Kommentar Lite brød og mykje sirkus Er du i tvil om kva parti du skal røysta på? Fortvil ikkje, det står eit stort korps av spesialistar klare til å hjelpa deg.
Krig I Jan Inge Sørbø «Tanken på at det er nødvendig å ofra menneskeliv, militære og sivile for å sikra politiske mål og materielle gode, er vanskeleg å forsvara etisk.» Les kommentaren her.
Kommentar I Jan Inge Sørbø Evangeliet etter Vestre Det finst store ledige ressursar på norske sjukehus, som kan frigjerast ved bruk av ny teknologi og betre digitale system.
Kommentar I Jan Inge Sørbø Media som dømande makt Pressa skal avsløra maktmisbruk og korrupsjon. Men pressa har ikkje domsmakt. Går den distinksjonen tapt, blir det ingen skilnad på legitim avsløring og heksejakt.
Kommentar Støre og krisa i sosialdemokratiet Må det ein ny partileiar til for å berga restane av det sosialdemokratiske innslaget i norsk politikk?
Kommentar Ein utradisjonell tradisjonalist Med Sunniva Gylver som biskop blir gamle skiljeliner i teologien omkalfatra.
Hovdens fredssalme I 1923 sende Anders Hovden salmen «Joleklokker yver jordi» til bladet Under Kirkehvælv, der han kom på trykk same året.
Bok Kielland i fyr og flamme Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.
Kommentar «Den romslegare økonomien til folk flest vert eten opp av dei økonomiske problema til kommunane.»
Bok Sviket mot dei sjukaste Randi Rosenqvist har skrive eit glødande kampskrift for den pasientgruppa ho har arbeidd med i femti år.
Kommentar Eit dårleg varsel At varslingsordninga blir brukt i politikken, og at media krev raske svar, er det mange som taper på.
Kommentar Støre undervurderer folk flest Det var ein offensiv statsminister vi såg på den halvårlege pressekonferansen måndag.
Bok HEGEL UTAN STøV Sigurd Hvervens omfattande bok om Hegel er noko av det mest imponerande eg har lese på lang tid.
Bok Eit poetisk livsprosjekt Ei fascinerande samling av hans eigne artiklar markerer 100-årsdagen for fødselen til Asbjørn Aarnes.
Bok Tett på Langslet Vi møter Lars Roar Langslet som katolikk, idéhistorikar, kulturjournalist og redaktør, og mannen som var engasjert i språk, litteratur og kunst i Den andre historien.
Kommentar ARNE GARBORG, PENGANE OG LIVET Det er hundre år sidan Arne Garborg døydde. Tendensen er at ein gløymer den kvasse, ja, nesten rabiate debattanten og i staden hugsar han som den aldrande vismannen.
Kommentar I konflikt med allmenn rettskjensle Den 23. november skal Oslo tingrett ta stilling til ei sak mellom asylsøkjaren Suel Hussein Kassembo og staten.
Kommentar Farseplattforma Saka om Helseplattforma i Helse Midt framtrer vekselvis som tragedie og som farse.
Kommentar Vår skuld til Libya Når rekneskapen av skuld og ansvar skal gjerast opp, kan også norske politikarar koma på tiltalebenken.
Kommentar Vår skuld til Libya Når rekneskapen av skuld og ansvar skal gjerast opp, kan også norske politikarar koma på tiltalebenken.
Kommentar Den som kviskrar på torget Det gjer godt å lesa Marilynne Robinson; ein får tilbake trua på at det finst andre krefter enn dei enkle ideologiane og dei forenkla slagorda.
Kommentar Ein må snu meir enn steinar Den fallande interessa for lærarutdanning varslar ei kulturkrise der problema til barn og unge blir ignorerte. Skal krisa avverjast, nyttar det ikkje med videosnuttar og informasjonskampanjar.
Kommentar Utsett inntil vidare Vi vil ikkje ha snakk om naturvern og miljø no. Diskusjonen er utsett inntil vidare.
Kommentar Ein klovn til å gråte av Atle Antonsen har fått eit eineståande gjennombrot i media dei siste vekene, men det er ingen grunn til å gratulera.
Kommentar Arven etter Georg Johannesen Det er ein slags historisk ironi i at portrettet av denne mest rabiate Nato-motstandaren kjem ut i ei tid der dei skandinaviske nabolanda melder seg inn i alliansen.
Kommentar Ansvar for dei sjukaste Tanken på at ein skal kunna avgrensa talet på alvorleg psykisk sjuke til 3000 i eit land med fem millionar, er naiv og skremmande.
Kommentar Ytringsfridom på billegsal Medan Europa står i ei alvorleg krise der vi av all makt støttar dei liberale rettane og fridommane, skjer det eit billegsal av dei same prinsippa.
Staten som religiøs kontrollør Å ta frå Jehovs vitne statsstøtta kan vera første steg mot statleg regulering av religion, som fort kjem i motsetnad til religionsfridommen.
Ei bøn til statsministeren Statsminister Jonas Gahr Støre bør sjå på dei uverdige ordningane til ureturnerbare asylsøkjarar – at ein tek både stemme, identitet, papir og livsmeining frå dei som er fanga her i landet.
Kommentar Lucia på pressekonferanse Skal ein krevja vaksine som vilkår for å få arbeida på ein norsk arbeidsplass? Det er prinsipielt vanskeleg av fleire grunnar.
Kommentar Totalitære tendensar Dei liberale rettane som ytringsfridom, politisk deltaking og organisasjonsfridom er kjernen i vestlege demokrati, og det er grunn til å heva røysta når dei er truga.
Kommentar Er det for mange utlendingar i norsk akademia? Akademikarar i Noreg har ei særleg plikt til å kjenna og formidla kunnskap om Noreg.
Bok Lett og grundig om 1800-talet Det blir laga mange halvgode vitsar om forholdet mellom historie og historier. Men på sitt beste kan ein kombinera evna til å fortelje historier på ein fengjande måte med det å formidla historie som fag.
Historie Bokstavtru opprørar Den 3. april var det 250 år sidan Hans Nielsen Hauge vart fødd. Den norske profeten søkte religiøs autoritet, men presteskapet stilte seg i vegen.
Historie Med kall frå Platon og Jesus Egil A. Wyller skapte eit livsverk med originale kombinasjonar. Platon-tolkingar, inderleg Kristus-tru og eit livs bearbeiding av eigne og familiens erfaringar frå okkupasjonstida munna ut i ei stor forteljing der Wyller-familiens liv og vestleg tru og tanke går i eitt.
Kommentar Å måla born med norsk tommestokk Førskulelærarane er sinte. Dei er plaga av Kunnskapsdepartementet og minister Guri Melby. For tredje gong på ti år har dei fått beskjed om å måla språkprestasjonane til alle barnehagebarn før borna forlèt barnehagen og byrjar på skulen.
Det digitale paradiset Pandemien har teke frå oss dei sosiale møteplassane og erstatta dei med skjermar og telefonar.
Kommentar Splitting i sentrum Det nye partiet Sentrum, med Geir Lippestad som initiativtakar, samlar underskrifter for å kunna stilla til val neste år.
Kommentar Heile folket i aktivitet Når Høgre argumenterer sterkt for tillit når det dreier seg om ordningar for næringslivet, tek det seg ikkje godt ut å satsa på maksimal mistillit når det gjeld dei som fell utanfor arbeidslivet.
¿ Ytringsrom og tillit Kven skal setja grensene for kva som kan ytrast offentleg? Dette klassiske spørsmålet har stått sentralt i alle demokratiske samfunn, fordi ytringsfridom er noko av det som skaper demokrati.
Kommentar Innovasjon eller repetisjon? Stortingsmeldinga om innovasjon i offentleg sektor illustrerer at skiljet mellom økonomisk analyse og ideologi er uskarpt. Det som blir presentert som nøytrale omgrep, blir umerkeleg forma om til ein rigid politisk ideologi.
Liberal kannibalisme Trugsmålet mot frie ytringar kjem ikkje berre frå autoritære politikarar. Også kapitalistar kan kvela dei kritiske media.
¿ «Frykten er din venn» Mange av oss er redde no om dagen, nokre berre litt urolege, andre er meir plaga. Men frykt og uro kjenner vi alle på. Den kjende hypokondrilegen Ingvar Wilhelmsen blir sitert på at den som ikkje har helseangst no, treng terapi.
Administrative sanksjonar Dersom sanksjonane frå forvaltninga blir hardare enn straffene i rettsvesenet, har vi eit problem.
Utvalet til utvala Mange utval som blir sette ned, blir fylte opp av menn mellom femti og sytti år, med kvit hudfarge og postnummer som byrjar med 1.
¿ Makt og avmakt Alle i maktposisjon vil potensielt kunna argumentera på dette viset: Klagene over overgrep er berre eit uttrykk for maktkamp.
Farlege tankesmier Terroren har vist seg på norsk jord igjen. Også denne gongen er det dei høgreradikale miljøa som har levert tankegodset som ligg bak.
Skal vi lysa krig mot Iran? Den 1. september 1939 lyste («erklærte») Frankrike og England krig mot Tyskland. Det var starten på ein grufull krig.
Kommentar Eit sommareventyr Det er blitt større aksept for at politikarar og andre offentlege aktørar prøver seg med halvsanningar og kvartløgner.
Stillfarande og sterkt Den tause sønnen er ei gripande kjærleikserklæring til guten som ikkje seier noko.
Apokalypse no Media fløymer over av nye undergangsprognosar. Kanskje med sterkare grunnar enn på lenge.
Nytt år, ny budsjettpine Med årsskiftet kjem budsjettpina. Ein har så mange gode føremål i stat og kommune, og så altfor lite pengar.
Julefred – utan mikrofonar i skjul Er det nokon som burde forstå skilnaden på open scene og bakrom, er det journalistane.
Kommentar Geispar løvene? Denne veka opna det 163. stortinget, med kongeleg pomp og prakt og bunadskledde representantar.
Kommentar Pustepause i fusjonsraseriet Siste nytt frå regionreforma: Forhandlingane om konstruksjonen Viken blir lagde på is.
Kommentar Ytringsfridom i transitt Kva er vilkåra for ytringsfridommen her til lands? Trass i at retten er garantert i Grunnlova og står sterkt i folket, kan det vera grunn til uro. Ikkje berre blir ytringsfridommen pressa av totalitære ideologiar, men sjølve forståinga av kva ytringsfridom inneber, er under press.
Kommentar Den raude fare I ei tid då høgrepolitiske parti skiplar den politiske balansen i land etter land i Europa, ser ein på Bjørnar Moxnes som det største trugsmålet.
Kommentar Det umisselege Det hender eg blar meg ned gjennom kommentarfelta i nettdiskusjonar. Det kan vera ei rystande oppleving. Argumentasjon og usemje blir avløyst av skjellsord og stundom trugsmål.
Kommentar Ein reisande i vers og satire Finst det ein kjerne hos Aasmund Olavsson Vinje, ligg han i det at han såg ei sak frå minst to sider, stilte seg utanfor og utfordra dei mest sjølvsagde tankane i samtida.
Kommentar Omkamp om re ttstryggleiken Å gje staten heimel til å suspendera viktige rettar er ikkje utan risiko. Det visste opinionen i 1950, og har statsapparatet gløymt det, må vi minna dei på det.
Kommentar Hatretorikk og humanitet Dette er ei bekymringsmelding. Viktige prinsipp i rettsstaten er truga. I dette tilfellet er det mest alvorlege kven trugsmålet kjem frå. Avsendaren er regjeringa Solberg.
Kommentar Sjå det i augo Eg les Helga Flatlands romantrilogi om norsk krigføring i Afghanistan. Innimellom ser eg på meldingane frå konflikten kring Korea. Det slår meg at fleire av aktørane burde lesa Flatlands romanar.
Kommentar Retten til å vera krenkt Lita tue kan velta stort lass, og lita sak kan vekkja stor debatt. Det kan ein trygt seia om krenkingsdebatten, som vart utløyst av noko nært ei ikkje-sak: at finansministeren var utkledd som indianar.
Kommentar Jonas Gahr Støre er mannen Alt på valnatta var gribbane på plass: Dei ville sikra seg eit kjøtfullt stykke av Taparen.
Kommentar Eit val mellom elefantar Det er ikkje berre éin elefant i valstudio. Det er ein heil flokk.
Kommentar Vitskap i skot lina Generelt er pengestraumen mellom industri og forsking eit større trugsmål mot vitskapen enn sekteriske vitskapsmotstandarar i religiøse og alternative miljø.