Bok

No kjem tekoligarkane

Den uheilage alliansen mellom gigantmedia, korrupte politikarar og pengemakt har lenge vore den neste frontlina i forsvaret av demokratiet.

Den italiensk-sveitsiske forfattaren og statsvitaren Giuliano da Empoli (f. 1973) bur no i Frankrike.
Publisert

Dei var der alle då Donald Trump vart sett inn som president for snart eit år sidan, Elon Musk, Mark Zuckerberg, Jeff Bezos. Trump var deira mann. No skulle dei siste restriksjonane på internettet bort, alt sveipt i det nye lingoet: ytringsfridom. Pengar er ytringsfridom.

Her ser vi eit mønster: Når J.D. Vance går til åtak på Europa og stør Alternativ for Tyskland (AfD), så er det nettopp i ytringsfridomens namn. Igjen eit gamalt trekk: Autoritære rørsler ikler seg gjerne demokratiets språk og ser seg sjølv som ei «djupare» og meir «eigenleg direkte» form for folkestyre. Vi har høyrt det før, i mellomkrigstida.

Viser vegen

Eg skriv denne meldinga medan den australske statsministeren Anthony Albanese kunngjer forbod mot sosiale medium for ungdom under 16 år. Endeleg litt kraft i motmaktene! Her går Australia føre. Som redaktør Svein Gjerdåker sa det i ein leiar nyleg: «For ein vilje til å gjera noko som verkeleg monnar!»

To verdssyn står no mot kvarandre: mediemakta utan gelender i spann med korrupte politikarar (Trump især) mot demokratiet. Det er her den store kampen kjem til å stå framover. For Trump er alle menneskelege transaksjonar i botnen økonomiske.

Den italienske statsvitaren og professoren ved Sciences Po i Paris Giuliano da Empoli, med fartstid som rådgjevar for statsminister Matteo Renzi, er ein veltalande rettleiar i dette villniset. Han har sett mediemakta på nært hald. Og han minnest landsmannen frå Firenze, Cesare Borgia, renessansefyrsten som inspirerte Machiavellis Fyrsten.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement