Kommentar

Ein reisande i vers og satire

Finst det ein kjerne hos Aasmund Olavsson Vinje, ligg han i det at han såg ei sak frå minst to sider, stilte seg utanfor og utfordra dei mest sjølvsagde tankane i samtida.

Publisert

Den 6. april er det 200 år sidan Vinje vart fødd. Men å lesa skriftene til Vinje gir inga kjensle av museum. Satiren overgår det meste av dagens yrkeshumoristar, og blikket for sosiale skilnader, dygder og laster i felleslivet gjer framleis inntrykk på min generasjon, som vart dynka i Marx og døypte i Bourdieu. Dei sosiale skilnadane som ligg i smak, språk, husgeråd og kultur, gjer Vinje til ein av dei store sosiologane i sin generasjon, parallelt med Eilert Sundt.

Kanonisk

Vinje tok artium i 1850 og juridisk embetseksamen i 1856. I studietida utfalda han seg som Kristiania-korrespondent i Drammens Tidende og skribent i Andhrimner. Desse åra vart nynorsken til; Aasen sende ut grammatikken og ordboka si i 1848 og 1850. Vinje var interessert, sjølv om han i første omgang mest tok norske ord og uttrykk inn i dansken. Men frå første nummeret av Dølen i 1858 tok han spranget over i landsmålet, og på dei tolv åra han framleis fekk leva, demonstrerte han krafta i målet med stor tyngde innanfor journalistikk, essay, reiseskildring, lyrikk og forteljingar. På dei fleste av desse områda skapte han kanoniske tekstar.

Mest kjende er dei sentralllriske tekstane hans, som «Ved Rundarne», «Våren» og «Det syng for Storegut», som også har plass i songskatten. Men han har også ei rekkje tankedikt, som «Tyteberet», «Nationalitet» og «Ved ei Aa», der han stør seg til Aasen, visdomslitteraturen og ordtøka. Og han har mange humoristiske dikt, som ein sjeldnare støyter på.

Det er likevel i prosaen han får størst armslag. Vinje gjorde ei lang sosial reise, frå Plassen i Vinje via seminar i Kviteseid og Asker og heilt fram til juridikum. Han var bondestudent 20 før Garborg skapte ordet. Og motsett Daniel Braut, såg han på alle stadia av livsferda si som kjelder til innsikt. Han heldt fast ved klokskapen hos reflekterte bygdefolk, som med godt vit og nyfikne kunne ha betre dømekraft enn dei lærde. Han var kunnskapstørst og las levande og døde språk parallelt med lærargjeringa. Filosofi las han attåt jussen. I journalistikken tok han mønster etter både Holbergs epistlar og engelsk og tysk opplysning. Han lærte seg engelsk på eiga hand og skreiv bok på engelsk om Storbritannia. Og han skreiv drepande kritikkar av dei viktigaste aktørane i samtida: Bjørnsons bondeforteljingar, Ibsens Brand, Monrads kritikarverksemd og den dominerande politikaren Schweigaard.

Suksess

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement