Vondt og vakkert
Carl Frode Tiller tar sjansen på at boka er klokare enn lesaren.
Carl Frode Tiller debuterte i 2001 og har fått fleire prisar for romanane sine.
Foto: Trine Melhuus
Roman
Carl Frode Tiller:
Flukt
Aschehoug Forlag
«Det er mer mellom himmel og jord enn de fleste andre steder», kunne Fredrik Stabel slå fast, og med dette som utgangspunkt kan ein lese eit intervju i Adresseavisen nyleg der Carl Frode Tiller for første gong snakkar om ei oppleving han som ung mann hadde på ei reise i Guatemala. Han og ein kompis budde på eit pensjonat, og ei natt høyrde dei kampgny, rop og stemmer frå trefningar mellom mayaindianarar og spanske conquistadorar. På eit vis hadde tida rivna, og dei døde strøymde inn i rommet som draum eller røyndom. Denne paranormale opplevinga trekker Tiller inn i Flukt, omarbeidd og tilpassa handlinga. I intervjuet avvæpnar Tiller seg sjølv med eit smil: «Æ har itj vorte religiøs.»
Like fullt er det det religiøse som ligg i botnen av framstillinga, det religiøse slik det framstår i stor kunst, i musikk og i stor litteratur som «det uutsigelige», som Welhaven formulerte det. Denne transparensen eller gjennomlysinga har alltid vore der som ei spegling av noko større, og går ein nokre hundreår bakover i tid, hadde kunsten som oppgåve å spegle Gud.
Draumeaktig
Slike tankar finn ein også i Flukt, som ber i seg ordet «flyktig» i form av noko flytande, noko som er der og glir bort, ut og inn av ulike eksistensar, ulike stemmer, i stadig endring og likevel det same, og hos Tiller blir dette ein viktig del av den draumeaktige komposisjonen og utforminga av teksten og handlinga, som i utgangspunktet er enkel og samtidig svært kompleks og utfordrande gjennom repetisjonar, variasjonar, tangeringar og overgangar lagde opp mot musikken og Bachs komposisjonar.
Handlinga er lagd til Trondheim, sentrert kring det middelaldrande paret Elisabet og Sakarias. Dei er separerte etter at den tolv år gamle sonen Johannes omkom i ei trafikkulukke eit halvår tidlegare. No møtest dei på julaftan og gjer det dei fleste gjer på ein slik dag: er innom kyrkjegarden, besøker gamle foreldre og bestemmer seg omsider for å vere saman denne kvelden og kanskje finne trøyst hos kvarandre.
Dei har takla sorga på ulikt vis: Elisabet druknar sorga i alkohol, Sakarias druknar sorga i arbeidet med ei museumsutstilling kring «Mannen i brønnen» knytt til eit funn på Sverresborg for nokre år sidan.
I eit halvår har dei levd vegg i vegg med det meiningslause og den eksistensielle smerta, og dei klandrar seg sjølve og kvarandre for at dei aldri såg Johannes som han var: ein identitetssøkande og kjønnsforvirra gut som stal sminke frå mora, og som var så mobba at foreldra måtte flytte frå Skatval til Trondheim. Men nissen flyttar med på lasset, og i Trondheim blir alt slik det var: Johannes lever framleis i djup, forvirra einsemd.
Paranormalt
På julaftan set Elisabet seg til klaveret og speler Bachs «Das Wohltemperierte Klavier», slik ho før har gjort som turnerande konsertpianist, og når ho reiser seg, er Johannes der, «og det såg ut som ho glei gjennom rommet, og eg glei etter, eg glei heilt opp i ryggen på henne, og så gjekk eg inn i henne». Her er vi ved det paranormale som Tiller fortel om i intervjuet med Adresseavisen.
Ein kan akseptere det eller forkaste det som ein overspent og fornuftsstridig sorgreaksjon, men likevel: Tiller leverer ein vedunderleg vakker og gripande sluttscene som ikkje gir dei barnet tilbake, men som likevel viser ein måte å overleve på, og som samtidig kastar eit skimmer av lys inn i det totale mørkeret.
Igjen har Carl Frode Tiller levert ein framifrå roman som denne lesaren tar av seg hatten for.
Oddmund Hagen
Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Tiller leverer ein vedunderleg vakker og gripande sluttscene.
Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB