Farlege tankesmier

Terroren har vist seg på norsk jord igjen. Også denne gongen er det dei høgreradikale miljøa som har levert tankegodset som ligg bak.

Publisert

Åtaket på Al-Noor Islamic Centre i Bærum var målretta og heng saman med førestillingar om at innvandrarar generelt, og muslimar spesielt, er eit trugsmål mot eit norsk «oss».

Når ei sak som denne skal etterforskast og utgreiast, vil det heilt sikkert koma fram element som er knytte til gjerningsmannens biografi, psykiske helse og utvikling mot eit destruktivt handlingsmønster. Slik må det vera.

Men denne opprullinga må ikkje dekka over at vi har å gjera med eit politisk problem, og djupe politiske straumdrag. Mange av dei høgreradikale terroristane i inn- og utland har vore gjennom kriser, kjærleikstap og isolasjon og har vore plaga individ. Det kan ha sitt å seia når dei tek ei resolutt avgjerd om å drepa og øydeleggja. Om dei var lukkelege, hadde meiningsfullt arbeid og var i gode relasjonar, ville dei kanskje ikkje sett seg sjølve og andre på spel på denne måten.

Kollektive mønster

Men kva slags handlingar ein grip til når ein er desperat, er inga individuell sak. Det har å gjera med kollektive mønster som ligg i kulturen. Når individa blir svake og skrøpelege, ser dei seg om etter roller som gjer dei store og heroiske, og i dag kan ein finna dei i politiske ideologiar. Og den politiske ideologien som har ført til størst skade her til lands, er høgreekstremismen.

Det ligg i sjølve førestillinga om at kulturen vår er under åtak frå «dei andre», at vi er i ein krigstilstand som mange ikkje har oppfatta, men som den høgreradikale har ei slags privilegert innsikt i, og som han freistar å gjera tydeleg gjennom terrorens blodige språk. Difor er han i eigne augo ikkje berre krigshelt, han er også ein profet som riv sløret bort og viser oss at vi er i krig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement