Bok

Kva verd er den verkelege?

Historikaren Torgeir E. Sæveraas stiller dei grunnleggjande spørsmåla om sanning, erkjenning og røynsle i litteratur og historie.

Torgeir E. Sæveraas er historikar og forfattar.
Publisert Sist oppdatert

Torgeir E. Sæveraas høyrer til den unge historikargenerasjonen. Han har alt etterlate seg spor gjennom interessante bøker som Wehrmacht i Norge. På vakt i krigens skjebnesone (Pax, 2021) og Bokstaven R. Hundre landssviksaker fra Rinnan til Rød (Pax, 2023).

No har han gjeve seg i kast med ei sjangeroverskridande oppgåve. Han spør kva samtidslitteraturen har gjeve oss av innsikter når me freistar forstå vår nære omgjevnad og historia, især under okkupasjonen.

Ja, meir enn det: Sæveraas tek eigenleg for seg eit filosofisk erkjenningsproblem. Denne meldaren minnest eit av verka til Arne Næss: Hvilken verden er den virkelige? Gir filosofi og kultur svar? (Universitetsforlaget, 1982).

Krigen kjem att

Teksten til Sæveraas er eit bidrag til vår forståing av dei mange dilemmaa som melde seg under okkupasjonen – for kvar einskild, for gruppa og for landet.

Dette er ikkje små spørsmål, og svara til Sæveraas er nådelause. Det er ikkje mykje å henta hos forfattarane, korkje litterært eller når det gjeld sanninga. Samla meiner han at skjønnlitteraturen om krigen er «ei historie om bortkastede muligheter og sløsing med talent». Og han synest tendensen til å trivialisera og til dels unnskylda nazismen er ubehageleg og kunnskapslaus. Korleis kjem Sæveraas fram til denne domen?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement