Kommentar
Offer og overgripar i Epstein-universet
Frigjevinga av Epstein-dokumenta avdekker eit univers som det er ubehageleg å tenkja på.
Nye Epstein-dokument blei presenterte 2. januar i år.
Montasje: Jon Elswick / AP / NTB
Den grovaste delen av det – å lura unge jenter inn i slaveliknande seksuell utnytting – har vore kjend og granska av amerikansk rett. Vi kan venta fleire detaljar etter kvart som offera står fram. Det som blir avdekt no, er korleis denne kyniske verksemda var knytt saman med andre og tilsynelatande heiderlege aktivitetar.
Epstein var ein etterspurd person som i kraft av pengar og nettverk var mellom dei aller mektigaste i verda og kunne yta hjelp i humanitært arbeid og hjelpa folk til større politisk påverknad. Det første framstår i ettertid som moralsk kvitvasking av bordellverksemda i kjellaretasjen, det siste som kjøp og sal av politisk makt, utan moralsk og politisk kompass.
Glidande overgang
Difor er det ein glidande overgang mellom offer og medskuldige i denne delen av Epstein-imperiet. Det er uklårt kor mange som visste om kva som gjekk føre seg på festane i den moralske underetasjen. Vi må rekna med at informasjon om dette vart aktivt halden borte frå dei ytste sirklane i dette mørke sosiale systemet.
Inst i sirkelen var dei aktive deltakarane. Somme av desse er dømde, men slett ikkje alle. Vi må også rekna med at Epstein kunne bruka kunnskapen om desse kriminelle forholda til å pressa mektige aktørar til å yta han tenester. Her skil ikkje verksemda hans seg vesentleg frå det hemmelege tenester ofte har brukt.
Trugsmål om å offentleggjera kompromitterande bilete er eit sterkt verkemiddel, kjent frå KGB, men nok brukt av mange andre også.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.