Kommentar

Omkamp om re ttstryggleiken

Å gje staten heimel til å suspendera viktige rettar er ikkje utan risiko. Det visste opinionen i 1950, og har statsapparatet gløymt det, må vi minna dei på det.

Publisert

I 1950 stod det ein hard strid om kva slags juridiske rettar borgarane skal ha i ein krig eller krigsliknande situasjon. Omsynet til å kunna kjempa effektivt mot fienden stod mot omsynet til rettstryggleiken til borgarane. No legg Solberg-regjeringa opp til ein reprise av dette oppgjeret, utan at det er heilt klårt kva dei ynskjer.

Det var i 1950 at den andre Gerhardsen-regjeringa la fram utkast til dei såkalla beredskapslovene. Eit av forslaga var at det skulle skipast ein «forræderidomstol» som skulle døma i landssviksaker. Sakshandsaminga skulle ikkje ta meir enn 48 timar, og det gjaldt dødsstraff. Ein dom skulle ikkje kunna ankast. Ein skulle også kunna arrestera folk dersom dei førebudde forræderi eller landssvik, og gjennomføra sikringstiltak mot dei. I slike saker skulle politiet kunne halda folk fengsla i 30 dagar utan dom, og departementet skulle kunna forlenga fengslinga utan tidsavgrensing.

Lovene opna også for sensur av trykksaker og presse og for telefonavlytting. Desse lovene skulle primært tre i kraft dersom landet kom i krig, men ein opna også for å ta dei i bruk i «krigsliknande situasjonar».

Gerhardsen-regjeringa la fram forslaga i august 1950, og det endelege vedtaket vart gjort i desember same året. Men det var modifisert. Avsnitta om ein eigen domstol for landssvik var borte, like eins dei sterkaste formuleringane om sensur av presse og litteratur. Den modifiserte utgåva er framleis norsk lov (kjelde: Pax Leksikon 1978).

Offentleg engasjement

Grunnen til at lovene vart modifiserte, var eit uvanleg sterkt offentleg engasjement. Det vart samla inn meir enn 10.000 underskrifter, det vart vedteke og sendt ei rekkje resolusjonar. Og ikkje minst kom kultureliten på banen. Dei kulturradikale forfattarane, med Helge Krog og Sigurd Hoel i spissen, såg straks at dei liberale rettane i samfunnet var truga, og sa klart frå om det. Det var ein debatt med sjeldan intensitet.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement