Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Ordskifte

Fikst frå Clemet

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1117
20240202
1117
20240202

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Skulereformene

«Jeg aner ikke hva Sverresdotter Dypvik vet om skole», skreiv tidlegare utdanningsminister Kristin Clemet på lesarbrevplass i Dag og Tid førre veke. Bakteppet er min kommentar om dei siste Pisa-resultata som var på trykk i starten av januar.

Kanskje vanskane kjem av at ho ikkje har lese det eg har skrive? Eg har til dømes aldri hevda at skulereformene ho stod i spissen for som utdanningsminister, ikkje var fagleg utgreidde og ikkje forheldt seg til forsking om utdanning. Hadde eg trudd noko så oppsiktsvekkande, kan eg forsikre om at eg ville ha gjort eit større nummer ut av det.

Det eg skreiv negativt om, og som eg framleis reknar som ein fiks idé, er det konkurranseprega testregimet som følgde i kjølvatnet av reformene, og som norsk skule ikkje har sett maken til verken før eller sidan.

Og om Clemet framleis lurar på kva eg veit om norsk skule og ikkje, kan eg seie dette: Eg veit nok til å forstå kvifor ho kjenner behov for å forsvare ettermælet sitt.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør av Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Ønskjer du å delta i debatten? Då kan du sende innlegget ditt til ordskifte@dagogtid.no

Skulereformene

«Jeg aner ikke hva Sverresdotter Dypvik vet om skole», skreiv tidlegare utdanningsminister Kristin Clemet på lesarbrevplass i Dag og Tid førre veke. Bakteppet er min kommentar om dei siste Pisa-resultata som var på trykk i starten av januar.

Kanskje vanskane kjem av at ho ikkje har lese det eg har skrive? Eg har til dømes aldri hevda at skulereformene ho stod i spissen for som utdanningsminister, ikkje var fagleg utgreidde og ikkje forheldt seg til forsking om utdanning. Hadde eg trudd noko så oppsiktsvekkande, kan eg forsikre om at eg ville ha gjort eit større nummer ut av det.

Det eg skreiv negativt om, og som eg framleis reknar som ein fiks idé, er det konkurranseprega testregimet som følgde i kjølvatnet av reformene, og som norsk skule ikkje har sett maken til verken før eller sidan.

Og om Clemet framleis lurar på kva eg veit om norsk skule og ikkje, kan eg seie dette: Eg veit nok til å forstå kvifor ho kjenner behov for å forsvare ettermælet sitt.

Astrid Sverresdotter Dypvik er redaktør av Syn og Segn og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

– Viss du vil ha meg til å smile, må du synge kjenningsmelodien til Laurdagsbarnetimen, seier Otto Prytz. Pilar følger med frå sofaen når vi syng: «Nå kommer barnetimen, nå kommer barnetimen, hysj, hysj, vær stille som mus...»

Foto: Hallgeir Opedal

Feature

Berre røre, ikkje sjå

Otto Prytz (81) er fødd blind, men takka vere ein ung franskmann blei han ikkje analfabet. Han blei akademikar.

Hallgeir Opedal

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Familien Nerdrum ved garden i Stavern.

Foto: Agnete Brun / NRK

KunstKultur
Kaj Skagen

Ikkje alt er politikk

Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.

Eit langt utdanningsløp kan by på store utfordringar for dei som har ADHD. Eit aukande antal vaksne oppsøker helsetenesta, inkludert dyre privatklinikkar, for å få ein diagnose.

Foto: Gorm Kallestad / AP / NTB

HelseSamfunn
Marita Liabø

– ADHD-diagnosen skal henge høgt

Det har vore ein kraftig auke i talet på ADHD-diagnosar og bruken av ADHD-medisin dei siste åra. Blir diagnosen utvatna når kjendisar snakkar han opp?

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar
Gjermund BakkeliHaga

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Eit russisk droneåtak råkar ei bustadblokk i Kyiv 10. januar.

Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Ingen Uber i Belarus

Å forstyrre GPS-system handlar ikkje berre om å forvirre russiske dronar. Det gjeld å dirigere dei slik at dei forlèt ukrainsk luftrom fullstendig.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis