Kommentar
Lite brød og mykje sirkus
Er du i tvil om kva parti du skal røysta på? Fortvil ikkje, det står eit stort korps av spesialistar klare til å hjelpa deg.
Illustrasjon: May Linn Clement
Dei ulike partia har vedteke program, etter langvarige debattar og prosessar. Kva dei faktisk vil gjera om dei får makt, er mest utførleg presentert der. Men kven har tid til å lesa partiprogram? Sjølv den avkorta utgåva kan bli for lang.
Den fjerde statsmakta skulle vel hjelpa oss. Politikarane skal ta stilling til store og kompliserte saker, kva slags internasjonale organisasjonar vi skal delta i, korleis vi skal vega miljøomsyn og industriell økonomi opp mot kvarandre, kva som kan gjerast med rotlause ungdommar og kriminelle gjengar.
Og det finst saktens grundige artiklar om dette, om ein ser etter. Men det som er mest synleg, er terningkasta. Etter kvar ny fjernsynsdebatt blir terningen trilla, dels av den politiske eliten (kommentariatet), dels av folket sjølv, som kan trilla terningar i stova og senda resultata inn før alle i debatten har kome til orde.
Terningkast
Og så lyser resultatet mot oss, som store skilt vi kan navigera etter. Etter partileiardebatten i Arendal var det heile fire vinnarar, skal vi tru Nettavisen, og redaktør Erik Stephansen ser i dette ei djup sanning om norsk politikk (datert 11. august 2025). Etter TV 2-debatten kårar TV 2 Støre som vinnar, medan Aftenposten samlar alle medievurderingane og finn at Erna har høgare snitt enn Støre. Ein liten runde på nettet viser at historiske endringar går ekstremt fort i denne fasen av politikken; den som er tapar i juli, kan vera vinnar i august. Og kva som skjer i september, veit vi ikkje enno.
Kommentatorar som gir poeng, har flytande og subjektive kriterium, og stikk ikkje det under stol. Ein god replikk kan gi to hakk opp, tre gode replikkar topplassering. Eit klønete eksempel eller manglande evne til å treffa tempoet kan senka debattanten til botnar. Temperament er bra, sinne er dårleg. Å gå i strupen på motstandaren er bra, men brutalitet er dårleg. Å ha ordet for lenge gir minus, å falla utanfor diskusjonen er katastrofe.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.