Politisk idéhistorie
Tese 24
Harald er ein kongeleg norsk utakt
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Kongen har ein særeigen posisjon. Han har i røynda vorte ribba for all reell politisk makt. Til gjengjeld har han fått ein autoritet, ein landsfaderleg autoritet, som går utanom dei tradisjonelle frontane i politikken.
Det kongen har tapt av politisk makt, har han vunne attende som samfunnsmoralsk autoritet. Det er ein arv frå Haakon VII og Olav V. Denne autoriteten har fått ein ny, sosialdemokratisk aksent under Harald V.
Framleis er vi jo alle sosialdemokratar, som ein tidlegare kringkastingssjef påpeika, medrekna kongen og dronninga. Sonja og Harald er rojale apostlar i den demokratiske fellesskapen – dei er disiplar av den greske filosofen Aristoteles, som definerte politikk som ein strid for det gode samfunnet.
Til vanleg er kongen berre taust representerande til stades i det offentlege rommet. Men når han fyrst tek ordet – som i nyttårstalane, og ikkje berre der – får orda hans gjerne særskild tyngd. På sitt milde, stundom lett oppsedande, tidvis også sjølvironisk humoristiske vis når han ut til dei mange. Med talen sin vert kongen nasjonens samlande røyst.
Dette er til tankevekkjande skilnad frå det vi jamleg vert minte på no om dagen via ein trumpistisk president som gjerne skulle vore konge, for ikkje å seie keisar med gull og glitter, men som polariserer og splittar.
I eit samfunn som fløymer over av børskonfirmantar og medienarsissistar, men manglar verdiar som ikkje har nokon pris, viser kongen ved sin offentlege tale veg med eit forsvar for den ope diskuterande, fleirkulturelt reflekterande og gjensidig anerkjennande fellesskapen.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.