Kommentar

Nytt russisk propagandaverktøy

Ei ny russisk ordbok formidlar verdssynet til Kreml.

Den nye ordboka er eit propagandaverktøy for styresmaktene i Kreml og skal formidle «tradisjonelle russiske verdiar» som er utforma i samråd med Den russisk-ortodokse kyrkja.
Publisert Sist oppdatert

Å kontrollere korleis folk tenkjer, må vere draumen for alle autoritære leiarar. Skal ein få til det, må ein først kontrollere språket. Ei definisjonsordbok for statsspråket i Den russiske føderasjonen som vart lansert nyleg, er Kreml sin freistnad på å ta kontroll over det russiske språket.

Ordboka er normgjevande for statleg språkbruk som ifølgje forordet femnar alt frå lovtekstar til utdanning og massemedium. Her kan altså byråkratar, skulelærarar, studentar og elevar finne ut kva ord ein kan nytte, og kva dei tyder – ifølgje Kreml.

Venteleg blir dette eit hendig verktøy for styresmaktene om dei vil gjere livet surt for brysame undersåttar, og for angjevarar som vil sverte kollegaar og andre. Om til dømes ein skulelærar skulle komme i skade for å bruke eit ord på ein måte som ikkje er i tråd med ordboka, er det fritt fram for elevar og foreldre å melde frå.

Tradisjonelle verdiar

Men framfor alt er ordboka eit propagandaverktøy for styresmaktene i Kreml. Ved å velje ut ord, definere dei slik dei ønskjer, og gje ideologisk korrekte døme formidlar ordbokredaktørane Kremls verdssyn. At målet med ordboka er ideologisk, legg redaktørane ikkje skjul på.

I forordet legg dei stor vekt på at ordboka skal formidle «tradisjonelle russiske verdiar» som er utforma i samråd med Den russisk-ortodokse kyrkja.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement