Kommentar

Dommedag i dress

Teoriar om undergang som legg skulda på lett identifiserbare grupper, er ikkje ufarlege, skriv Jan Inge Sørbø. 
  

Asle Toje meiner einskapskulturen snart er tapt.
Publisert Sist oppdatert

To aktørar har prega den norske debatten i overgangen til det nye året. Den eine seier at Noreg kanskje vil bli borte, fordi den nasjonale kulturen smuldrar bort (Asle Toje). Den andre møter dei alvorlege utfordringane i samtida med optimisme, basert på eit kvardagsdemokrati som fungerer (kong Harald). Kven skal vi tru på?

Debattant og forskar Asle Toje fyrte opp eit debatt-bål på vesle julaftan som framleis gløder. Det er ikkje eit lite tema han tek opp: Spørsmålet om Noreg vil overleva som nasjon i dei vanskelege tidene som ventar. Og akkurat som J.D. Vance, ei av inspirasjonskjeldene som Toje halvt om halvt siterer, ser han på den indre fienden som den farlegaste, og ikkje invaderande stormakter i aust eller vest.

Empirien er ikkje i orden

Når Toje slik sluttar seg til påstandane i München-foredraget til Vance, kunne vi forventa at argumenta er sterke og empirien i orden. Men slik er det ikkje. Einskapskulturen er snart tapt, skriv han, (for) over 20 prosent av den norske folkesetnaden har innvandrarbakgrunn. Her er den første testen: Kven er desse 20 prosentane? Over halvparten av dei er europearar; skandinavar og polakkar er dei største gruppene. Det Toje meir eller mindre direkte hintar til, er dei såkalla framandkulturelle, særleg dei med ein annan religion. Då er vi under 10 prosent.

Men samtidig som han distanserer seg frå desse gruppene, fremjar han verdiar som er sterke i dei same gruppene. Han er engsteleg for fødselsraten, som er høgre i nokre innvandrarkulturar. Han uroar seg for ein ytterleggåande individualisme. Mange innvandrarar har ei sterkare pliktkjensle i forhold til kollektivet enn vi har, men kanskje til storfamilien meir enn samfunnet som heile. Men dei som går vegen frå storfamilien til full integrasjon, tek med seg noko av denne pliktkjensla.

Eit sekulært samfunn

Tapet av einskapskulturen reiser spørsmålet om han nokon gong har vore her. Samar, kvenar, romfolk og andre vart støytte ut og marginaliserte av «einskapskulturen», som nettopp då viste seg som illusorisk. Einskapskulturen har tradisjonelt vore religiøs, og det er opplagt at vi har flytta oss lange steg mot eit sekulært samfunn. Men kven gjorde det? Sekularismen er det endelege gjennombrotet for kulturradikalismen frå slutten av 1800-talet, og talsmennene for det var folk som Garborg, Ibsen, Bjørnson og Kielland. Det er ikkje polske katolikkar og pakistanske muslimar som har gjort samfunnet vårt sekulært, det er dei sentrale norske kulturagentane.

Og kor presis er diagnostikken til Toje når han ser Noregs undergang innebygd i det liberale velferdssamfunnet? Tore Wig ved Universitetet i Oslo peikar på at dei mest kriseramma landa i Europa snarare er dei som har gitt makta til nasjonalkonservative profilar som Ungarns Viktor Orbán. Velferdsstatar med sterke liberale rettar greier seg best.

Debattanten Espen Goffeng klagar over at debatten har blitt køyrd i grøfta i utgangspunktet, fordi venstresida straks trekte fascisme-kortet. Ironikaren Gisle Selnes vitsa med at dette var utkastet til neste års fredspristale, etter at prisen var tildelt Alice Weidel, leiaren for Alternative für Deutschland. Ein skal ikkje vera for snar med slike koplingar, men Toje inviterer delvis til det når kronikken hans framstår som ei stadfesting av dei politiske visjonane til Vance, som fordømmer alle parti til venstre for tyske AfD og engelske Reform UK.

Det multikulturelle samfunnet

Kong Harald, dronning Sonja og ordførar Håkon Tolsby helsar på barnehagebarn og innbyggjarar i Aremark kommune.

Og la meg her følgja opp Espen Goffeng, som etterlyser ein debatt som faktisk tek inn over seg dei faktiske problema i det multikulturelle samfunnet. Det er problem med gettoar, der dei innvandra kulturane i for liten grad har kontakt med det norske samfunnet. Det er alvorlege problem med kriminalitet, der kyniske spelarar fiskar i dei ikkje-integrerte miljøa. Det har synt seg at integrering tek lengre tid enn ein har sett føre seg, og at for store grupper på kort tid blir for vanskelege å handtera. 

Dette må få konsekvensar for politikken, med strengare kriterium for å koma inn i landet. Det er det faktisk nokså brei semje om.

Men det som ikkje trengst, er ein retorikk som ropar opp om nasjonens undergang, og som gjer utsette grupper ansvarlege for at dette skjer.

Det viktigaste spørsmålet

Skal ein bruka Tojes innspel til noko, må det vera til å drøfta kva det faktisk er som bind saman eit samfunn, og kva som bind saman vårt samfunn. Integrasjonsspørsmålet er kanskje det viktigaste i samfunnsvitskap: Kva bind oss saman, kva gjer at vi handlar fornuftig og legg band på oss til fordel for fellesskapet? Det er ikkje hudfarge og folkeslag, den forklaringa ligg på skraphaugen til historia. Det er heller ikkje religiøs einskap kombinert med statleg disiplin, det er oppskrifta på religiøse diktatur som den nordiske einevaldsstaten praktiserte sin del av. Integrasjon handlar ikkje primært om kven vi er, men om kva vi gjer. Om vi har gode nok forum for samtalar og forhandlingar, frå kvardagsliv til politikk. Då er det lite hjelp i teoriar om undergang som legg skulda på lett identifiserbare grupper med framande språk og underlege klede.

Og her er det kong Harald kjem på banen. Han definerte for nokre år sidan Noreg som gutar som er glade i gutar, jenter som er glade i jenter, og gutar og jenter som er glade i kvarandre. Og som menneske som trur på Gud, Allah eller ingen religiøse figurar. Dei er norske fordi dei bur her. I årets nyårstale fortalde han om korleis han observerer samhaldet mellom desse ulike menneska: Dei handlar saman i kvardagen, møtest i kor og karategrupper, freistar å løysa kvardagens utfordringar så godt dei kan, der dei er. Det er testen. Og desse kvardagsdemokratiske praksisane er framleis mange og sterke, og gjer oss i stand til å møta også det som er farleg og skremmande.

Eg held meg til kong Harald.