Historie

Med kall frå Platon og Jesus

Egil A. Wyller skapte eit livsverk med originale kombinasjonar. Platon-tolkingar, inderleg Kristus-tru og eit livs bearbeiding av eigne og familiens erfaringar frå okkupasjonstida munna ut i ei stor forteljing der Wyller-familiens liv og vestleg tru og tanke går i eitt.

Egil A. Wyller (t.v.), Hans Skjervheim, Asbjørn Aarnes og Arne Næss teikna av May Linn Clement.
Egil A. Wyller (t.v.), Hans Skjervheim, Asbjørn Aarnes og Arne Næss teikna av May Linn Clement.
Publisert

Filosofen Egil A. Wyller døydde 6. mars, 95 år gammal. Med han er ein av dei mest produktive og originale tenkjarane i landet vårt borte. Forfattarskapen hans er både uvanleg rik og svært mangfelt. I tillegg til å skriva store verk med originale tolkingar av dei klassiske spørsmåla i filosofien skreiv han dikt og sjølvbiografiske tekstar, og han laga ei rekkje omsetjingar.

Kanskje er vi nær kjernen i Wyllers produksjon Åndelige sanger og viser (1977), omsetjinga av Johann Sebastian Bachs Geistliche Lieder, der from kristentru, genuin musikalitet og filosofisk djupne møtest.

Samstundes illustrerer vegen hans i akademia nokre filosofiske spenningar i etterkrigstida. Wyller var utdanna ved Universitetet i Oslo, der han vart tilsett som stipendiat i 1956. Han gjekk gradene som universitetslektor og dosent og var frå 1969 professor ved Filosofisk institutt.

Ein humanistisk familie

Egil Anders Wyller vart fødd i Stavanger i 1925, foreldra var høgsterettsadvokat Trygve Christian Wyller og Anne Kathrine Dons. Bestefaren var stadsfysikus i Kristiania. Wyller-familien var humanistar; onkelen Anders stifta Nansenskolen saman med Kristian Schjelderup.

Under okkupasjonen engasjerte familien seg i motstandsarbeid, og faren vart arrestert og sat i ein tysk Nacht und Nebel-leir, også broren Thomas Christian sat i tysk fangenskap. Wyller har fortalt om denne bakgrunnen i den sjølvbiografiske Konsentrasjon (1995), der han også trykker tekstar av mora og faren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement