Frå matfatet
Julemat eller luremat?
Vi reknar litt på det.
Nissemat: Nokre vert nøgde, og nokre vert lurte – om vi ikkje er merksame.
Foto: Pxhere.com
Det fyrste eg oppdaga, var ein ny graut i Fjordland-hylla på Kiwi. Ho er jo alt ganske så velfylt – her er både byggraut, havregraut og laktosefri graut i tillegg til den klassiske risgrauten. Men no, når det var blitt desember, hadde den vanlege gjengen fått fylgje av ein raudfarga julegraut.
Greitt nok, det, det er trass alt desember, men kva er det som gjer akkurat denne varianten til sjølvaste julegrauten? Eg lyftar opp pakken, les på baksida og finn at det er fløyte i han, 5 prosent fløyte, og så har han fått vaniljesmak. Nett det er eg ikkje sikker på om eg er så nøgd med, for denne smaken kjem frå ein syntetisk aroma og ikkje frå nokon vaniljeorkidé, og treng vi slikt lureri på julaftan eigentleg?
Eg legg frå meg julegrauten att, men i det eg gjer det, legg eg merke til dei digitale prislappane som sit under produkta. Eg ser at kiloprisen på julegrauten er om lag dobbelt så høg som kiloprisen på den vanlege grauten: 71 mot 43 kroner.
Ikkje aleine, nei
Skal tru om dette gjeld for fleire julevarer enn berre graut? Vel heime set eg meg framfor dataskjermen og søker i veg. Eg byrjar på nettbutikken til Spar og finn fort ut at Sørlandschips Jul – med ribbesmak – lett er den dyraste Sørlandschipsen der ute for tida. Han kostar faktisk 17 prosent meir enn den nest dyraste varianten.
Julebrunosten til Tine kostar også 17 prosent meir enn Gudbrandsdalsost – så vert det opp til kvar og ein å vurdere om tilsetjinga av litt kardemomme i osten er verd det eller ikkje. Det same kan vi seie om Julens ferske surkål kit frå Grønn & Frisk: Om det er verdt å betale 67 kroner kiloet for ferdig oppkutta kål og ein lake av eddik, sukker, karve og tilsetjingsstoff, når kålen sjølv kostar 18 kroner per kilo, får vi late vere opp til kvar enkelt, men vi kan minne om at ferdig surkål frå Nora kostar 57 kroner per kilo og inneheld færre tilsetjingsstoff enn den såkalla kiten gjer.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.