Kommentar
Det manglar ikkje på mørke framtidsscenario, skriv Jan Inge Sørbø
Han vil likevel peika på eit oppmuntrande trekk.
Synet på USA har endra seg radikalt på kort tid i norsk opinion. Ei fersk meiningsmåling gjord for NRK syner at to av tre nordmenn er bekymra eller redde for vår største allierte. Det er dramatiske tal. USA-kritikk har tradisjonelt vore ei sak for partia til venstre for Arbeidarpartiet. No breier otten seg i store delar av det politiske spekteret.
Odd Børretzens melankolske tekst «Vi drømte om Amerika, men ikke lenger nå» skildrar ikkje lenger ein minoritet. Og forklaringa er nokså enkel: ei aukande mistru til president Donald Trump, som har eksplodert på grunn av grønlandssaka.
Det manglar heller ikkje på mørke framtidsscenario hos kommentatorane. Ei verdsordning er gått tapt. Internasjonal lov og rett er no definitivt overkøyrt. Og diverre er desse prospekta godt grunngjevne.
Men la meg peika på eit oppmuntrande trekk. Medan vi har sett ein forbløffande toleranse for Trumps merkelege sirkusaktige høgrepopulisme i amerikansk opinion (og hos norske fans), ser vi no teikn til ein sterkare opposisjon. Motstanden frå det demokratiske partiet har vore der heile tida, ofte prinsipiell og fyndig, hos folk som Charles Schumer, Bernie Sanders og andre. Rettsvesenet blir pressa, men det finst motstand også der. Guvernørane i demokratiske statar, som Gavin Newsom i California og Tim Waltz i Minnesota, er veltalande og sterke i kritikken av Trump-regjeringa, og blir møtte med sterke mottiltak. Trump brukar rettsvesenet mot dei og held fram politiseringa av retten. Men dei bøyer ikkje av.
Kanskje viktigare er det at vi i det siste har sett fleire på republikansk side som mobiliserer mot sin eigen president. Eit spektakulært eksempel er Marjorie Taylor Greene, som har vore ein av dei mest fanatiske tilhengarane av Trump, og som har trudd på dei villaste konspirasjonsteoriane han marknadsfører, inkludert bløffen om det rigga valet i 2020.
Greene er sterkt religiøs, og det som vekte henne frå Trump-illusjonane, var presidentens korreksjon av Bergpreika, som byd oss å elske fiendane våre. Dei ville han korkje tilgje eller elska, men forfølgja og skada, fortalde han verda. Og det i gravferda til Charlie Kirk, der Erica Kirk sa at ho tilgav mordaren. No kjem Greene med svært interessante forteljingar om korleis det var å vera i blåhaugen til Trump og dela illusjonane hans.
Men vi får også meldingar frå mindre emosjonelle aktørar. Thom Tillis er senator for Republikanarane, og har ytt motstand både mot Trumps «Big Beautiful Bill» – skattereforma hans – og no grønlandssaka. Saman med Lisa Murkowski var han i København for å visa si støtte til den danske sida, i lag med ni demokratiske senatorar. Og dei talar sterkt og klart om det absurde i å angripa eller annektera eit alliert land.
Dei republikanske senatorane som ikkje følgjer ordre, må rekna med at det blir vanskeleg å bli nominerte på ny.
Dette er ikkje kostnadsfritt. Dei republikanske senatorane som ikkje følgjer ordre, må rekna med at det blir vanskeleg å bli nominerte på ny. Dei set karrieren på spel.
Demokratiske politikarar opptrer også med stor personleg risiko. Trump har som kjent lenge brukt rettsvesenet og eit kompromittert FBI mot politiske motstandarar. Då fleire demokratiske senatorar laga ein video der dei rett og slett siterte den amerikanske konstitusjonen, og peika på at om ein blir beden om å utføra ein ordre (i militæret) som strid mot konstitusjonen, så pliktar ein å nekta å følgja ordren.
Etter dette fekk representantane Elissa Slotkin og Mark Kelly beskjed frå Det kvite huset om at oppfordring til opprør og ordrenekt innebar dødsstraff, og dei vart også innkalla for å forklara seg. Kelly er pensjonert general, astronaut og krigsveteran, og har i utgangspunktet ein moralsk autoritet som unnasluntraren i presidentstolen berre kan drøyma om. Og han forklarer, med det amerikanske flagget i bakgrunnen, kvifor Trump ikkje skal truga han til å teia. Det same seier Slotkin, som samstundes avslører at trugsmåla mot henne kom opp i 1000 meldingar etter utspelet frå presidenten, trugsmål så alvorlege at både ho og familien måtte leva under dei strengaste tryggingstiltak.
Det er deprimerande å lesa om, men samstundes oppmuntrande at det finst folk som står opp mot det som skjer. Det krev både mot og klokskap, for om protestane blir ville, kan det utløysa unntakstilstand, som gjer at val blir utsette eller avlyste.
Medan Trump har samla støtte med kritikken av politikarar som ikkje greier å hjelpa folk flest, har sakene med brutale aksjonar mot immigrantar (inkludert fleire drap), ein tollpolitikk som aukar prisane, og dei utanrikspolitiske eventyra med å annektera andre land, lite gjennomslag mellom veljarane hans. Folk forstår ikkje kvifor han skal gå til åtak på fredelege Danmark, kanskje det mest USA-lojale landet i Nato. Dei skjemmest av presidenten. Dette vippar sympatien bort frå Trump-sida.
Og det fører meg til poenget: Vi må førebu oss på at Trump gjer det han har sett seg føre, det gjer han ofte. Men vi må heller ikkje gløyma at dei villaste ideane hans no møter motstand, kvalifisert motstand av modige menneske som står opp mot han, til stor personleg kostnad. Det finst ikkje berre eitt scenario, det dystopiske. Det kan henda at den andre sida vinn fram, og at dei verdiane som no blir forskusla og forhåna, blir viktigare enn før for den store amerikanske nasjonen. Det krev både sjølvransaking og mot. Det finst aktørar som har begge delar.