Kommentar
Den store vendinga
USAs fremste oppgåve i det 21. hundreåret er ikkje lenger å spreia demokrati, men å tryggja seg sjølv.
Teikning: May Linn Clement
«Amerika fyrst» er bodskapen i USAs National Security Strategy 2025 (NSS 2025). Om det ikkje var tydeleg nok frå før, er det no lite rom for tvil: Trumps USA har forlate ambisjonen om å vera demokratiets globale sponsor og vernar.
Trump-regjeringa gjer likevel eit unnatak for Europa, som ifølgje dokumentet står «i fare for å bli utradert av historia» – dels fordi høg innvandring har utvatna europisk kultur, dels fordi styresmaktene i Europa er ute av takt med sine eigne borgarar. Men USA er viljug til å hjelpa med å berga stumpane av den europeiske sivilisasjonen.
Dette dokumentet – på om lag 30 sider, publisert av Det kvite huset 4. desember – er både ei politisk programerklæring og eit ideologisk manifest. Det gjev eit uvanleg klart innblikk i korleis Trump-regjeringa forstår USAs rolle i verda.
Kva er ein NSS?
Ifølgje amerikansk lov skal presidenten jamleg leggja fram ein tryggingspolitisk rapport for Kongressen. Føremålet er å gje ei samla framstilling av trusselbiletet og samla ulike delar av statsapparatet rundt felles prioriteringar. Rapporten gjev rammene for forsvarsbudsjett, militære satsingar og diplomatisk verksemd. Samstundes sender det signal til omverda om korleis USA vil opptre internasjonalt.
Tidlegare NSS-dokument har gjerne framstilt USA som normsetjar og verdspoliti. Bill Clintons NSS frå 1994, med undertittelen Engagement and Enlargement, presenterte USA som ei drivkraft i utbreiinga av demokratisk styresett i Aust-Europa. George W. Bushs NSS frå 2002 kunngjorde at USA hadde rett til å gå til forkjøpsåtak. Barack Obamas frå 2015 la vekt på internasjonale institusjonar, folkerett og multilateralt samarbeid – og peika på at dei største truslane mot USA kunne koma innanfrå, frå USA sjølv.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.