Media

Ein tsunami av småprat

Kvar veke blir det lansert nye podkastar. Nokre vinn og tener millionar, andre forsvinn.

Tore Sagen, Bjarte Tjøstheim og Steinar Sagen døypte seg om til «Papaya» og forsvann bak betalingsmuren til Podme. Kor mange lyttarar dei har der, veit dei knapt sjølve. Men gamle «Radioresepsjonen» lever framleis i det fri og fekk 47. plass på Podtoppen denne veka.
Publisert Sist oppdatert

Kvar onsdag blir Podtoppen publisert, og denne veka var til saman norske 927 podkastar på lista. Ja, det er mange, men det finst endå fleire.

Konkurransen om folks tid er ein dagleg kamp, og i podkastjungelen er det uhorveleg mykje vilt som veks. Berre så langt i mars har det kome ni nye podkastar: «Øverste etasje», nok ein krimpodkast, «Endelig Blåmandag», politisk podkast med Ola Svenneby, «Gatebilpodden», om bilar og slikt, «TerapeutLAB», om terapiutvikling, «Løsrevet», om å bryte med tru. Vidare «Ikke dra den», ein kultur- og aktualitetspodkast, «Sterke historier med Tore Strømøy», sjølvforklarande, og sist ­– to til frå NRK: «Sportsdesken brenner», om sport og humor, og «Blåtur», berre humor.

NRK legg også ut dei fleste av radioprogramma sine. Gjenbruk, med andre ord.

Det finst podkastar om alt menneskeleg: økonomi, sex og samliv, jakt og fiske, motivasjon, helse, interiør, vitskap, filosofi, teknologi, fotball, Bømlo, barneoppdraging, lokalpolitikk, amerikansk politikk (mange), film, kultur, litteratur, medium, og podkastar om podkastar.

Kor mange podkastar som finst til saman i Noreg, har ingen oversikt over, men Podtoppen fangar altså opp i overkant av 900. Ikkje alle er aktive. Nokre få er store med om lag 300.000 nedlastingar kvar veke, men dei aller fleste er små nisjepodkastar. Ifølgje Kantar, som er ansvarleg for målinga, står dei 20 i toppen for om lag halvparten av nedlastingane.

– Bryt nytt land

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement