Sakprosa
Lengten etter folkefellesskapen og livsrommet
Anders G. Kjøstvedt har gjeve oss eit storverk om nazismen.
Lörrach, Saar, november 1940. Eit auksjonshus. Utanfor forventningsfulle, smilande tyskarar i vennleg samtale, «Volksgenossen», som dei vart kalla. No er dei på veg inn for å by på lampar, senger, møblar og bestikk frå dei tidlegare jødiske naboane deira. Naboane er sende vekk. Ute or syne, ute or sinn.
Naboane har lenge stått i kø for å vera med på dette. No er tida komen i Grabenstrasse 15. Der er det mykje folk.
For nokre dagar sidan pressa desse borgarane seg saman i kø langs husrekkjene for å vere vitne til deportasjonane av heile den jødiske minoriteten i Lörrach.
Ingen stilte spørsmål om kvifor desse naboane skulle sendast bort. Til kor? Eller kva dei hadde gjort for å fortena ein slik lagnad. Dei var uskuldige, dei vart deporterte. Ikkje for noko dei hadde gjort, men for kva dei var: folkefiendar. 6504 vart sende vekk frå Saar i denne omgangen.
Deportasjonen var ei prøvesak for kor langt nazistane kunne gå i heimlandet. Det gjekk bra. Som Reinhard Heydrich, sjefen for den tyske tryggingstenesta (Sicherheitsdienst, SD), sa det i ein rapport: Deportasjonen gjekk «forskriftsmessig føre seg og utan uro». Nazistane fekk det slik dei vona.
Dei som tilskodarane såg på, var løfta ut or universet av moralsk forplikting, som den engelske moralfilosofen Jonathan Glover seier det. Jødane var fullt og heilt «dei andre». 0,67 prosent av folkesetnaden i Tyskland var jødar i 1933. Dei var riksfiendar.
For open scene
Det er i heftet Vor aller Augen i utstillinga Topographie des Terrors i Berlin vi kan sjå desse «Volksgenossen» i lystig lag. Det er ei fotografisk framstilling av kva som skjedde i Lörrach i 1940. Ein opprivande reportasje i det forferdelege kvardagslege.
Fotografen er med i koret: Han vil berre dokumentere kor alminneleg antisemittismen var. Eller betre: kor likegyldige folk var. Fotografen skjuler ikkje noko.
Kvifor?
Denne detaljen i brotsverket holocaust stiller alle dei vanskelege spørsmåla. Det er ikkje lett å tala roleg om nazismen. Korleis var det mogleg i det 20. hundreåret, midt i det «siviliserte» Europa, at dette kunne skje? Kvifor ein slik «normalitet»? Som om å kasta ut uskuldige folk var noko ein gjorde til dagleg. Og tente på.
Dei smilande folka som skal gjera eit kupp på auksjonen, gjev oss eit inntak til den viktige boka til Anders G. Kjøstvedt om nazismen i alle former, Det tredje riket. Nazismen og Nazi-Tyskland. Boka må no inn som pensum i skulen og for alle politisk medvitne menneske. Det er eit breitt fundert, kjeldenært skrift som imponerer med ei sakleg tyngd og ein djuptloddande analyse.
Autoritær politisk kultur
For Kjøstvedt freistar gjera det tredje riket forståeleg for oss. Eit utgangspunkt i boka hans er den politiske kulturen, som var det viktigaste opphavet til nazismen.
Weimarrepublikken var ikkje elska av nokon, sjølv om SPD, sosialdemokratane, stødde han heile vegen til katastrofen i 1933. Ein grunntanke hos Kjøstvedt er at nederlaget i 1918 aldri vart fullt ut erkjent av tyskarane, SPD gjorde heller ikkje det.
Suksessive regjeringar fram til kanslaren Heinrich Brüning (1930–1932) førte også ein økonomisk politikk som skulle visa Vesten at Tyskland ikkje var i stand til å betala krigserstatninga frå Versailles, (som ikkje var verre enn dei vilkåra tyskarane ville ha påført dei allierte om dei fekk sjansen).
Dolkestøytlegenda – løgna at tyskarane var dolka i ryggen heime av sosialistar, kommunistar og andre «fedrelandslause» – gav Hitler mykje av den politiske energien han trong. Poenget var å sveisa saman det særs nasjonalkonservative partiet og dei borgarlege midtpartia med NSDAP, nazismen. Overgangane vart saumlause.
Demokratiet blei framandt for dei fleste tyskarar, også til venstre, blant kommunistane. Gradvis vart riksdagen sjalta ut som arena for regjeringsdanningar. Inn kom president Paul von Hindenburg, som i ly av §48 i grunnlova kunne regjera med dekret. Det førte til maktoppløysinga, det vakuumet som opna for Hitler i 1933.
Demokratiet stod for åndsløyse, fragmentering, tap og krise og gav arbeidarklassa rom for politisk makt. Demokratiet var utysk, eit uttrykk for kapitalismens «Zivilisation» framfor det tyske «Kultur». Den tidlege Thomas Mann tenkte slik under fyrste verdskrigen (men endra seg).
Evolusjon og revolusjon
Det borgarlege Tyskland frykta ikkje så mykje revolusjon som evolusjon, i form av den langsame makterobringa som SPD kunne få i kraft av Weimarforfatninga.
Dette var kulturen som gav Hitler grobotn. Det dreidde seg om ein inderleg antipolitikk verna med makt. «Vulgæridealisme» er eit anna namn på denne haldninga. For midtsjiktet og høgresida var politikk noko skittent; det galdt å halda seg til det stille, danna innelivet utanfor torga og fjernt frå den smussige arenaen til politikkens kompromiss og maktlyst.
Antisemittismen, ei kjensle av at alt det vonde hadde si rot hjå dette knøttvesle mindretalet, vart ein slags grunnmur i ein lengt etter keisarriket og nasjonal einskap.
Lengten etter konfliktfridom
Dette var alle konspirasjonsteoriars mor, ein primitiv tankerefleks som bygde ned dei siste forsvarsverka mot Hitlers biologiserte rasisme. Når han i tillegg såg bolsjevismen som ei jødisk oppfinning, var signalet gjeve til erobringskrigen mot «undermenneska», slavarane i Sovjetunionen. Innanriks- og utanrikspolitikk smelta saman i kravet om livsrommet. Å ta Moskva var det same som å ta jødane heime.
Dette oppkoket av antisemittisme, antirepublikanisme, tyske stordomsførestillingar i ein nasjon som vart audmjuka etter 1918, ekstrem tysk nasjonalisme, erobringsideologi på kostnad av andre nasjonar, særleg i aust, pluss vulgæridealisme – dette var kulturen som støtta opp om nazismen. Kjøstvedt tar denne kulturen som eit utgangspunkt for å forstå Hitlers appell.
Det er her tanken om Volksgemeinschaft kjem inn: ein førestilt fellesskap utan sosiale, religiøse eller regionale skiljeliner i ein stat som hadde vakna.
Kjøstvedt er klår på at dette var sjølve brennpunktet i nazismen. Denne tanken vart sett i spel mellom folk og regime. Nazismen inviterte til deltaking, skriv han, ved å byggja ned skiljeliner i samfunnet og erstatta dei med nye, især dei som kunne grunngjevast i rase, i fyrste rekke mot jødane.
Folket hadde klåre forventningar til regimet og ynskte eit forbrukarsamfunn, som dei trudde dei ville få det etter at krigen var vunnen. Desse forventningane bidrog til å radikalisera regimets politikk. Hitler var særs kjenslevar andsynes stemningane i folket.
Antisemittisme som integrasjon
Her kunne ein leggja til: Etter kvart som nederlaget stod klårt for alle, kunne antisemittismen verka integrerande i folket. Same kor langt ned i sosialstrukturen du var, var alltid jøden under deg. Det gav ein slags status også for dei svakaste, særleg konfrontert med tapet i krigen.
Kor sterkt antisemittismen stod, viste seg ved at deportasjonane ofte fekk prioritet framfor bruk av jernbanen til å flytte troppar. Her var det ikkje nokon sterk kost-nytte-analyse: Deportasjonane auka mot slutten av krigen, jamfør SS-offiseren Adolf Eichmanns drap på over 400.000 ungarske jødar våren 1944. Jødar som kunne vera nyttige, til dømes i rustningsindustrien, vart ikkje verna i særleg grad.
Nazismen som demokratiserande kraft
Samstundes kjem her enda eit paradoks inn, peikt på av mellom anna av den tysk-britiske politikaren, filosofen og sosiologen Ralf Dahrendorf. At nazismen ved å erstatta gamle elitar med nye, bygde ned føydalrestar og på den måten la grunnen til eit demokratisk Tyskland. Eit moderne Tyskland utan adel, utan storgods, utan ei antidemokratisk høgreside, utan sterke monopoltendensar i næringslivet, utan ein regimefiendtleg kommunisme (KPD vart forbode).
Forgylling av skiljeliner
Magien ved nazismen hadde ei viktig årsak: Hitler forgylte sosiale skiljeliner, marxismen utdjupa dei. Arbeidarane vart i nazismen ikkje proletarar, men landets kjerneprodusentar, bøndene romantiserte, kjernesunne «blod og jord»-individ, ikkje offer for landbrukskrisa. Andre grupper vart tildelte viktige samfunnsoppgåver, alle idylliserte.
Slik vart klasseskiljeliner heva opp til eit nytt og høgare ideologisk nivå som tok sikte på å gjera marxismen irrelevant. Motstand frå venstre vart drastisk undertrykt, men tok likevel nye former. Hovudpoenget var å dempa, ja, fjerna klassekampen. Resultatet var ein kolossal Behemoth, eit statsuhyre som verda ikkje hadde sett til då.
Utopisk anti-modernisme
Regimet stod for det ein kunne kalla ein utopisk anti-modernisme, ein lengt etter det førindustrielle samfunnet utan bieffektane av industrialiseringa, skitt, forureining, øydelegging av naturen, aukande sosiale og økonomiske skilje, «avsjeling», Gesellschaft ikkje Gemeinschaft, for å tala med den klassiske sosiologen Tönnies’ skilje mellom moderne og førmoderne samværsformer.
Dette strevet var utopisk i den forstand at eit slikt samfunn aldri hadde eksistert, ja, det var tilbakeskodande utopisk. Men krafta i denne utopien får Kjøstvedt godt fram, med antisemittismen som limet i heile systemet.
Kva for stat?
Den nazistiske statsskipnaden er vanskeleg å avgrense til eit omgrep, noko som også kjenneteiknar Kjøstvedts bok. Det er tale om autonomien i politikken. Eigedoms- og marknadstilhøve vart haldne ved like i kapitalismen, men styrte ovanfrå. Det som kom, var ein dirigert kapitalisme innretta mot auka opprusting.
Frå ein marxistisk synsstad er det nett dette som må forklarast, årsakspila som går frå politikken til produksjonsmidlane, ikkje frå det materielle til politikken, den sokalla overbygnaden. Her saknar eg referansar til den framifrå britiske marxisten Timothy Mason, som nett tek opp dette spørsmålet.
Men dette er berre ynske frå ein lesar som lærte mykje av verket. Ikkje mange studiar har Kjøstvedts breidde. Her finn vi kapittel om nazismens opphav og framgang, maktovertakinga i 1933, terroren og kvardagslivet, førebuingane til den brutale erobringskrigen, holocaust og Hitler som ein slags resonansbotn for seinare freistnader på å skjøna diktatur. Kjøstvedt har ei lesing av forskingslitteraturen som imponerer.
Forfattar og forlag har all ære av dette verket. Og så er det livgjevande å finna ei bok med minimale referansar til Noregs krig.
Les også:
-
Kunne vi alle blitt monster?
Nürnberg-prosessen stilte dei vanskelege spørsmåla om menneskeleg vondskap. Filmen Nürnberg antydar nokre svar.
-
No kjem tekoligarkane
Den uheilage alliansen mellom gigantmedia, korrupte politikarar og pengemakt har lenge vore den neste frontlina i forsvaret av demokratiet.
-
«Han er et mærkeligt forstandigt Barn for sin alder»
På året hundre år etter at Christian Michelsen gjekk bort, har Atle Thowsen gjeve oss eit storverk om statsmannen frå 1905.
-
Formue i farleg farvatn
Etikkrådet for oljefondet er sett på vent. Den beste forklaringa på det kan vere Donald Trumps uføreseielege reaksjonar.
-
Labour eitt år etter – den sure svien etter den søte kløen?
Labour vann ein overveldande valsiger 5. juli i fjor – partiet fekk ein majoritet på 211 plassar, samla 412. No, eitt år etter, har vi ein slags rekneskap etter all furoren.
-
Påminning om eit sivilisasjonsfall
Historia om dei internerte jugoslaviske slavearbeidsfangane i Nord-Noreg under krigen minner oss om kor internasjonal nazismen var, og kva menneske kunne få seg til å gjera.