JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Vital leseoppleving

Anfinnsen overforklarer ikkje, men lèt lesaren gå inn og trekke samanhengar sjølv.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjersti Feldt Anfinnsen fekk tre prisar for gjennombrotsromanen som kom ut i 2019.

Foto: Marius Fiskum

3409
20211105
3409
20211105

Roman

Kjersti Anfinnsen:

Øyeblikk for evig­heten

Kolon forlag

For romanen De siste kjærtegn (2019) fekk Kjersti Anfinnsen tre litterære prisar. Gjennombrotsromanen, som handla om den pensjonerte hjartekirurgen Birgitte Solheim, har no fått sin oppfølgjar i romanen Øyeblikk for evigheten.

Hjartekirurgen bur framleis i Paris og er no på tampen av sine eigne tilmålte hjarteslag; ho er komen i alderen for «patetiske hjemmeulykker og trygghetsalarmer».

Humor og alvor

Kjærasten til Birgitte Solheim, den tidlegare arkitekten Javiér, slit med sitt mentale forfall. Det blir stadig vanskelegare å vite kvar Javiér er eller ikkje er, men òg fordi Birgitte har si eiga leilegheit, så ho er ikkje alltid til stades. Birgitte på si side har hjelp av og selskap i eit par menneske, særleg Michel M, som lagar mat og hjelper henne med dagleg stell i leilegheita. Ei grandniese kjem så vidt inn i bildet etter kvart. Elles samtalar Birgitte med ei avdød søster, i mangel av altfor mange levande vener og slektningar: «Mitt liv er avfolket.»

Ho ser dårleg, har dårleg balanse, er blitt gløymsk og er generelt frustrert over denne avgrensande vendinga livet har tatt. Samstundes finn ho glede og meining både i notida og i hendingar frå fortida som ho kan hente fram og dvele ved, på ein usentimental måte. Ho er ei usentimental dame. Humor er her òg, som då Javiér hamnar på institusjon og Birgitte kjem på besøk: «Jeg møtte en elefant i heisen her,» sier han. «Er ikke det rart? Elefanter skal jo være i Afrika, de.» «Ja,» sier jeg.

Om Birgitte Solheim har problem med å føte seg, har ikkje forfattar Anfinnsen problem med balansen mellom alvor og humor.

Rom for lesaren

Forfattaren er ingen maksimalist. Den vesle romanen på 109 sider er korthogd og stram, og han har mykje til felles med kortprosaen. Kapitla har alle kvar sin tittel som «Elsket», «Barneensomhet», «Svik», «Detaljer», «Forberedelser», der nokre av kapitla fungerer som enkelttekstar, som denne, med tittelen «Flyt»:

«Jeg har aldri riktig vært i vinden. Da jeg var barn, var ikke barn viktige. Da jeg studerte og arbeidet, var det en klar fordel a° være mann. Og na°, na°r jeg er virkelig gammel, skal man visst være ung i denne verden.»

Likevel er det ei klar historie som utspelar seg, det er lett å følgje handlinga kring hjartekirurgen og den kommande sortien hennar. Dette er ikkje avantgardepoesi forkledd som roman. Anfinnsen tilbyr snarare ein komposisjon som ikkje overforklarer, som ikkje fyller ut alle romma, men lèt lesaren gå inn og trekke samanhengane sjølv. Det skapar ei vital lesaroppleving.

I tillegg ligg det samanhengar mellom handlinga og dei kortare «utsegnene»: I opninga er Birgitte og Javiér på ei tilstelling på Rikshospitalet der Birgitte skal ta imot ei utmerking. Situasjonen fortel om yrket hennar og knyter dessutan årets roman til forgjengaren. Mens dette sitatet seier noko om kven ho som tar imot utmerkinga, er, og kva erfaringar ho har gjort seg: «Det har aldri kommet noe godt ut av mennesker i flokk. Lag pa° lag av korrigeringer ligger like under applausen.»

I eit slikt samspel blir denne korte romanen rikare og meir mangfaldig enn fleire andre romanar med større volum.

Ingvild Bræin

Ingvild Bræin er forfattar, nordist og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Den vesle romanen på 109 sider er korthogd og stram.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Maskinist Ivar Tjøstheim med den flunkande nye bygdekinobilen og Sandvesanden på Skudenes i bakgrunnen.

Foto Brit Aksnes

Feature

Bygde-Cinema Paradiso

STRANDEBARM: Det rører meg djupt at Bygdekinoen framleis eksisterer.

Brit Aksnes

Ole Paus døydde før sjølvbiografien var ferdigskriven.

Foto: Nina Djæff

BokMeldingar
Ronny Spaans

Eit sandkorn i maskineriet

Ole Paus skriv mest om slektsbakgrunn og mindre om artistkarrieren i sjølvbiografien sin, men det forklarar likevel mennesket Ole Paus.

Eit hus i Ål kommune vart teke av jordskred under ekstremvêret "Hans" i august i fjor.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Husforsikring i hardt vêr

Kan klimaendringane føre til at også norske heimar blir umoglege å forsikre?

Folkerørsla for lokalsjukehusa demonstrerer mot helseføretakmodellen utanfor Stortinget i 2017.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Ordskifte
PerVaglum

Vestre må avslutte konflikter og beklage

«Svært mange av de 300.000 som jobber i Helse-
vesenet, merker daglig følgene av Helseforetaks-
modellen som nå videreføres av Ap og Sp.»

Ekstreme nedbørsmengder førte til ein katastrofe i Valencia i Spania 29. oktober. Minst 217 skal ha mista livet, og dei materielle øydeleggingane er kolossale.

Foto: Susana Vera / Reuters / NTB

Samfunn

Prisen for det ville vêret

I forsikringsbransjen er det langt mellom klimaskeptikarane.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis