Ordskifte I politisk idéhistorie
Mottese til Slagstad
Rune Slagstads 20. tese dreiar seg om Mímir Kristjánsson. Her legg Kristjánsson fram eit forslag til årets Raudt-partiprogram.
Foto: Heiko Junge / NTB
Ein er ikkje blitt ordentleg vaksen i den norske idédebatten før ein har fått sin eigen tese frå Rune Slagstad. Difor var det med glede eg las Dag og Tid førre fredag, der Slagstad skriv om den nye boka mi, Gjør Norge greit igjen – et manifest for å gjenreise annerledeslandet. Slagstads dom er at eg er «ein postmaoistisk venstrepopulist med lengt etter Gerhardsen».
Det er eit knippe merkelappar eg lever godt med.
Men Slagstad har gjort ei forgløyming, og det er lengta eg har etter det folkelege Venstre frå tiåra rundt førre hundreårsskifte.
I boka mi hyllar eg nemleg ikkje berre Einar Gerhardsen, men også Johan Sverdrup og Johan Castberg. På den måten er eg ikkje berre venstrepopulist, men også Venstre-populist – i skarp motsetning til dei som no styrer i Venstres hus.
Det er først og fremst frå den folkelege Venstre-rørsla at eg hentar klippefast tru på parlamentarismen og det folkevalde demokratiet. På akkurat dette punktet hadde mine førebilete i arbeidarrørsla ein del å gå på, først med å akseptere det såkalla borgarlege demokratiet, sidan med å gje slepp på ein leninistisk styringsmodell som iallfall under Gerhardsens eittpartistat gjekk langt i å sette Stortinget på sidelinja.
På dette punktet deler eg Slagstads kritikk av arbeidarpartistaten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.