasjon av politikarar har fronta opposisjonen mot Orbán i alle vala etter 2010.
Regimeskifte?
– «Alt anna enn Gyurcsány.» Dette har vore ei utbreidd haldning. Péter Magyar ber ikkje med seg denne arven. Derfor kan han vinne, seier den tidlegare leiaren frå sosialistpartiet, som vil vere anonym.
Men vil dette halde fram? Vil vi ha to høgreparti og eitt høgreekstremt også ved neste val? Det trur han ikkje. Tisza «med 19 medlemmer», som han seier, er ikkje noko eigentleg parti. Ekspolitikaren meiner Tisza er ei rørsle med eitt mål: å verte kvitt Orbán. Magyar og folka hans overtok eit eksisterande, men registrert, miniparti før Europavalet i 2024. Dermed slapp dei den byråkratiske og tidkrevjande registreringsprosessen. Mange som røystar på Tisza, gjer ikkje dette fordi dei trur Magyar er løysinga.
– Om vi får eit regimeskifte, vil det skape opningar og ny dynamikk. Mange vil gå saman for å bygge eit sosialdemokratisk alternativ, meiner ekspolitikaren.
Men kvifor har Orbán vunne val etter val?
– Regimet hans er negativt til fagrørsla, har stramma inn på faglege rettar og pratar berre med arbeidsgjevarane, seier Gyula Gallagi, visepresident i ungarsk LO.
Men likevel kunne Orbán gje inntrykk av å støtte vanlege folk då han kort tid etter valsigeren i 2010 stod opp mot Det internasjonale pengefondet (IMF) og EU, som kravde innstrammingar som ramma folk hardt. Også i mediepolitikken har han nytta seg av ein tilsvarande retorikk og ramma han inn som ein politikk for å gjere Ungarn sjølvstendig frå internasjonal mediekapital. Han har også innført tiltak som tilsynelatande kjem vanlege folk til gode, til dømes skattefritak livet ut for kvinner som har født tre barn.
Men ifølgje Gallagi er ikkje dette til hjelp for dei låglønte.
Trass i alt dette er det dei fattigaste og lågast utdanna som er sjølve fundamentet i oppslutninga til Orbán.
Ein grunn til dette er kjøp av røyster. Mange velferdsytingar er knytte til arbeid på offentlege tiltak. Det fører til at mange av dei svakast stilte er avhengige av lokale Fidesz-ordførarar, som kontrollerer dei tiltaka dei treng for livsopphaldet sitt. Dette kan gjelde så mange som 8–10 prosent av dei røysteføre.
Politisk kampanje
Tibor Szanyi, tidlegare parlamentsmedlem for sosialistane, no leiar for eit miniparti på venstresida, fortel om ein sjølvopplevd episode. Før valet i 2022 dreiv han valkamp for ein av partiets kandidatar på den ungarske landsbygda. Der trefte han ein gammal kjenning som var leiar for eit romsamfunn med eit par hundre medlemmer. Dei røysta tradisjonelt slik han tilrådde. Tibor Szanyi greidde å overtyde mannen om at det hans parti stod for, ville gagne romfolket, og mannen lova at dei skulle røyste på Tibor Szanyis kandidat.
Men dagen etter valet såg Tibor at alle i denne valkrinsen hadde røysta på Fidesz, og kontakta den gamle kameraten sin. «Kva har skjedd?» «Jo», svara han. «På laurdagen kom ein representant frå Fidesz hit med mykje pengar som vi skulle få om vi lova å røyste Fidesz.»
Samtidig er statleg TV, som er den einaste kanalen som er gratis, den heilt dominerande informasjonskjelda blant dei fattige på bygda. På den kanalen har Orbán full kontroll.
– Og her er det skremsel som gjeld, understrekar Gallag. Vi står overfor nokre eksistensielle trugsmål, til dømes krig. Berre Orbán kan redde oss. Opposisjonskandidatar vil derimot legge landet ope for desse trugsmåla. I nokon grad har han kunna gripe fatt i saker venstresida burde ha gripe fatt i.
No må ein legge til at det ikkje er rart at folk i dag er redde for krig, og at politikken dei tonegjevande politikarane i Europa fører, ikkje alltid er eigna til å skape ro og tryggleik.
Fordel for Fidesz
Vallova er endra til Fidesz sin fordel. 106 av dei 199 representantane i parlamentet vert valde i einmannskrinsar, dei resterande 93 frå partilister. Før vart desse vala gjennomførte i to omgangar. Det opna for alliansar i andre valomgang. Orbán har brukt det konstitusjonelle fleirtalet sitt til å endre lova. No vert den som får flest røyster i fyrste omgang, vald. Kanskje kan ein veljast med berre 20 eller 25 prosent av røystene om dei resterande 70 eller 75 prosentane er spreidde ut på mange kandidatar. Og den som vinn, kan i tillegg ta med seg røystene frå einmannskrinsvalet og legge dei til dei røystene som partilista får.
Valkrinsane er organiserte slik at i dei områda der opposisjonen står sterkast, til dømes i dei større byane, står det særs mange veljarar bak kvar representant samanlikna med dei områda der Fidesz står sterkast.
Slik kan ein vinne eit kvalifisert fleirtal i parlamentet utan eit fleirtal i folket. Fidesz har gjort det ved alle val etter 2020 med unnatak av 2022-valet. Då hadde dei eit fleirtal av røystene.
Skal denne sirkelen brytast den 12. april?
Ragnar Audunson er dr.polit. i statsvitskap og professor i bibliotek- og informasjonsvitskap ved OsloMet. Gjennom meir enn 40 år har han samarbeidd tett med ungarske kollegaer. I tillegg til denne bakgrunnen bygger artikkelen på eit opphald i Budapest og samtalar med aktørar frå ungarsk politikk og akademia den siste veka i mars i år.