Kommentar

Geispar løvene?

Denne veka opna det 163. stortinget, med kongeleg pomp og prakt og bunadskledde representantar.

Publisert

Vi les at det er det yngste stortinget på lenge, kanskje nokon gong, og det yngste parlamentet i verda. Det er uvanleg mange under 30 år mellom representantane.

Er det eit teikn på vitalitet, eller tyder det på krise? Det er godt at unge folk får koma inn og få ein sjanse. Vi har jo også sett at folk som kom tidleg inn i politikken, har vist talent og fått sentrale verv, som Hadia Tajik (Ap), eller prega politikken lenge, som Kjell Magne Bondevik (KrF).

Faresignal

Men det sterke ungdommelege innslaget kan òg vera eit faresignal. Det er blitt vanleg å gå ut av politikken på eit tidleg tidspunkt, gjerne til PR-bransjen, fordi ein ikkje finn tilværet på stortingsbenken interessant. I vårt system er ikkje inntektene til dei folkevalde særleg høge, og vil ein bli steinrik, må ein finna seg andre jaktmarker. Skal ein vera politikar, må ein finna sjølve politikken meiningsfull. Dersom for mange gir seg etter ein periode eller to fordi dei finn det lite meiningsfullt, er det eit dårleg teikn.

Blir politikarane trøytte og motlause, kan det ha å gjera med det ein har kalla «avpolitisering av politikken». Det tyder at politikken trekkjer seg tilbake, styrer mindre og delegerer meir. På høgresida gir ein fleire oppgåver til det private, på venstresida lener ein seg til administrasjonen. I begge tilfelle blir det mindre att til politikken sjølv. Eitt av mange aspekt ved kampen mellom byråd og administrasjon i Oslo kommune handlar om maktfordelinga mellom politikk og administrasjon.

Den sjølvstendige og frittenkjande Høgre-representanten Georg Apenes skreiv i 1989 boka Løven gjesper. Han var bekymra for at makta hadde flytta seg vekk frå politikken. Politikarane diskuterte småsaker, debattane handla om bagatellar og små promillar av statsbudsjettet, medan dei store sakene vart avgjorde andre stader. Den norske løva i riksvåpen geispa og kjeda seg. Det er ei problemstilling som ikkje er blitt mindre aktuell etter den tid.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement