Kommentar
Media som dømande makt
Pressa skal avsløra maktmisbruk og korrupsjon. Men pressa har ikkje domsmakt. Går den distinksjonen tapt, blir det ingen skilnad på legitim avsløring og heksejakt.
Teikning: May Linn Clement
Sist veke sende TV 2 eit program i serien Vårt lille land om stortingspresident Eva Kristin Hansen, som var stortingspresident frå oktober til november 2021. Grunnen til at funksjonstida hennar vart så kort, var at det kom påstandar om at ho hadde teke imot ytingar ho ikkje hadde rett på.
Dette hende i ein periode då mange politikarar måtte stå til rette for liknande saker. Det sveid nok ekstra sterkt for Hansen fordi ho sa, då ho vart vald, at noko av det viktigaste i hennar funksjon var å retta opp tilliten til politikarane. Det hadde vore for mange saker om misbruk av støtteordningar, både i storting og regjering. Så vart ho sjølv den neste som blei stilt til ansvar.
Trekte seg
Då saka hennar kom opp, var ho difor snar til å trekkja seg frå stillinga. Då både stortingsadministrasjonen, Riksrevisjonen og politiet innleidde granskingar, såg ho at det ikkje var mogeleg å halda fram medan dette gjekk føre seg. Alt i slutten av november valde Stortinget difor Masud Gharahkhani til ny president.
Her tenkte stortingspresidenten prinsipielt: Det tok seg dårleg ut å ha ein president – nummer to etter kongen – som var under etterforsking. Ho forstod ikkje at ho hadde brote regelverket, men bøygde seg for den autoriteten som låg i Riksrevisjonen og politiet. Men desse institusjonane bøygde seg i realiteten for påstandane i media, som dei seinare fann ut var feilaktige. Desse påstandane kom dermed til å fungera som endelege avgjerder, som dommar, noko dei ikkje var.
To år seinare, i april 2023, slo Riksrevisjonen fast at det ikkje låg føre noko regelbrot frå Hansens side. Forklaringa var truleg at ho var i ein overgangsfase; ho hadde gifta seg med ein mann som budde i Ski, men hadde ikkje formelt flytta inn. I alle fall synte det seg at ingen av dei instansane som gjekk gjennom saka hennar, fann noko feil eller klanderverdig.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.