Politisk idéhistorie

Tese 14

Arbeidarpartiet har aldri heilt forstått at det er eit venstrepopulistisk parti, det òg.

Visittkort frå 1904 med portrett av Karen Grude (1871–1960) og Halvdan Koht (1873–1965).
Publisert Sist oppdatert

Dei svenske sosialdemokratane fekk sin venstrepopulistiske identitet på 1920-talet gjennom det Per Albin Hansson kalla «folkhemmet».

«Folkehjemmet» hadde opphavleg vorte lansert i P.A. Jensens Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863), skriven etter den store norske skulereforma i 1860. Men det var Sverige, ikkje Noreg, som gjorde «folkeheimen» verdskjend.

I Noreg kunne ikkje «folkeheimen» verte eit populistisk samlingsord, for det norske buet var, som eg skriv i De nasjonale strateger, splitta i to: i «hjem» og «heim». I Noreg vart det nasjonen som gav identitet.

Historieprofessor Halvdan Koht (1873–1965), som hadde vakse opp i Venstre, men i 1911 slutta seg til Arbeidarpartiet, vart meir enn nokon annan nasjonens venstrepopulistiske ideolog. Koht kopla det bygderadikale Venstre til det avrevolusjonerte Arbeidarpartiet som på 1930-talet gradvis tok farvel med marxismen.

Nasjonalisering var ikkje eit steg mot sosialisering, mot sosialisme, men omvendt: Sosialisering var «eit nytt steg fram på den nasjonale lina», til «nasjonal samvokster». Det viktige var, framheva Koht i 1933, utviklinga av «ei levande samfunnskjensle», «ei samkjensle» som gjekk utover klassene til den folkelege «nasjonalkjensla».

Koht var her på line med den tyske sosialdemokratiske retts­teoretikaren Hermann Heller (1891–1933), den skarpaste kritikaren av den høgrepopulistiske ideologen Carl Schmitt (1888–1985). Heller hadde alt i 1923 knytt saman sosialisme og nasjon: Sosialisme innebar å overvinne klassene «gjennom den sanne, nasjonale folkefellesskapen».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement