JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSidene 2-3

Skrivebords­skulen

Regjeringa har oppnemnt eit ekspertutval for sosial utjamning i skulen. No føreslår utvalet at barna skal trene på å handtere eigne kjensler. Det er på tide med nytenking.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6215
20240301
6215
20240301

For nokre år sidan var eg journalist i ei avis. Leiinga snakka ofte om opplagstal, pengestraumar og lesing på digitale flater. Vi journalistar streva med eit produksjonssystem som gjorde at endelaust med tid gjekk med til pirk for å tilpasse sakene vi skreiv, til ulike format. Leiinga sette i gang eit storskala prosjekt for å utvikle eit nytt produksjonssystem.

Eit lag av dyktige digitale hovud vart sett på saka. Arbeidet tok fleire månader. Det vart nesten blåse fanfare i redaksjonslokala den dagen det nye systemet vart presentert. Jubelstemninga la seg raskt då det viste seg at det nye systemet var endå meir tungvint enn det gamle.

I etterkant, då alle sverta og steikte over tastatura, var det lett å sjå kva som hadde gått gale. Problemet var ikkje at systemet var utvikla av idiotar. Tvert om, alle involverte var svært dyktige. Problemet var berre at dei hadde gløymt å invitere dei som faktisk skulle bruke systemet, inn i prosessen.

Lukta av skrivebord

Då eg las rapporten om korleis barnehage, skule og SFO kan jamne ut sosiale forskjellar, som ei ekspertgruppe nyleg leverte til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, gjekk tankane til den produksjonssystemfadesen. Stavanger Aftenblad har gjort eit poeng ut av at det berre var to faggrupper som fekk plass i utvalet – økonomar og psykologar.

Det var ingen lærarar og slett ingen representantar for den gruppa som har ein sosial bakgrunn dei skal løftast ut av gjennom utdanningssystemet. Rapporten var milevidt unna slitne skulebygg, ADHD-diagnosar, slunkne matpakkar og dei høglydte raserianfalla frå alle gutane som ikkje passar inn. Han hadde ein umiskjenneleg ange av skrivebord.

Eit reelt problem

Nett som i tilfellet på den gamle jobben min, er det høgkompetente folk som er sett på saka. Situasjonen som blir skildra, er så alvorleg at det er lett å slutte seg til tanken om at noko må gjerast, og helst fort. Barn med foreldre med lite formell utdanning, låg inntekt og svak tilknyting til arbeidslivet presterer i all hovudsak dårlegare på skulen enn andre, og dei droppar i langt større grad enn andre ut. Dei har også høgare førekomst av åtferdsproblem.

Utvalet viser til at ein ADHD-diagnose som regel fører til betydeleg svekte skuleprestasjonar i alle fag. Men forskjellen mellom barn med høgt og barn med lågt utdanna foreldre er større. Det vil seie at barn med ADHD-diagnose og høgt utdanna foreldre i snitt gjer det betre i skulen enn barn utan ADHD og med lågt utdanna foreldre.

Barn frå heimar med låg utdanning og lite pengar er også meir utsette for mobbing. Det gjer at desse barna langt oftare enn andre endar i ein livslang utanforskap. Utvalet skriv at dette er både eit individuelt problem og eit problem for samfunnet, som får «kostnader» på grunn av utanforskapen.

«Ikkje alle barn likar å sitte stille. Nokre har større interesse for det som er praktisk, enn for det som står i bøker.»

Individet, individet

Biletet er dramatisk. Men kva er det utvalet føreslår? Dei vil «auke kvaliteten» i barnehage og SFO, blant anna gjennom «lek og veiledet lek». I tillegg skal skulen satse aktivt på trening av sosioemosjonelle dugleikar. Omgrepet blir aldri definert, men blir knytt til sjølvregulering og sjølvkontroll. Utvalet går også inn for satsing på målretta undervisning i små, nivådelte grupper. Dette er, skriv dei, det tiltaket som har «sterkest evidensgrunnlag for elever fra lavere sosial bakgrunn». Og omtrent her var det vel eg tenkte at ein eller annan med ein annan bakgrunn ville ha sett andre løysingar.

Ein ting er at forslaga gjennomgåande er individorienterte. Utvalet opererer innanfor eit meritokratisk verdsbilete der gåverike barn frå vanskelege kår skal løftast fram gjennom utdanningssystemet, slik at dei på sikt får betre inntekt og eit betre liv enn foreldra.

Ein annan ting er at utvalet går inn for meir av det som gjer skulen til ein vanskeleg stad å vere for mange barn. Målretta gruppeundervisning og trening på sosioemosjonelle dugleikar er meir teori til ein teoritung skule. Ein pedagog ville kanskje også hatt eit par idear til korleis ein reint konkret skal gå fram for å betre kvaliteten i barnehage og SFO? Og så er det denne leiken, då, som må vere vaksenstyrt.

Bortanfor teorien

Ein viktig grunn til at skulen ikkje fungerer godt for barn med det utvalet kallar låg sosioøkonomisk status, er at han ikkje er laga for dei. Skulen verdset ein type kunnskap og ein måte å vere på som blir dyrka innanfor utdanningsmiddelklassen. Ein opererer med eit sett av basiskunnskapar som skal terpast og testast.

Det er eit lukka system der berre det som kan teljast, tel. Og det er uendeleg mykje lettare å lukkast i dette systemet om ein meistrar kunsten å sitte stille. Men ikkje alle barn likar å sitte stille. Nokre har større interesse for det som er praktisk, enn for det som står i bøker. For dei fungerer det betre å lære med kroppen, med hendene og med hovudet samtidig. Som samfunn har vi nytte av denne typen kunnskap. Vi treng folk som kan klippe hår, støype betong, legge elektriske kablar og spele instrument.

Poenget er ikkje at nokre barn ikkje treng teoretisk kunnskap, men at samfunnet gjer ein urett mot mange barn gjennom å gi så lite plass og så lite anerkjenning til praktiske dugleikar i grunnskulen. Mange barn vil oppleve meir meistring og utvikling av å få reise eit stillas, snikre ein platting og stelle dyr enn av å trene på sosioemosjonelle dugleikar for å få nok disiplin til å handtere puggeskulen, eller eventuelt til å handtere dei negative kjenslene som oppstår som følgje av at ein ikkje lukkast med det skulen seier har verdi.

Då prosjektet med produksjonssystem på den gamle jobben min havarerte, sette leiinga ein ny gjeng på saka. Den nye gjengen prøvde, feila og kom til tilbake med eit system som fungerte saumlaust. Mitt råd til statsråden er å gjere noko liknande. Få ein ny gjeng til å sjå på saka, og hugs for all del å invitere med dei som står i det.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør av Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Etter ein betre middag blei det jam i gardsrommet. Frå venstre Zala Zulu og Deko Ébongué.

ReportasjeFeature

Om å snuble inn i ein framand kultur

Vi hadde høyrt Manu Dibango spele under Mela-festivalen på Rådhusplassen i Oslo. Det var freistande å følgje sporet hans attende til Kamerun.

Øyvind Pharo

Statsminister Jonas Gahr Støre helsar på mannskapet ombord kystvaktskipet KV Bjørnøya som ligg til kai i Oslo, etter å ha lagt fram langtidsplanen for Forsvaret.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Leiar
Svein Gjerdåker

Store utfordringar for Forsvaret

Statsminister Jonas Gahr Støre burde vore tydeleg på at planen for Forsvaret er ambisiøs og særs krevjande.

Kjønnsfilosof Judith Butler

Kjønnsfilosof Judith Butler

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

EssaySamfunn
Ida Lødemel Tvedt

Feltnotat frå kulturkrigane

Kjønnsdebatten har innteke hovudscena i internasjonal politikk. På veg for å intervjue verdas mest innflytelsesrike kjønnsfilosof, Judith Butler, forsøker eg å orientere meg i ein raskt ekspanderande konflikt. 

Foto: Mario Anzuoni / Reuters / NTB

MusikkMeldingar
Rasmus Hungnes

Keisam radiokanal

Beyoncés åttande er ei langdryg smørje.

NTNU hovedbygget i Trondheim

NTNU hovedbygget i Trondheim

Foto: Gorm Kallestad / NTB

MusikkKultur

Sure tonar i Trondheim

Trass i skrikande mangel på organistar stogga NTNU opptaket til bachelorstudiet i kyrkjemusikk. Fleire søkjarar hadde alt prøvespelt.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis