JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

HistorieFeature

Stokk og stein mot stortingsrepresentant

Då det stod på som verst, måtte ungane til Knut Markhus følgjast av politifolk til og frå skulen, fortel barnebarnet Knut Hovland på Halsnøy. Markhus blei kjeppjaga i Trondheim gjennom fire år og er den mest forfølgde stortingsrepresentanten i Noreg.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
FØRSTE FOLKEMØTE. Trondhjems-tilhengjarar ved paviljongen på Rådhusplassen, no ved Trondheim folkebibliotek, truleg 4. juni 1929.

Foto Schrøder / Trondheim byarkiv / Wikimedia Commons

12709
20240809
12709
20240809

Historie

grepstad@online.no

– Bestefar og bestemor reiste frå Trondhjem i 1933. Då kom politiet til dei med desse. Her er våpena.

Den tidlegare bonden og inseminøren Knut Hovland (86) står med to stokkar i handa. Den eine tjukk, den andre tynn, begge om lag 140 centimeter lange. På den tjukke stokken stikk greinfesta ut, klare til slag.

Stokkane ser friske ut.

– Ja, dei er av brake, og då går det ikkje mott i dei. Desse hadde politiet kverrsett den gongen, seier Hovland.
– Det må ha vore i august 1929, seier eg, løftar eine stokken og kjenner historia tyngje.
– Eg fekk dei av tante Ingjerd for om lag 20 år sidan. Du må berre ta dei med deg, seier han.
– Vil du gi dei bort, bør dei kome til eit museum, aller helst Sverresborg i Trondhjem, seier eg og rullar dei inn i eit pledd. Eg må tilbake dit dei kom frå, der slaget om Trondhjem stod 1928–31.

Knut Hovland (86) er barnebarn av Knut Markhus, pensjonert bonde og inseminør. Han overtok stokkane frå Trondheim av ei tante kring 2000.

Foto: Ottar Grepstad

Omkampar

Etter éi folkerøysting, fleire folkemøte og bystyrevedtak, endå fleire valdsaksjonar og sju vedtak i Stortinget på to år – dei fleste med knappe fleirtal – og to bynamn på like mange år heiter byen Trondhjem frå og med 6. mars 1931. Motstandarane av Nidaros vinn mest, men taper til slutt likevel.

Styresmaktene hadde i 1918 sett i gang arbeidet med å fornorske namna på fylke og større byar. Bystyret i Trondhjem svarar raskt og avviser kontant namneendring.

Då er det ei utbreidd oppfatning at Trondhjem er det eldste namnet på byen, at Nidaros først kan dokumenterast frå 1172, og at Nidaros ikkje har vore brukt etter 1500- eller 1600-talet. Seinare forsking har vist at Nidaros nok var eldst, at byen heitte Nidaros lenger enn ein då rekna med, og at Trondhjem heller hadde vore eit områdenamn.

Kva som er eldst, og kva som er norsk, er berre to sider av saka, for lenge var Nidaros eit kurant namn. Nidaros Cafe & Restaurant i Kongens gate har halde det gåande sidan 1898. «Nei, hvor Nidaros er vakker», syng folk i bysongen av 1902, og frå same året har avisa Nidaros kome ut. Arild Smørfabrik har selt «Nidaros margarin» i årevis og annonsert fast i Riksmaalsbladet.

Det handlar om språk og historie, om radikalisme og konservatisme, innfødd eller innflyttar, byborgar eller bon’. Brått er Trondhjem blitt eit identitetsuttrykk for folk flest i byen. Riksmålsbevegelsen har innteke byen og på kort tid vunne fram. Det fangar nok ikkje norskdomsrørsla opp. På nyåret i 1927 tek Bondeungdomslaget i Nidaros og Norrøna-laget Nidaros opp att namnesaka. Dei oppmodar bystyret om å endre namnet til Nidaros før Olavs-jubileet i 1930 og føreslår folkerøysting om byen skal heite Trondhjem eller Nidaros.

I Stortinget meiner mange at namnepolitikk er rikspolitikk, og vinteren 1928 set ti stortingsrepresentantar frå alle partia utanom Høgre fram eit lovforslag om at byen skal heite Nidaros. Forfattaren av framlegget heiter Knut Markhus. Bystyret tek det lokale innspelet på alvor og held ei rådgivande folkerøysting i desember 1928. To av tre bruker røysteretten, og rådet er krystallklart. 17.163 for Trondhjem og 1508 for Nidaros. Med 46 røyster mot 30 viser bystyret få dagar seinare til folkerøystinga og går mot lovframlegget om namneendring.

Der kunne dette ha stoppa. Det er no slaget om Trondhjem tek til.

MOTSTAND. Knut Markhus, truleg i 1960-åra. Markhus møtte i Stortinget på Hamar etter den tyske okkupasjonen. Fleire av motstandarane hans i Trondheim blei dømde for landssvik.

Foto: privat, utlånt av Knut Hovland

Slaget om Trondhjem

I februar 1929 var Knut Markhus utnemnd til ny skuledirektør i Nidaros bispedøme. Den harme og forbitrelse som no gjer seg gjeldande, vil først og fremst bli retta mot han som sette det heile i gang, åtvarar ein innsendar i Arbeider-Avisen.

Knut Markhus (1878–1963) frå Skånevik i Sunnhordland er ein meiningssterk folketalar, sentral skulemann og ganske sta politikar. Han skipar Haugesund Mållag i 1906, er redaktør i Haugesunds Avis i 1911–13 og styrer Sunnhordland folkehøgskule på Halsnøy i 1914–24. Frå 1922 til 1940 er han stortingsrepresentant for Venstre med fleire år som odelstingspresident og parlamentarisk leiar. Samstundes er han i mange år skuledirektør i Nidaros og Bjørgvin til han går av i 1949. Då har han vore lokal folkevald i tre kommunestyre i til saman 8 år og stortingsrepresentant i 13 år.

Slaget bryt ut tysdag 4. juni. Laurdagen før vedtok Odelstinget med 57 mot 54 røyster at byen skal heite Nidaros frå 1. januar 1930.

Folk i Trondhjem svarar med eit demonstrasjonstog frå Rådhus-plassen til Ilevolden tysdag 4. juni. Politiet meiner at 25.000 samlar seg på den gamle ekserserplassen. Større demonstrasjonsmøte har knapt vore halde i byen før.

På Ilevolden taler ein marinekaptein frå Trondhjems Sjømandforening mot det brutale overgrepet i Odelstinget. Ein konservator frå Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab slår fast at målfolk står bak og «vil skrue vårt norske rikssprog, som i skjønnhet og smidighet står blandt de første i verden, tilbake til et for lengst forlatt stadium». Ein marinekaptein frå Trondhjems konservative forening går rett på sak og «den mann som fører dolken mot dette lovlydige folk», Knut Markhus.

To dagar seinare bed bystyret mot éi røyst Stortinget om å leggje bort lovvedtaket om Nidaros. Det hjelper ikkje. Med 20 mot 18 røyster sluttar Lagtinget seg måndag 10. juni til odelstingsvedtaket om Nidaros.

Dette vedtaket endrar straks konflikten. I tre døgn aksjonerer Trondhjem-tilhengjarane mykje verbalt og endå meir fysisk. Einkvan dreg på ei svær jernøks til endå eit folkemøte på Ilevolden, mange tusen samlar seg, held pipekonsertar, lagar parolen «Trondhjem for trøndere», kastar gatestein og knuser ruter i avishuset Nidaros, går til åtak på Gildevangen – huset til Bondeungdomslaget i Nidaros, roper «Ned med Markhus!», held høgt plakatar med Stakkars Markhus, knuser seks–sju vindaugsruter i huset til den einaste som røysta for Nidaros i bystyret, knuser ei rute i frukt- og grøntbutikken Aga, driven av formannen i forretningsstyret i Bondeungdomslaget i Nidaros, roper Niddinger! mot ordensmakta, riv ned, knuser for fote, tek seg til rette, valdar urett.

Ut på kvelden tredje dagen les ein rasande politimeister Johan Kristian Løchstøer opprørslova for aksjonistane før folka hans gjer kort prosess. Til avisene undrar han seg over at så mange besteborgarar, for en stor del velklædte og pene folk, oppfører seg som urostiftarar. Rekneskapen etter opptøyane 10.–12. juni 1929 er over 20 arresterte, fleire skadde politifolk, seks aksjonar mot ei avis, to knuste spegelglasruter i avishuset Nidaros, om lag 30 andre knuste vindauge og hærverk mange stader.

Enno er ikkje Knut Markhus komen til byen.

«Særleg dei yngste barna var både redde for seg sjølve og redde for at nokon skulle gjere noko med faren.»

SØLV OG EMALJE. Trondhjem-tilhengjarane markerte standpunktet med vimplar, skilt i emalje, smykket Trondhjemsrosen i sølv, Trondhjems-sæpe og kva det elles skulle vere.

Åtaket på Knut Markhus

Ein av talarane første opprørskvelden lova Markhus ein varm velkomst når han kom for å ta over som skuledirektør. Det blir ikkje kunngjort offisielt når han skal kome, men Trondhjemmeren veit beskjed, og jungeltelegrafen ordnar resten. Difor har om lag 150 menneske møtt opp når D/S «Havda» i kystruta frå Bergen legg til kai på Brattøra 15. august.

Knut Markhus tek seg god tid før han går på land, folka på kaien møter innflyttarfamilien med infernalsk pipekonsert, og ein firedel av politistyrken i byen må utkommanderast før passasjerane er trygt i land. Flyttelasset blir teke i land i løynd utanfor byen og køyrt dit det skal.

I halv ti-tida denne kvelden tek ein flokk aksjonistar seg ut til Strindavegen 170 tre kilometer sør for sentrum. Der har Knut og Amalie med fire døtrer og ein son i alderen 12–24 år nett kome inn dørene til husverten Anton Grevskott. Pipekonsert. Steinar. Einerstokkar. Knuste vindaugsruter. Trondhjems-vimpel i flaggstonga. Dagen etter samlar om lag tusen – tusen – menneske seg på ny utanfor denne privatbustaden til pipekonsert. Ei heil veke held dei på. Då søkjer Markhus nattely ein annan stad.

Det er nok best at eg ikkje seier noko om dette, seier han til ei avis om velkomsten i Trondheim. Éin gong fortel han offentleg om forfølginga. Det gjer han i radioprogrammet I fiendens leir vinteren 1961. «Det reiste seg ein storm av motstand», seier Markhus. «Den stormen auka til orkan, og det gjekk i første rekkje ut over meg.» Motstandarane av namneskifte bygde opp «ei stemning som førte til massesuggesjon og meiningsterror av verste slag». Knut Markhus fortel at han tok vare på nokre av steinane som trondhjemmarar kasta inn gjennom vindauga.

Åtaka mot stortingsrepresentant og embetsmann Knut Markhus får vare i éi veke før sjølv sterke tilhengjarar av Trondhjems-namnet meiner det går for langt. «La Markhus være i fred», seier stortingsrepresentant og skuleinspektør Sven Svensen på det første store møtet som den nyskipa Trondhjemsforeningen arrangerer. «La det være slutt med dette! (Nei! Applaus). La Markhus være i fred! (Nei – vi skal jag’n!!)», refererer ei avis. Arbeider-Avisen er samd med Svensen, men avviser at foreininga har noko med pipekonsertane å gjere. «Det er en flokk guttunger i slyngelalderen» som står for pipinga, hevdar avisa.

Då dette står på trykk, er det allment kjent kva som faktisk går føre seg. «La ham i fred», formante Adresseavisen på leiarplass nokre dagar før oppmodinga frå Svensen. Samstundes hevda avisa at det ikkje var sant at Markhus hadde lide «nogen personlig overlast». Då har skulestyrar og Trondhjems-tilhengjar Anton Grevskott fått nok.

Vel forstår Grevskott harmen over vedtaket, men det er ikkje til å begripe at éin mann skal trekkjast til ansvar for det Stortinget har vedteke, og jamvel utsetjast for voldshandlinger og overgrep. «Vi skal klore øinene ut på ham», har aksjonistane ropt ved huset til Grevskott. Han vil ha husfred, prøver å snakke folkemengda til rette, fortel dei at hushjelpa ligg sjuk på tredje veka og må få ro. «Det kommer ikke saken ved», svarar ein i flokken til stormende bifall, «vi skaffer 2 likkister, én til Markhus og én til husholderen.»

Barn i strid

Nei, men det var då berre ein spøk, bagatelliserer Adresseavisen replikken om likkistene, rett nok «en drøi spøk». Valds- og dødsmetaforane prega avisene. «Når man tar en voldsmann som leieboer i sitt hus, må man være forberedt på følgerne», konkluderte Trondhjemmeren. Dagsposten skreiv om Trondhjemsdreperen Markhus. Einkvan skreiv at Knut Markhus har dolka innbyggjarane i ryggen. Nokon ville klore øinene ut på han.

Slik heldt Trondhjems-tilhengjarar det gåande, veke etter veke, månad etter månad dreiv dei klappjakt og gjorde Markhus til fritt vilt både språkleg og fysisk.

Barna går på ingen måte fri. Våren 1930 vitjar to veninner dottera Malene (Mimi) i Trondheim. Alle tre går ved Gauldal Folkehøgskule i 1929–30, og før det obligatoriske klassebiletet vil dei ordne håret. Det må gjerast i løynd. «Det var ikkje grenser for kor døtrene hans vart mobba», fortel veninna Ragnfrid. «Vi kunne ikkje gå openlyst til friserdama, for da hadde ho mista alle dei andre kundane sine. Vi måtte først dra opp på kvisten, deretter gjekk vi gjennom eit kvistrom eller to før vi kunne lure oss ned og inn til friserdama.»

Steinane som blei kasta inn gjennom vindauga på Strinda, skremde meg, fortalde eldstedottera Aasa i vaksen alder til sonen Knut. Særleg dei yngste barna var både redde for seg sjølve og redde for at nokon skulle gjere noko med faren. Ingen av ungane blei utsette for fysiske trugsmål eller fysisk skadde, men dei fekk slengt etter seg litt av kvart. Enkelte dagar måtte dei ha politivakt til og frå skulen.

Det finst mange pressefoto frå demonstrasjonstoga og folkemøta sommaren 1929. Ingen frå opptøyane. Eg har vore gjennom det meste av det som blei skrive offentleg under og etter slaget om Trondhjem. Ingen nemnde kva forfølginga kunne gjere med barna i familien. Mor Amalie sa aldri noko offentleg og svært lite privat.

Denne togna seier alt.

SEKS KILO. Den 86 centimeter lange jernøksa har ei hakkete, rund egg, forma skrått som falløksa i ein giljotin. Nokon kjende den norrøne historia der drapsvåpen gjerne fekk tilnamnet bane, den som valdar døden for andre. «Markhusbane» var symbolsk retta mot ein stortingsrepresentant og truleg med på eit folkemøte 10. juni.

Foto: Erik Børseth, Sverresborg

Knut Markhus reiser frå byen sommaren 1933 og tek over som skuledirektør i Bjørgvin bispedømme. I siste møtet med fylkestinget i Sør-Trøndelag får han ståande applaus.

Ingen veit kvar steinane frå augustdagane i 1929 blei av. Også til slekta fortalde bestefaren lite og inkje om det som skjedde. Eg visste at oldefar hadde det vanskeleg i Trondheim, men ante ikkje at det var så ille, sa ein som var blitt klar over boka Farlege språk og fortalde om stokkane.

I Trondheim tok eg med den eine stokken over Bakke bru til Gildevangen og sette han opp mot veggen. Hotellet hadde skifta namn, og det nye namnet skein mot meg på ei stor glasrute. Stokken som var brukt for å hindre bynamnet Nidaros, stod no og lente seg mot Thon Hotel Nidaros.

Ottar Grepstad er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

EINER. Ein av stokkane som politiet kverrsette i 1929, er på plass utanfor Hotel Nidaros. Under namnet Gildevangen var bygningen eit åtaksmål i slaget om Trondhjem.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Aasen-tunet opna i 2000.

Aasen-tunet opna i 2000.

Foto: Sverre Fehn / Aasen-tunet

Ordskifte

Spor av tid i arkitekturen

«Arkitekturopprøret vil gjerne støype fast i ubehandla betong forståinga av kva god arkitektur er.»

Ottar Grepstad

Foto: Dag Aanderaa

Ordskifte
DagAanderaa

Pyntesjuke og luksuslov

Christian Kvart ville styre pynten, krydderet og konfekten.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Miridae, ei bladtege med oval form.

Foto: via Wikimedia Commons

BokMeldingar
Per Roger Sandvik

Levande innsikt om døyande insekt

Ein optimistisk tone råder i ei tettpakka faktabok om dystre utsikter for insekta.

Moss–Horten-ferja er den mest trafikkerte i landet. Skjer det noko uføresett, som då dei tilsette blei tatt ut i LO-streik i fjor, veks køane på begge sider av fjorden.

Foto: Terje Bendiksby / AP / NTB

ØkonomiSamfunn
Marita Liabø

Pengegaloppen i ferjetoppen

Det står ei Norled-ferje her og ei Torghatten-ferje der – innstilte. Ferja, ein livsnerve for mange, er eigd av folk vi ikkje aner kven er, utanfor vår kontroll.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis