Kommentar
Er vi inne i styrketreningsåret?
Ei bestemor nemnde her om dagen at no var det in å spele fotball.
Stemninga i garderoben før og etter kamp er undervurdert.
Foto: Maren Bø
Eg må
seie at eg stussa litt over utsegna hennar. Der og då snakka vi nemleg om fotball for
vaksne kvinner på lågt nivå, som eg driv med. Sjølv har eg i mitt fotballiv aldri hatt ei
kjensle av at old girls-fotball var, eller er, in.
Levekårsundersøkinga om idrett og friluftsliv kjem ut kvart tredje år, og dei nyaste undersøkingane
er frå 2024.
Dei viser at blant personar frå 16 år og oppover har 10,7 prosent av alle kvinner
og menn spelt fotball i løpet av dei siste 12 månadane.
Det
som ifølgje denne undersøkinga verkeleg er in, er styrketrening.
Heile 56 prosent i same aldersgruppe har drive med styrketrening. Berre sidan
førre undersøking i 2021 har prosentdelen som trener styrke, auka med 8 prosentpoeng. Ein annan aktivitet
som nesten har dobla seg sidan førre måling – frå 11 til 21 prosent – er
symjing. Elles ligg sykling, løping og langrenn høgt oppe på tabellen over
populære aktivitetar. Nedst på tabellen finn vi lagidrettar som volleyball,
ishockey, innebandy, basketball – og faktisk handball under desse.
Fleire driv individuelt
Dersom
ein ser på perioden frå 2001 og fram til no, er det inga vesentleg endring i kor mange
som speler fotball. Eg viser til fotball fordi dette er den klart
største lagsporten. Faktisk har prosentdelen av fotballspelarar til no halde seg
ganske stabil. Det som altså har endra seg, er at fleire driv med individuelle
aktivitetar.
Som
kroppsøvingslærar på vidaregåande spør eg alltid i starten av året – håpefullt, skal eg innrømme – om nokon framleis driv med idrett. Det pleier å vere om lag
to som held på med lagidrett: ein fotballspelar og ein handballspelar. Elles driv
fleire med styrketrening, ofte litt vel mykje, og andre litt mindre. Eit par
driv også med dans, karate, yoga eller noko anna spennande. Og dess lenger ut i
vidaregåande elevane kjem, dess færre tyr til lagidretten, slik eg opplever det.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.