Kommentar

Formue i farleg farvatn

Etikkrådet for oljefondet er sett på vent. Den beste forklaringa på det kan vere Donald Trumps uføreseielege reaksjonar.

Publisert

Debatten om oljefondet og selskap som stør Israels brotsverk mot menneskeslekta, lyfter opp alle dei klassiske spørsmåla om moral og politikk, profitt og etikk. Å seia at desse problemstillingane er lette å handtera, vil vera ei overdriving.

Essensen i saka er dette: Er det mogleg å tena mykje pengar og samstundes vera forplikta på folkerett, FNs menneskerettslege konvensjonar og demokrati? Er omsynet til høgst mogleg avkastning det einaste som skal vera utslagsgjevande for administrasjonen av fondet? Eller skal fondet brukast til å gjera verda betre? Som stortingsrepresentant Arild Hermstad sa: «en muskel for å skape en bedre verden».

I siste instans er spørsmålet idealitet versus profitt. Eller meir presist: kor mykje idealitet? Og kva tid?

Mange dilemma

Svaret her er at vi med ein gong støyter på fleire dilemma. Å trekkja oss ut av store internasjonale firma som vi tener godt på, mellom andre Microsoft, Alphabet og Amazon, vil redusera utbytet til fondet. Då må vi drøfta kor mykje vi taper, og kor mykje vi som stat toler å tapa.

I ein slik situasjon, slik Jens Stoltenberg uttrykte det, er ikkje fondet lenger eit globalt indeksfond. Då har det blitt noko heilt anna enn det var tenkt å vera. Då blir det styrt «politisk», som det heiter. Då vil vi leggja oss opne for meir kritikk utanfrå. Då vil fondet bli gjenstand for hyppige stemningsskifte, ein hjelpelaus robåt på bårete hav, mellom brenningane frå ulike politiske konstellasjonar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement