Kommentar

Ein svært forvirrande krig

Før Donald Trump inntok Det kvite huset, erklærte han at «når eg vert president, skal ingen vite kva planar eg har». Den lovnaden har han halde. Snart to veker etter at USA gjekk til krig mot Iran, veks forvirringa og uroa i verda.

Iranske båtar lasta med sprengstoff skal ha angripe to tankskip med drivstoff i irakisk farvatn 12. mars.
Publisert Sist oppdatert

Den tyske kanslaren Merz, som tidleg i krigen stod last og brast med Trump i Det ovale kontoret, klargjorde denne veka at «vi deler mange av målsetjingane til USA og Israel med krigen, men for kvar dag som går, melder spørsmåla seg. Vi er særleg uroa over at det ikkje ser ut til å vere nokon felles plan for å ta denne krigen i hamn på ein rask og overtydande måte».

Målsetjingane som vart gjevne då krigen starta – å hindre Iran i å skaffe atomvåpen, øydeleggje ballistiske missil og utslette Irans marine – ligg fast. Men den siste veka har ei rekkje andre motiv kome på bordet òg. Regime-endring, Venzuela-scenario, Libya-scenario og alskens mogelege utgangar. Kva ein skal oppnå med krigen, varierer med kven ein spør i den amerikanske regjeringa. I ein krig som involverer 14 + nasjonar, er sprikjande motiv nett det som heller bensin på bålet. Tredjepartar som står i mørket, må rykkje inn for å sikre eigne interesser i tilfelle dei verste utfalla blir ein realitet.

Tyrkia har flytta jagarfly til det tyrkisk-okkuperte Nord-Kypros, medan europeiske stormakter aukar nærværet sitt, med både Frankrike og Storbritannia på Sør-Kypros – som er EU-territorium.

I aust har atomvåpenmakta Pakistan gjeve tilsegn til Saudi-Arabia om 100.000 soldatar til rådvelde for å trygge kongedømmet (og mogeleg atomvåpenparaply), medan India nyleg inngjekk allianse med Israel om å kjempe saman mot radikal islam, noko israelarane hintar om at også omfattar Erdogan og co. Lista over ting som kan gå gale, er lang. Den einaste atomvåpenmakta i verda som ikkje har auka det militære nærværet i Midtausten etter at Trump gjekk til krig, er Russland.

Då Trump på ein pressekonferanse denne veka kunne «love at krigen snart gjekk mot slutten», svara marknaden med å sende oljeprisen ned frå 120 til 90 dollar fatet. Iranarane kvitterte med at det ikkje er opp til Trump åleine å avslutte krigen. Krig er tango for to. Om det ikkje er tale om kapitulasjon, er krigens ende noko begge partar må einast om.

Iranarane er vengjeklipte ved at amerikanarane og israelarane skal ha etablert luftkontroll over Iran. Samstundes skal over eit halvt hundre iranske fartøy ha vorte øydelagde. Men det er framleis ikkje teikn til at mengder av iranarar i Revolusjonsgarden, IRGC, det konvensjonelle militæret Artesh eller politistyrkane har teke imot Trumps tilbod om å «tre ut av kampen i byte mot amerikansk amnesti». Regimet held stand, om enn som ein skugge av seg sjølv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement