Politisk idéhistorie

Tese 19

Norsk utdannings­politikk er styrt av OECD.

Numerokratiet er eit døme på det Hans Skjervheim kalla det instrumentalistiske mistaket.
Publisert Sist oppdatert

Fram til 1990-talet var utdanning i stor grad ei nasjonalpolitisk sak; utdanning var nasjonsbygging og nasjonsbygging utdanning. Den nye vendinga vart signalisert av USAs president Bill Clinton i 1993: Vi er del av ein global økonomi «der vi må konkurrere med nasjonar over heile verda». Avgjerande i konkurransestaten er korleis nasjonane investerer i humankapital, og borgarane i nasjonen skal gjennom utdanning aktiverast til å verte produktive, konkurransedyktige aktørar: prosjektleiarar i eige liv.

Overnasjonale organisasjonar med OECD i spissen har vorte utdanningspolitiske premissleverandørar. OECD vart oppretta i 1961 for å fremje økonomisk vekst og internasjonal handel og har i dag 38 medlemsnasjonar. Det er ei tankesmie som styrer gjennom politisk-økonomiske analysar og statistiske indikatorar, men utan legal eller finansiell avgjerdsmakt.

OECDs utdanningsdirektorat har fått ein merkeleg posisjon som diagnostikar, rådgjevar og dommar på éi og same tid. Det norske Utdanningsdirektoratet, oppretta i 2004, har meir og meir vorte ein filial av OECDs utdanningsdirektorat.

Ei sentral utdanningspolitisk oppgåve for OECD har vore å utvikle eit program for måling og testing av dugleikar: Programme for International Student Assessment (PISA). Det måler kor god kompetanse 15-åringar har i lesing, matematikk og naturfag.

Gjennom PISA-målingane har OECD vorte den fremste premissleverandøren for ein utdanningspolitikk for kvantifiserbar kvalitet: Kvalitet som kan målast og teljast. PISA har valt bort fag som historie, samfunnsfag og etikk, medan tradisjonelle pedagogiske omgrep som oppseding og danning er vortne førtidspensjonerte.

PISA illustrerer framveksten av eit «numerokrati»: styring gjennom tal, med ei utdanningspolitisk konfliktline mellom globale økonomiske modellar og lokale kulturelle praksisar – mellom globale styringselitar og faglege autoritetar med nasjonalkulturell forankring.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement