Bok
«Han er et mærkeligt forstandigt Barn for sin alder»
På året hundre år etter at Christian Michelsen gjekk bort, har Atle Thowsen gjeve oss eit storverk om statsmannen frå 1905.
Som statsminister spelte Christian Michelsen ei sentral rolle i det som enda med ei fredeleg unionsoppløysing mellom Noreg og Sverige i 1905.
Foto frå boka
Historikaren Atle Thowsen tek oss fram til kulminasjonen i løpebana til urbergensaren Christian Michelsen (1857–1925): den rolla han spela under unionsoppløysinga. I tilbakeblikk kan vi undrast: Mon ikkje den unge borgarsonen planla strategien i Karlstad i 1905 alt frå tidleg av i livet? For mykje i denne første fasen av livet til Michelsen kan godt lesast som eit frampeik mot den resolutte innsatsen hans i 1905. Dette perspektivet – løpet fram til 1905 – lèt seg godt forsvara som eit hovudmotiv i Thowsens detaljrike og velskrivne livsskildring.
Var det ikkje Otto von Bismarck som definerte politisk leiarskap omtrent slik: For statsmannen gjeld det å gripa fatt i Guds frakkeskøytar i den augneblinken historia tornar forbi. I eit mindre biletrikt språk inneber det at politikk ikkje berre er «blod og jarn», som Bismarck elles likte å seia. Like mykje dreidde politikken seg om å ta sjansar. Sjå klårt det minuttet ei opning ovra seg. Syna mot. Handlekrafta Michelsen synte i 1905 – med raske utspel og kraftfulle vedtak, ikkje utan risiko – låg liksom i karakteren hans frå tidleg av.
Men samstundes må leiaren ri historiske trendar. Sjå kor utviklinga går, vera uredd nok til å kasta seg på og forma nye alliansar – utan vingling. Der er også Michelsen.
Handlekraft
Bismarck melder seg ubedd når ein les om Chr. Michelsen. For helten frå 1905 hadde sans for frakkeskøytane også tidleg i livet: Han synte handlekraft når det galdt, og han var som Bismarck ikkje framand for maktspråk når det var naudsynleg. Skarp tunge hadde han òg. Det gav han mange fiendar.
Men heldigvis vart det ikkje mykje blod og jarn i livsprosjektet hans. Chr. Michelsen trer fram som ei modererande kraft i Thowsens hender. Og som forretningsmann kombinerte Michelsen det forsiktige med å vera open for nysatsing. Han såg til dømes at overgangen frå segl til damp gav store fortenestesjansar. Ei tid var reiarlaget Chr. Michelsen & Co det nest største reiarlaget i landet, etter W. Wilhelmsen i Tønsberg. Og han skjøna tidleg at Bergen måtta ha elektrisk lys i regnvåte, farlege gater. Mineral var han òg på jakt etter, og han utrusta ekspedisjonar etter kol på Svalbard.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.