Kultur

Slimålar og stavkyrkjer

Å setje avgjerder ut til folket er alltid ein risikosport.

Ein glad vinnar med provet på at den nybygde stavkyrkja i Odda er årets – eh – bygg, og vann Arkitekturopprørets heiderspris.
Publisert Sist oppdatert

I november 1982 sette radioprogrammet Nitimen seg føre å kåre Noregs nasjonalfisk. Lyttarane vart bedne om å røyste på sin favoritt, og heile landet mobiliserte. Skulle torsken, silda eller makrellen vinne? Kva med lyren, seien, breiflabben eller kveita? Eller kvifor ikkje slimålen?

Slimål?! Myxine glutinosa er ein hudfarga ålliknande djupvassfisk som kan bli opp mot 80 centimeter lang, det vanlegaste er om lag halvparten, og som namnet tilseier: Han produserer slim. Fem lystige biologistudentar ved Universitetet i Oslo oppretta gruppa Slimålens beste venner og fekk med seg TV-kjendisen og zoologen Per Hafslund frå Drammen. Eller var det Per Hafslund som fekk studentane med seg? Dette er uklart.

Gjennom TV-programmet Dyreliv på nært hold hadde Per Hafslund vorte heile Noregs naturfaglærar. Med kunnskap og barnleg entusiasme opna han naturuniverset for store og små, og heime i liksomstova hadde han grevling, salamander og hoggorm. Han smakte på alt frå maur til blæretang, for som han sa: «Eg et alt utanom kona.»

Hafslund framsnakka den ufysne, beinlause slimålen, som han òg åt. Heile munnhola vart fylt av slim, fortalde han, og zoologen var nær ved å bli kvelt. Han heiv innpå vodka og sitronsyre og spytta, og slik gjekk den natta.

«Sundt folkevett»

Laurdag 15. skulle resultatet av nasjonalfiskavrøystinga offentleggjerast, og slimålentusiastane var optimistiske. Hafslund og biologistudentane hadde samla inn fleire tusen underskrifter, men så tok NRK ei sjefsavgjerd: Slimålen vart diskvalifisert.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement