Kommentar
Evangeliet etter Vestre
Sist veke vakna det norske folk til ei gladmelding frå helsevesenet. Det finst store ledige ressursar på norske sjukehus, som kan frigjerast ved bruk av ny teknologi og betre digitale system.
Teikning: May Linn Clement
Legar, sjukepleiarar og psykologar brukar i dag store delar av arbeidstida på oppgåver som er sekundære: journalføring og administrasjon. Mykje av denne tida kan smartare organisering og betre bruk av IT-teknologi frigjera, og dermed kan relativt store prosentar av tida til slike fagfolk frigjerast til beste for pasientane.
Kjelda for dette helseevangeliet er ein rapport ført i pennen av Oslo Economics, på bestilling frå Helsedepartementet. Bakgrunnen er interessant. Departementet har sett saman ei arbeidsgruppe med representantar for dei ulike yrkesgruppene i helsevesenet og fagforbunda deira. Desse er blitt intervjua av dette konsulentfirmaet, for å høyra kvar dei tilsette opplever at dei brukar tida på feil oppgåver.
Rapporten har fått namnet Effekten av å fjerne tidstyver i sykehus. Dei har systematisert svara og kvantifisert dei, og kan presentera prosenttal på kor mykje dei ulike faktorane stel av tida som skulle gått til pasientbehandling. Sjølv om det har vore massive diskusjonar og konfliktar knytte til datasystem i helsevesenet i seinare år, er dette ikkje ein av dei fem kategoriane, men går inn i kategorien «bygg og utstyr». Dette fordi det visstnok er bestilt ein annan rapport om dette.
Store tal
Det dreier seg om store tal. Fleire av faggruppene har eit «potensiale for frigjort tid» på omkring 15 prosent. I NRK-oppslaget vart dette knytt saman med at det finst «tusenvis av leger og sykepleiere». I ei gruppe med 1000 helsearbeidarar er det altså eit potensial på om lag 150 stillingar som kan setjast inn i meir primære helseoppgåver. Og talet på helsearbeidarar er høgt.
Kva kan så gjerast med dette? Det er to hovudretningar i det rapporten foreslår: Betre organisering, der ein skal ta utgangspunkt i sjukehus og avdelingar som i dag fungerer godt. Og betre IT-system, som skal få ned tida personalet brukar, og som maskinane kunne gjort fortare og betre.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.