Stillfarande og sterkt

Den tause sønnen er ei gripande kjærleikserklæring til guten som ikkje seier noko.

Hans-Magnus Ystgaard og sonen Gaute fotograferte på tur i Rondane i 1995.
Hans-Magnus Ystgaard og sonen Gaute fotograferte på tur i Rondane i 1995.
Publisert Sist oppdatert

I seinare år har det kome fleire gode bøker om foreldre som får barn med ulike slag diagnosar. Skjønnlitterære forfattarar som Lars Amund Vaage og Olaug Nilssen trer ut av fiksjonen og fortel ei historie meir direkte, og resultatet har vore både litterært vellukka og menneskeleg sterkt. Det er denne rekka Hans-Magnus Ystgaard skriv seg inn i. Han er bonde, historikar og forfattar av fleire drama og filmmanus. Om vi held fast på samanlikninga med dei to andre, så representerer han ein eldre generasjon. Ystgaard er fødd i 1941, Vaage i 1952 og Nilssen i 1977. Når Den tause sønnen endar, er son hans midt i 50-åra.

Ystgaards bok er prega av dette lange tilbakeblikket. Han nærmar seg 80, og boka munnar ut i ein ottefull tanke om at sonen ikkje vil ha foreldra kring seg når hans tid ein gong er ute. Medan Nilssen skriv nokså direkte ut frå striden ho står midt i, er det meir av ro og resignasjon hos Ystgaard; han er rett og slett i ein annan livsfase.

Velferdsstaten

Det lange perspektivet gjer at boka også blir ei historie om den norske velferdsstaten. Ystgaard minner om kor kort tid det er sidan menneske med utviklingshemming vart omtala som «idiot», eit omgrep som vart skifta ut med «åndssvak», som også er ute av bruk no. Ystgaard minner oss i tillegg om Arne Skouens kraftfulle oppgjer med dei store institusjonane, som han omtala med uttrykk som «vitskapleg tortur».

Forklaringa på den omfattande maktbruken var enkel: Det var ofte opp mot 20 på ein sovesal, og det var lite personale. Son til Ystgaard budde heime til han var 28 år, trass i at han var så å seie språklaus og hadde nokre fysiske vanskar (på grunn av hjerneskade og cerebral parese). Faren skriv innsiktsfullt om korleis dei greier å forstå sonen utan stor bruk av språk.

Han skriv også nyansert om hjelpeapparatet. Det er rørande å lesa om den gode læraren Jorunn som tok hand om ei lita klasse med spesielle behov. Men det er også døme på uforstand og byråkratiske forseinkingar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement