Kommentar

Den raude fare

I ei tid då høgrepolitiske parti skiplar den politiske balansen i land etter land i Europa, ser ein på Bjørnar Moxnes som det største trugsmålet.

Publisert

I det gamle Sovjet blei det produsert ei rekkje systemkritiske vitsar. Her er ein av dei: Leonid Bresjnev fekk vitjing av den gamle mor si då han var etablert som generalsekretær i partiet. Han synte henne stolt rundt i dei slottsaktige romma han budde i, og ikkje minst var han kry av den store samlinga si av veteranbilar. Mora var storleg imponert, men mot slutten av omvisinga kom ho med eit engsteleg spørsmål: «Kva om dei raude kjem tilbake?»

No er det ikkje lenger mor Bresjnev som er engsteleg, det er norsk høgreside. Kristin Clemet erklærte i april at det no er på tide å ta partiet Raudt alvorleg. Å ta dei alvorleg tyder for Clemet å jaga dei ut av debatten, ved å karakterisera dei som illiberale. Ho les programmet, og finn ei rekkje formuleringar der som minner om totalitær kommunisme eller i det minste aggressiv anti-kapitalisme. Seinare har Hanne Skartveit fylgt opp i VG langs dei same linjene. Skulle Raudt koma over sperregrensa og få sterk påverknad på AP, vil eit farleg, anti-kapitalistisk parti kunna prega ei eventuell ikkje-borgarleg regjering. Dei raude vil koma tilbake.

Det er ikkje vanskeleg å finna problematiske element i programmet til Raudt. Det er uklart kva slags økonomisk modell dei ser føre seg. Men det er heller ikkje lett å sjå at dei skulle truga det norske liberale demokratiet.

ubalanse

Vi kan gå inn i feltet frå ein annan synsvinkel. Modernitetsteoretikarar som Gunnar Skirbekk og Jürgen Habermas argumenterer for balanse mellom kreftene i eit moderne samfunn. Dersom eit samfunn blir berre stat, endar det som ein byråkratisk straffeanstalt, som DDR. Dersom eit samfunn blir berre marknad, blir det ein røvarkapitalistisk stat, som Russland under Jeltsin. Dersom eit samfunn blir berre kultur – forstått i sosiologisk forstand – kan det bli ein prestestat som Iran. Det gode moderne samfunnet lèt kultur (normer, verdiar, menneskerettar) setja grenser både for staten og for marknaden. Staten må ikkje bli total, det må heller ikkje marknaden.

Dei negative døma viser at når staten blir for dominerande, allierer han seg med enten marknaden eller kulturen. I den gamle kommunismen slo staten saman økonomi og stat i ein mislukka planøkonomi. Og fordi maktkonsentrasjonen vart for sterk, regulerte dei også kulturen med hard hand.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement